Category Archives: etnofolkloristisk arkiv

Æventyr fortalde av M.J. Mathiassen Skou

Av Angun Sønnesyn Olsen

(Overskriftsbilde: EFA Hannaas 50. Foto: Silje Teigland Røstøen)

Å gje tilgang til tradisjonsarkiva gjennom ein felles digital plattform vil gjere det mogleg å søke på tvers av arkiva, noko som opnar opp for nye måtar å sjå materialet. Det opnar også opp for, og gjer det enklare, å sjå samanhengar mellom arkiva og aktørane som har bidratt til innsamling og forsking. Nokre personar dukkar opp fleire plassar i materialet; nokre kjelder har fått besøk av fleire samlarar og nokre aktørar har vore aktive på fleire område. Me har tidlegare skrive om Arne Garborg si bekymring for arbeidsmengda til Moltke Moe og ynskje om ei foreining «til Moltke Moes Beskyttelse». Arne Garborg var også mykje i kontakt med Hannaas på Folkeminnesamlinga ved Bergens Museum, ikkje minst om bidrag til Norsk Årbok som Hannaas styrde frå 1921. Men, Garborg dukkar også opp som samlar.

Då eg leita etter informasjon om ein av eventyrforteljarane Hannaas møtte på Stord i 1912, viste det seg at Arne Garborg også hadde skrive ned eventyr frå same kjelde, om lag 50 år tidlegare. Denne kjelda, Martin Johan Mathiassen Skou (1849-1919), var av romanislekt, og kom frå ein av familiane som vart tilbydt Eilert Sundts program for å få eit bufast liv. Skou skreiv sjølv om dette i biografien «På Fantestien» frå 1893. Han vart som ung gut sendt til fostring på Jæren. Der gjennomførte han skulen og konfirmasjonen med gode skussmål, og fekk hjelp til å gå vidare på lærarskule på Time i 1866. Han fekk rom på loftet i klokkarbustaden og budde der saman med Arne Garborg (Totland 2011).

Garborg og Skou kjende kvarandre frå før, men det var kanskje her Garborg vart kjend med eventyrforteljaren Skou. Ved lærarskulen var det fleire kulturelt interesserte ungdomar, og saman skipa dei både diskusjonslag, lærarlag og laga og redigerte handskrivne blad. Folkeminne var blant interessefelta, og Garborg skreiv blant anna ein artikkel om dei norske folkeeventyra. Her viste han at han fylgde med på dei då rådande teoriane om eventyra, og at han var godt oppdatert på arbeidet til Asbjørnsen og Moe (Kvideland 1968).

I 1867, etter å ha høyrd at P. Chr. Asbjørnsen var ute etter eventyr frå Jæren, sende Arne Garborg han åtte eventyr etter Martin Johan Mathiassen Skou. Garborg noterte at eventyra nok ikkje kom frå Jæren, men at dei var fortalt i den lokale forteljarstilen. Han syns sjølv det var ein del forvirring i forteljingane: «snart synes de sammenrørte i hinanden, snart opspædde med Sager frå andre Kilder» (NFS Garborg 1, s. 89). Derfor hadde han prøvd å redigere dei både i innhald, form og språk (Kvideland 1968). Som honorar for eventyra uttrykte Garborg i brev til Asbjørnsen at han håpa å motta «ti-tyve Daler» (NFS Garborg 1, brev datert 28.10.1867). Asbjørnsen sendte han 5 spesidaler, som oppmuntring til «at samle mere, endskjønt lidet er brugeligt» (NFS Garborg 1). Garborg sendte ikkje fleire eventyr til Asbjørnsen. Sjølv om Garborg hadde redigert eventyra slik han trudde Asbjørnsen ville ha dei, så var ikkje Asbjørnsen fornøgd. Garborg hadde nytta «den sædvanlige Skolemestermanér» noterte han (Liestøl 1921:7).

(Brev frå Garborg til Asbjørnsen, NFS Garborg 1)
(NFS Garborg 1)

Martin Johan Mathiassen Skou jobba ei tid som lærar etter at han var ferdig på lærarseminaret i Time, men tok seinare til å reise rundt att. I 1912 var han på Stord, og der møtte han Torleiv Hannaas som då var lærar på lærarskulen der. Hannaas skreiv ned to eventyr frå Skou og la ved ei liste med titlar på 6 til, med notat om at Garborg tidlegare hadde skrive ned desse. Han noterte at Skou hadde desse eventyra frå far sin, Matthias Halvorsen. Dei to eventyra er bevart i to skrivebøker, med arkivreferanse EFA Hannaas 50 i Etno-folkloristisk arkiv, UiB. I notatboka til Hannaas er der, i tillegg til eventyra, nokre biografiske notatar om Skou. Her har Hannaas notert at det var grunna kjærleiken til jente frå same bakgrunn at han gav opp lærarjobben og byrja å reise att. Ein finn også eit notat om då Skou var med Garborg på friarferd.

(EFA Hannaas 50. Foto: Silje Teigland Røstøen)
(EFA Hannaas 50. Foto: Silje Teigland Røstøen)

Det er 46 år mellom oppskriftene til Garborg og Hannaas. Ei samanlikning av dei viser både forskjell i samlar sin innsamlingsmetode, og at Skou truleg hadde utvikla forteljarevna si i frå han som 17-18-åring fortalde dei til Garborg til han som 63-åring traff Hannaas på Stord (Kvideland 1968). Hannaas var opptatt av målet, og skreiv ned eventyret nær talemåten forteljaren formidla i si framføring. Han noterte at Skou fortalde på jærmål, men at det også var innblanda dansk (EFA Hannaas 50 I, s.1). Garborg sine oppskrifter vitnar om ei anna tid for det norske skriftspråket og eit anna syn på korleis ein skreiv ned folkeminne. Han, som sidan var aktiv målmann, skreiv eventyra på dansk og forma dei slik han trudde Asbjørnsen ville ha dei (Totland 2011).

I historia om eventyra etter Martin Johan Mathiassen Skou kan ein fylgje dei forskjellige perspektiva samlarar og folkloristar har hatt opp igjennom tida. Frå Garborg si oppfatning av at han måtte reinske vekk ting, Asbjørnsen si oppfatninga av at forma var rotete, at det var ei blanding av forskjellige eventyr og at eventyra ikkje norske nok, Moltke Moe si forundring over dei asiatiske og europeiske førestillingane han såg spor av i eventyra, og korleis dette gav meir meining for han då han fekk høyre at forteljaren kom frå romanislekt (NFS Garborg 1), til Knut Liestøl si oppfatninga av Martin Johan Skou som ein forteljar som ikkje var stød, og gav eit personleg preg på eventyra som var i det meste laget for folkloristen (Liestøl 1921). Folkloristen Reimund Kvideland, som såg på materialet om lag 45 år etter Liestøl, og som var del av eit forskingsmiljø som retta seg meir mot framføring og formidling, var meir opptatt av det nyskapande og det individuelle. Og vidare, korleis ein god forteljar kan sette eit personleg preg på forteljinga, sjølv om han held seg innan rammene tradisjonen og miljøet set. Han såg på Skou som ein av dei mest særmerkte eventyrforteljarane (Kvideland 1968).

Kvideland skreiv: «Ei nøyare samanlikning mellom desse oppskriftene kunne truleg føra til interessante resultat» (Kvideland 1968: 50). Det finst fleire slike tilfelle i samlingane som ventar på å bli forska på. Slike undersøkingar kan bli lettare å gjera når materialet blir tilgjengeleg gjennom SAMLA.no, og ein ved eit enkelt søk får opp materialet samla frå same kjelde side om side.

Kjelder og vidare lesing:

EFA Hannaas 50, UiB.

NFS Garborg 1, UiO.

Kvideland, Reimund. 1968. «Arne Garborgs Eventyroppskrifter- ei vurdering av samlar, forteljar og utgjevar» i Ætt og heim: lokalhistorisk årbok for Rogaland. s. 41-55.

Liestøl, Knut. 1921. «Eventyr / samlede og fortalte af Arne Garborg ; med innleiding av Knut Liestøl og merknader av Reidar Th. Christiansen» Særtrykk av: Syn og segn, 27. Det Norske Samlaget.

Skou, Martin J. Mathiassen. 1893. Paa Fantestien: Oplevelser og Erindringer fra Omstreiferlivet. Kristiania, B.T Mallings Boghandels Forlag.

Totland, Marit Elisabet. 2011. «Gamalt eventyr fram i dagen- takka vera gode arkiv» i Ætt og heim: lokalhistorisk årbok for Rogaland. s. 91- 106.

Totland, Marit Elisabet. 2014. Garborg og Skou – forskjell på folk? Commentum forlag.

Gamle arkivbokser der det står Folkeminne på

SAMLA: Åndsverk eller kollektive uttrykk?

Av Hans-Jakob Ågotnes og Line Grønstad

Åndsverklova bestemmer at skaparen av åndsverk har opphavsrett til verket. Kjernematerialet i Norsk Folkeminnesamling og dels i Etno-folkloristisk arkiv består av det som på 1800- og første del av 1900-talet vart oppfatta som sentrale delar av folkekulturen. Kven har skapa innhaldet i samlingane som vi digitaliserer i SAMLA, og korleis kan vi tenke om opphav og rettigheiter? Dette blogginnlegget er basert på utdrag frå arbeidet med ein etisk manual for prosjektet, og her gjer vi greie for korleis vi ser på innhaldet i samlingane.

SAMLA inneheld mellom anna materiale etter sentrale samlarar som Asbjørnsen og Moe, Moltke Moe, Sophus Bugge og Torleiv Hannaas, som ofte stammar frå samlarferder der samlarane har oppsøkt informantar eller meddelarar og skrive ned forteljingane dei fortalde eller song. Segner, eventyr og balladar har sidan blitt klassiske folkeminnesjangrar.

Eit viktig spørsmål for SAMLA er om noko av materialet som prosjektet vil offentleggjera kan oppfattast som åndsverk, dvs. “litterære eller kunstneriske verk av enhver art, som er uttrykk for original og individuell skapende innsats”, som f.eks. tekstar av alle slag (§ 2). I så fall vil offentleggjering kreva samtykke frå den som har opphavsretten. Lova bestemmer også at opphavspersonen (“opphavaren”) har rett til å bli namngitt ved offentleggjering, og at måten verket blir offentleggjort på eller samanhengen det skjer i ikkje skal verka krenkande for opphavaren eller verket (§ 5).

Forteljingane Asbjørnsen, far og son Moe, Bugge, Hannaas og dei andre samla, vart framført av enkeltindivid og var del av individuelle repertoar, men vart oppfatta som kollektive produkt, som uttrykk for folkets felles kulturproduksjon: Gjennom munnleg tradering var uttrykket forma av kollektivets smak og verdiar. Meddelaren var derfor oppfatta som overbringar, ikkje diktar, sjølv om samlarane skilde mellom gode og mindre gode forteljarar og kunne verdsetja dei kunstnarlege evnene som prega framføringa.

Materialet var ut frå denne tankegangen folkeminne, anonyme verk som ikkje hadde individuelle forfattarar. Innhaldet i innsamlingane kan sjåast som kollektive uttrykk og deling av repertoara kan sjåast, med ein moderne terminologi, som frivillig kulturvern. Intensjonen med innsamlinga var derfor å samla og verna vitnemål om folkets kultur, ein kollektivt skapt, felles eigedom som høyrte til nasjonen.

Folkeminneforskarane oppfatta folkedikting (som eventyr, segner osb.) som noko anna enn litteratur (kunstdikting). Slik blei det nok også oppfatta av informantane. At meddelarar også i vår tid opplever at bidraga til tradisjonsarkiva er verdifulle og viktige for samtid og framtid, forsking og dokumentasjon er mellom anna tydeleg i ei undersøking NEG gjorde blant sine meddelarar i 2014 («Hvorfor skriver du for Norsk etnologisk gransking?»). Også samlarane har sett det som si oppgåve å bidra til innsamlinga av ein kollektiv kulturell arv.

Denne typen materiale har derfor ikkje blitt sett som åndsverk som informanten skal ha opphavsrett til. Dette perspektivet ligg også under skiljet mellom kunstdikting (skjønnlitteratur) og folkedikting, som inneber at materialet ikkje er ‘verk’ i åndsverklovas forstand. Den same forståinga er framleis rådande: jf. definisjonen av folkeminne i Nynorskordboka: “åndeleg kultur nedarva i breie lag av folket (til dømes folkedikting, folketru, skikkar)”. Den ligg også under institusjonane sin eksisterande praksis ved publisering, f.eks. utgivinga av Norsk Folkeminnelags skrifter. Ut frå dette resonnementet vil SAMLA sjå på folkeminnemateriale som i prinsippet eigna for open publisering (sjølv om det også kan vera delar av denne typen som må vurderast annleis).

Ikkje alt er folkeminne

Det er likevel ikkje alt materiale i samlingane som kan karakteriserast som folkeminne. Det kan også  finnast dokument i samlingane som kan oppfattast som åndsverk. Dersom intensjonen ved avleveringa har vore at den som avleverte materialet har opphavsrett til det, vil offentleggjering kreva samtykke, så lenge opphavsretten ikkje har falle bort (den går ut 70 år etter utløpet av opphavspersonens dødsår, jf. Åndsverklova § 11). Åndsverkslova §49 tilseier likevel at museum, bibliotek, arkiv og utdanningsinstitusjonar kan gjere åndsverk tilgjengelege for forsking eller særskilte føremål, jamfør Forskrift til åndsverkslova.

Etter at arkivinstitusjonane var grunnlagt (NFS i 1914 og EFA i 1921) har mange andre samlarar, ofte lokalt baserte, levert materiale til samlingane. Seinare har nye materialtypar kome til. Døme på dette er vitsar, vandresegner og julenissebrev. I slike samlingar kan det førekoma omtale av namngjevne personar som gjer det nødvendig å vurdera om materialet kan offentleggjerast.

Vi har også organiserte innsamlingsaksjonar, f.eks. frå skuleborn på 1970-talet, der innhaldet til liks med folkeminne har karakter av å mangle opphavsperson, sidan det blir fortalt og gjenfortalt på ny og på ny for stadig nye publikum. I slike tilfelle bør personopplysningar normalt fjernast eller samtykke hentast inn.

Minnemateriale i form av NEG sine spørjelister og livsforteljingar, og minneoppgåvene frå UiO skiljer seg frå folkeminnematerialet ved at det er enkeltpersonar som fortel om sine eigne liv og om indirekte berørte personar. Spørjelistene kan også innehalda enkeltmeddelarane sine livserfaringar og verdibaserte oppfatningar som kan vera problematisk å publisera, særleg om dei omhandlar sensitive spørsmål.

I svar på nyare spørjelister (1970-talet og framover) har meddelarane i større grad enn tidlegare delt eigne erfaringar og opplevingar. Tidlegare svara dei gjerne på spørsmål om korleis fenomenet har vore ein del av livet i bygda eller området som meddelaren melde frå. Dette materialet er samla inn med intensjon om dokumentasjon av samtid og praksisar, ikkje med intensjon om skaping av “litterære eller kunstneriske verk av enhver art, som er uttrykk for original og individuell skapende innsats” (Åndsverkslova § 2).

Det er altså ikkje åndsverk. Til gjengjeld kan det innehalde informasjon som gjer personvernlova og NESH sine forskingsetiske retningslinjer for deltaking i forsking og informert samtykke aktuelle. Praksis har vore å halde tilbake slikt materiale ved å nytte Forvaltingslova sin paragraf om teieplikt i 60 år, eller unnataksvis i opp til 100 år.

Materialet som kan skildrast som minnemateriale kan ut frå dette delast i to – det som er eldre enn 60 år og det som er yngre enn 60 år. Det eldre kan i utgangspunktet leggast ut fritt. For det som er yngre må det vurderast om det ut frå innhaldet bør haldast tilbake, bl.a. av personvernomsyn. Ei vurdering av innhaldet ut frå etiske omsyn kan også vera nødvendig for det eldre materialet. Det kan vere skildringar, namn, eller andre former for opplysningar som ikkje bør gjerast fritt tilgjengeleg. Vidare kan yngre materiale ha innhald som gjer det eigna for offentleggjering, og der det er mogleg å tilfredsstille personvernlova sine krav om vern av personleg informasjon. Motivasjon og føremål med innsending av materiale til arkivet speler også inn, jf. punktet om åndsverk eller kollektive uttrykk.

Oppsummert vil SAMLA-prosjektet som generell regel handsama folkeminna som materiale der opphavsrett ikkje er relevant. Her er heller ikkje personvern eit generelt problem, men det kan finnast unntak. Når det gjeld andre materialtypar kan det vera aktuelt å skjerma delar mot generelt innsyn, eller ikkje publisera opplysningar om opphavspersonar. For spørjelister og minnemateriale kan det setjast ei grense ved kor gammalt materialet er i tråd med reglar om teieplikt, men også her inngår ei vurdering av innhaldet.

Vurderingar av kva som kan gjerast fritt tilgjengeleg og av kva som berre kan vere tilgjengeleg for forsking, kan endre seg med tid og bruk. Vi tar gjerne i mot innspel, og etikkmanualen som dette er utdrag frå, blir revidert gjennom prosjektet slik at han best høver med samlingane og med dei etiske vurderingane som vi står i.

Linjert ark med håndskrift

Ellingar

Av Line Grønstad

– Mamma, hva er en elling? spurte sjuåringen for ei stund sidan.
– Vi skal ta med en elling på skolen i morgon.
Då skulle eg ønske eg visste om samlinga med ellingar i Etno-folkloristisk arkiv. Det er ingenting gale med Elle melle deg fortelje (i alle sine variantar) for å velje ut kven som skal stå eller «ha han» i leiken, men det finst så mange fleire.

Innsamling av ellingar

I Etnofolkloristisk arkiv finst det ei mappe som heiter «EFA Ellinger 1973». Barn og enkelte av den eldste garden sendt inn ellingar til tidsskriftet Vårt Blad dette året, etter oppmoding i bladet si faste spalte Barnehjørnet. Dei spurte etter ellingar, som dei så trykte eit utval av utover året. Dei innsendte ellingane vart gitt vidare til EFA, på oppmoding frå arkivet.

Eit lite utval

Til neste gong nokon treng ellingar til lekse, eller til å velje kven som skal stå – her er forslag.

Ennikke, tvennikke 17 mai.
Åben dåben dommen dei.
Figen fågen bondeknågen.
Aurom, baurom boff.
(Ragnhild, 13 år frå Rindal)

Anne ville drikke te
men så fikk hun ikkje skje
det var stygt av mamma det
1. 2. 3.
(Anne-Grete, 10 år frå Kirkenes)

Eppel peppel pirom parom
kråka satt på lirom larom
ho sa en ho sa to
ute skal du være no.
(«Fast kunde», som var barn på 1920-talet)


Nokre av ellingane vart tilpassa frå gang til gang. Her er nokre døme:

Ei karamelle
spratt ut av fjellet
og spurde kor mykje klokka var
(klokka var to)
«t – o»
du er ute
(Eva, frå Sogn)

Jeg gikk meg ut på Holmens bro, så hørte jeg
en klokke slo. Hvor mange slag slo den da
1 2 3 4 5 o.s.v.
(Greta, frå Ålesund)

Donald Duck gikk til byen.
Kva hadde Donald Duck i kurven sin da han gikk til byen?
– Den som svarer må gi et svar på forbokstaven sin. Feks. Marit så kan vi si marsipan.
(Ann-Mari, frå Budalen)

I andre versjonar er det koner og andre personar som har noko i korga si. Det er kanskje ikkje ei urimeleg gjetting å tenke at Donald var eit nyare tilskot til denne ellinga.

Nokre av ellingane vart sendt inn av fleire. Ein av desse er denne:

Ellingen vellingen
Vatlans gutten slo til
kjærringa midt på truten
det skal du ha ditt
stygge troll for det du
ikke kan telle til tolv
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12
(denne versjonen er frå Morten frå Brumunddal)

Nokre av dei andre er desse:

En gul knapp,
gikk opp en trapp,
virri virri vapp
du slapp.
(Nora, frå Samuelsberg)

Ole, Dole, Doff kinkliane koff.
Koff-li-ane birke-bane
Ole, Dole, Doff.
(her sendt inn frå Knut Ivar, 6 år frå Jevnaker)

Som mange av ellingane kan dei skilje seg litt frå kvarandre. I alle fall sendte Rita frå Ballangen inn denne varianten:

Ole, dole, doff.
Kynkeli, hane, koff.
Koffeli hane bisken
bane. Ole, dole, doff.

Samiske døme

Johan Eivind frå Kautokeino sendte inn ein elling på samisk:

Anan danan dappa seia,
færga lætta ginna garka,
barka snårri

Som i fleire av dei andre ellingane inkluderer denne også både ord som ikkje ser ut til å bety noko og ord som betyr noko. Johan Eivind sin elling er brukt i det nordsamiske området, og det finst ei rekke lokale variantar, slik det også er med dei andre ellingane.

Folkloristen Káren Elle Gaup har delt fleire variantar av denne ellinga med meg, og komme med forslag til kva ein del av orda kan komme frå. Den fyrste av variantane er også frå Kautokeino. Ellinga til Johan Eivind og versjonen frå Káren Elle Gaup illustrerer korleis mindre ulikskapar kan finne stad når munnleg skikk blir delt og skriven ned til ulike tider og av ulike personar:

Ánen dánen doppá seia
fearga leahtta ginna gálka
bolka snorri.

Fra Øvre Tanadalen, Finnmark, blir ellinga uttala slik:  

Ánen dánen dáhppa sii.
Uvlon duvlon hearga so.
Viiva leahtta vealva ko.
Sálte sivrra gála ginna
bonna šnjor!

Frå Karasjok, Finnmark, finst denne versjonen:

Ánin, dánin dáhppán siun
ulun dulun heargi loahppa
ginná galka borta snorra

Ordet «siun/sii/seia» kan ha samanheng med ordet «Sion», eit omgrep gjerne nytta på Jerusalem og områda rundt i visse kristne kontekstar. Kjørerein er det norske ordet for «heargi/hearga», og «loahppa» betyr avslutning. Også fleire av dei andre orda kan ha samband med ord som er meiningsberande også i seinare tid, som har med natur, rørsle og reinsdyr å gjere.

Krakken

Eg avsluttar med eit siste døme som Rønnaug 9 år frå Vikhamar har sendt inn, med tittelen Krakken:

Elle melle makken,
gutten satt på krakken.
Elle melle må,
nå må gutten gå.

Gutten kommer tilbake:

Elle melle makken.
har du sett krakken?
Elle melle mo,
der er den jo.

Så då veit vi alle kven som har han denne gong!

Vil du lese meir?

Dette er ikkje ei fullstendig oversikt. Send oss gjerne tips om du kjenner til noko.

Jakob E. Ågotnes skreiv i 1968 ei hovudfagsoppgåva Norske barnerim: Ein strukturell analyse.

Bengt af Klintberg sin artikkel Ellingen Vellingen Vatlandsguten. Om barns munnlege poesi handlar om folkloristisk forståing av barnetradisjon og overføring og bruk av regler og tilsvarande. Her er det også ei fin oversikt over litteratur. Artikkelen finst hos Birkeland og Risa Barnekultur (1990)

Etnologen Åse Enerstvedt har samla nokre ellingar i si bok om leik i Oslo, Kongen over gata. Du finn ellingane og litt om korleis ellingane vart brukt på side 80 og utover.

Thor G. Norås har også inkludert nokre meir generelle betraktningar i boka si Barnet i liv og lek. Barnekultur i en brytningstid (1976). Ellingar og liknande står det om frå side 62. Norås tok i hovudsak utgangspunkt i Stavanger i sitt arbeid.

Helge Børseth si bok Ole Dole Doff, under den blå paraply og andre rim og regler (1968) inneheld ei stor samling med ellingar. Det gjer også boka hans Elle melle deg fortelje rim regler (1975).

Utgjevnadar av barnerim meir generelt, finn du mellom anna i Sonja Hagemann si bok: Elling Holst. Norske barnerims plass i den fellesnordiske tradisjon. (1969).

I 1984 kom boka Norske barnerim og reglar av Bodil Cappelen. Ho samla og illustrerte rim og reglar særleg frå Bernt Støylen, som samla inn på 1890-talet.

Bernt Støylen har sjølv gjeve ut noko om rim for barn: Støylen, Bernt. «Barnerim.» Forældre Og Børn, 1902, 82-88, og boka hans om barnerim og leikar frå 1899 vart gjeve ut på ny ei rekke tiår seinare, denne gongen i to omgangar. Lenka går til utgåva om barnerim.

Enno meir omfattande er Magnhild Lauvdal si samling med same namn, Norske barnerim og regler utgjeven i 2001. Materialet ho nytta vart samla inn mellom andre av M.B. Landstad og Richard Berge. Her er ei rad med ellingar frå side 88 og utover.

Nokre regler frå Saltdal finst i Ragnvald Mo si samling Eventyr og Segner. Barnerim, ordtak og gåter. Folkeminne frå Salten II (1944). Fleire av utgjevnadane med utgangspunkt i geografiske samlingar av eventyr og andre kulturuttrykk til Norsk Folkeminnelag inkluderte barnevers.

Svart-hvittbilde av tre menn

Folkeminneskeidet i Bergen 12.-17. august 1918

Av Angun Sønnesyn Olsen

«Fraa Folkeminne-skeidet i Bergen 1918» står det på ei av dei mange notatbøkene med forelesningsnotatar i Hannaas-samlinga. Då me pakka om og registrerte dette materialet i 2021 vart eg spesielt nysgjerrig på denne boka. Kva var dette Folkeminneskeidet? Kven arrangerte det og kven vart det arrangert for? Eit søk i aviser frå tidsrommet 1916-1920 på www.nb.no gav mange ledetrådar, men framleis er det fleire å nøste opp i. Her vil eg gje eit lite innblikk i kva kjeldene fortel.

Sjølve namnet Folkeminneskeid vart fastsett fyrst under arrangementet i Bergen. I månadane før blir det omtala i avisene som både bygdehistoriekurs, lokalhistoriekurs, folkeminnekurs og sogekurs. At det ofte er omtala som lokal- eller bygdehistorisk kurs er ikkje tilfeldig. Mannen som tok initiativ til  denne samlinga var Just Bing, litteraturhistorikar og statsarkivar i Bergen frå 1903 til 1930. Han jobba for å gjere arkivet i Bergen til eit senter for lokalhistorisk forsking på Vestlandet, og starta i 1916 Vestlandske Historielags Fællesforening.

Den lokalhistoriske aktiviteten vaks raskt fram på byrjinga av 1900-talet, og dei fyrste lokallaga vart skipa fleire stader (Hundstad 2020). Vestlandet stod spesielt sterkt i denne bevegelsen. I 1915 høyrde 12 av dei 14 registrerte bygdebaserte historielaga til på vestlandet, 13 om ein også reknar med Agder (Hosar 2009). Då var det kanskje ikkje så overraskande at det var nettopp i vestlandets hovudstad det fyrste skeidet av sitt slag vart arrangert?

Eit av foredraga som vart haldt på skeidet, og som truleg har fått mest merksemd i ettertid, er Edvard Bull si «Inledning til bygdehistorisk studium», utgitt av Vestlandske Historielags Fællesforening i 1919, og på nytt i Kristiania i 1924.  Likevel, notatboka til Hannaas (EFA Hannaas 159 NOR) vitnar om at det også var store namn innan folkeminneforskinga som føreleste i Bergen desse dagane. Her finn me notatar frå forelesningar med Knut Liestøl («Utsyn yver folkeminni», «Grunntanken i folkeminni», «Innleiing» og «Visor») Reidar Th. Christiansen («Eventyr» og «Trolldom») , Magnus Olsen (fleire førelesningar om stadnamn), og den svenske folkloristen Carl von Sydow («Jul», «Seder og bruk» og «Folkemedicin»). 

Bakerst i notatboka etter Hannaas finn ein nokre lause lappar. Bakpå ei kvittering for «dyrtidstillæg» Hannaas fekk i fyrste kvartal av 1918, finn me noko som ser ut som notatar om segner, og som kan høyre saman med noko av det Hannaas sjølv forelas om. Han heldt to forelesningar under folkeminneskeidet. Den eine var om segner frå Vestlandet, og manuskriptet finst i Hannaas-samlinga med arkivreferansen EFA Hannaas 193j NOR. Den andre forelesninga var om gåter. Denne forelesninga finst der ikkje notatar frå i samlinga, men ho er omtalt i ei avisnotis om skeidet.

Skeidet vart arrangert frå 12.-17. august. Foredraga, 29 i talet fordelt på 12 foredragshaldarar, vart halde på Bergens Museum. Desse 12 foredragshaldarane var, i tillegg til dei seks omtala ovanfor, med titlar Prof. Haakon Schetelig, Sogneprest Olaf Olafsen, Godseigar G.F: Heiberg, Overlærar Kristian Bugge, Dr. K. Østberg og lærar J. Aaland.

I løpet av veka kom mellom 150-200 deltakarar innom. Dei fleste var lærarar frå, eller busett på, Vestlandet, og fleire hadde fått stipend frå sine lokalhistorielag for å delta på kurset. Fleire av deltakarane har også vore bidragsytarar til Bergens Museums folkeminnesamling og Norsk Folkeminnesamling. Det vart arrangert overnatting for dei tilreisande på Lungegaarden skole.

Avisnotisar om skeidet i månadane før august 1918 vitnar om at også Knut Liestøl var med i styret for skeidet. Sjølv skreiv han eit innlegg om «Folkeminneskeid» i  Den 17. Mai , 26. juni 1919, i forbindelse med arrangeringa av dei to påfølgjande skeida i Kristiansand og på Hamar i 1919. «Det er skipa slik at kvart skeid tek serleg umsyn til den landsluten der det vert halde» skriv han, og at talet på deltakarar ved skeidet i Bergen «viser at folk kjende trong til aa faa den rettleiding eit sovore skeid kann gjeva». Desse skeida var altså arrangert for å lære opp entusiastiske bygdesogegranskarar og folkeminnesamlarar rundt om i landet, noko som, i fylgje ei notis om oppmoding til å melde seg på skeidet i avisa Nordfjord, 05. juli 1918, var nødvendig fordi ikkje alle bygdesogeverka som hadde kome ut var «so gode som ein kunde venta». Mange av dei som byrja med denne granskinga og samlinga «hev ikkje altid det skyn og den tone som skal til» står det.

Liestøl (1919) skriv at bygdesoge og folkeminne «heng so i hop at det høver best aa taka dei under eitt paa same skeidet». Folkeminna er ein del av bygdesoga, skriv han, og bygdesogegranskarar må ha noko greie på folkeminna for å gjera best mogeleg arbeid. Men folkeminnegranskinga er også ei sjølvstendig vitskapsgrein, som strekker seg frå det lokale til det nasjonale, fortset han. Målet var at begge desse greine skulle vera likestilte på skeida, slik at interessene til alle deltakarar vart ivaretatt. Dette er kanskje ein kommentar til kritikken som kom etter skeidet i Bergen.  Sjølv om dei fleste avisnotisane vitnar om fornøgde og inspirerte deltakarar, vart kurset også kritisert fordi det la for lite vekt på det historiske og for mykje vekt på folkeminne og tradisjonsinnsamling (Hosar 2009).

Tanken bak eit slikt kurs med rettleiing om innsamling, både av bygdesoge og av folkeminne, heng saman med at dette vart sett på som eit viktig element i norsk nasjonalkultur. Utforsking og innsamling av lokal folkekultur var gjennom 1800-talet blitt ein del av det politiske og kulturpolitiske arbeidet med å framheve av norsk kultur og bygge nasjonal identitet (Eriksen & Rogan 2013:11). Dette er også ofte skildra som eit redningsarbeid. Liestøl (1919) skriv om motivasjonen bak skeidet: «Det gjeld um aa berga det som enno kann bergast av tradisjonar um gamal norsk folkekultur: soge og segn, dikting og tru, sed og skikk, arbeidsmaatar og livevis, o.s.b.  (…) Skal alt bergast maa me hava folk fraa alle landsens bygder til aa samla. Og me maa hava folk som kann skipa og granska tilfanget, so ein kann faa bygdesogor og folkeminnebøker».

At skeidet inspirerte deltakarane er skildra i Martin Eide, lærar i Hosanger, si helsing, prenta i Bergens Tidene 21. august 1918.

Folkeminneskeidet i Bjørgvin. Ei takk og ei helsing.

Me samlast her i Bjørgvins gamle stad
Ein flokk av kunnskapstyrste pedagogar,
Og gjæve bønder benkjast rad paa rad
So bar det inn i forne kjempe-skogar,
Og nerd vart elden som i barmen logar.

Me drakk av Mimers brunn idagar seks
Og glytta inn til forne farne tider.
No brydder straa og bjarte blomar veks
I sol og dogg i sumargrøne lider,
Og blomen mognar seg til frukt umsider.

No fer me heim til arven kvar hjaa seg
Med større syn paa folket, bygdi landet.
Dei bjarte blink fraa skeidet viser veg
Til liv og lagnad i dei tider vande.
So yrkjer me og fester ættarbandi.

Bjørgvin, 17de aug. 1918.
Martin Eide.

Kjelder:

EFA Hannaas 159 Nor

Eide, Martin. 1918. « Folkeminneskeidet i Bjørgvin. Ei takk og ei helsing” i Bergens Tidende, onsdag 21. august, 1918

Eriksen, Anne & Bjarne Rogan (red). 2013. Etnologi og folkloristikk. En fagkritisk biografi om norsk kulturhistorie. Novus forlag.

Hosar, Hans P. 2009. «Vitale hundreåringar på Vestlandet» i Lokalhistorisk magasin: meldingsblad for Landslaget for lokalhistorie og Landslaget for lokal- og privatarkiv. 2009 Vol. 20 Nr. 2, s.32-34.

Hundstad, Dag. 2020. «Lokale Historier». Tidsskrift for Kulturforskning, nr. 1 (august), s. 5-28.

Liestøl, Knut. 1919. «Folkeminneskeid» i  Den 17. Mai, 26. juni 1919

Barnekultursamlinga ved Etno-folkloristisk arkiv

Skriven av Line Grønstad

På 1970-talet samla studentar og tilsette etnologar og folkloristar ved Universitetet i Bergen inn store mengder barneleikar, vitsar, songar, regler og forteljingar frå barn.

«Utan dirigering frå vaksne»

Det var folkloristen Reimund Kvideland (1935-2006), som var primus motor for dette innsamlingsarbeidet. Han var universitetslektor ved UiB frå 1966, og saman med studentar og forskarar i folkloristikk og etnologi, samla han frå slutten av 1960-talet til byrjinga av 1980-talet, materiale om barns kultur.

Barnekultur vart forstått som “den delen av kulturen som barn sjølv skaper, organiserer, aktiviserer og forvaltar utan dirigering frå vaksne” (Kvideland 1983:110). Ved skildring av leikar, songar, nedteikningar av vitsar, gåter, rim og regler gjort av barna sjølve, kunne munnleg tradisjon, språk og haldningar blant barn dokumenterast. Interessa for samtidsdokumentasjon og inkludering av tidlegare mindre dokumenterte grupper i samfunnet, var hovudmotivasjon for innsamlingsarbeidet.

Innsamlingsarbeidet

Materialet består av notatar frå observasjon, intervjutranskripsjonar og opptak, og barn sine eigne oppteikningar av vitsar, gåter, forteljingar og leikar anten på munnleg oppmoding eller som del av spørjelister. Innsamlingane gjekk føre seg i klasserommet med og utan lærar, og i miljøet der ungane leika på fritida.

Arbeidsmåten var gjerne å ta kontakt med skular, og få tid i klasserommet utan lærar. Her fortalde studenten eller forskaren kva dei var på jakt etter, og kom med døme på leikar, vitsar, songar og tilsvarande. Elevane skreiv så ned sine favorittar og utval av eige repertoar. Desse handskriftene er ein del av materialet. Basert på desse vart 4-5 barn spurt om å delta i intervju der det vart gjort lydopptak medan dei fortalde om leiken og fortalde vitsar.

Andre gonger møtte studentane og tilsette ved EFA barna ute på leikeplassane og spurte om leikane dei leika der, kven dei lærte leikane av, og om vitsar og songar fortalt i miljø utan vaksne autoritetspersonar til stades. Vidare, vart det gjennomført innsamlingar der særleg skular og klasser vart oppmoda om å sende inn sine leikar og vitsar.

Barnekultursamlinga inneheld også uttrykk for barnekultur som vart produsert med andre føremål enn som dokumentasjon. Dette gjeld til dømes minnebøker, brev til julenissen og ei samling med konfirmasjonskort. Som med leikane og vitsane og songane, er noko av dette materialet spesifikt barnetradisjon, medan noko deler dei med vaksentradisjonen.

Hugsar du gåtene som forteljaren teikna? Ei rekke slike droodles finst i samlingane til EFA.

Kven samla inn, og kor samla dei frå?

Innsamlingane vart gjennomført av studentar og tilsette ved Nordisk institutt, og så ved Etno-folkloristisk institutt (EFI) då det vart skipa i 1972. Innsamlingane høyrde til ulike forskings- og dokumentasjonsprosjekt. I tillegg til Kvideland var særleg etnologen Åse Enerstvedt sentral. Vidare vart det gjennomført fleire innsamlingsaksjonar, der ulike sparebankar var involvert, som den nasjonale Bli med på leken-aksjonen til Sparebankene i 1979. I 1981 samarbeidde EFI med lokale sparebankar i prosjektet Bli med på spøken der vitsar og gåter blei samla inn frå Bergensområdet og Ørsta og Volda på Sunnmøre.

Innsamlingane er i stor grad gjennomført i Bergensområdet, med eit visst tilfang frå Stavanger, Sogn, Hardanger og Sunnmøre. Det finst også materiale som dekkjer heile landet, ikkje minst gjennom Bli med på leken, og frå store delar av verda i ei samling med julenissebrev. Det meste av materialet i Barnekultursamlinga er frå perioden innsamlinga vart gjort, men også eldre dokument vart samla inn, som til dømes minnebøker, der den eldste er frå 1847.

Barnekultur som folkekultur

Barns kultur kan sjåast som ein viktig del av folkekulturen. Det munnlege og den immaterielle kulturen mellom barn er viktig for å forstå leikens betydning for sosialisering og korleis barn taklar vanskelege tema. I samlingane ved EFA har det blitt lagt vekt på traderingsprosessar, nemleg korleis barns kulturelle repertoar og tilknytte førestillingar blir kommunisert.

På 1970-talet var barnekulturen ein sentral del av samtidsdokumentasjonen. Femti år seinare har samlingane fått ein stor kulturhistorisk verdi ved at dei dokumenterer barns praksisar i ein avgrensa periode før datateknologien endra barns måtar å leika på.  

Innhaldet i Barnekultursamlinga – «Bli med på …»

Barnekultursamlinga inneheld mange tusen forteljingar og vitsar og eit mangfald av leikar som dokumenterer barns leikande praksisar, forteljesjangrar og førestillingsverder. Ho er på om lag 33 000 sider, i tillegg til ei mengd med lydband, nokre foto og noko videoopptak.

Den største samlinga, med nesten halvparten av det fysiske materialet, er EFA Barnevitser (Bli med på spøken) (1981). Dei 582 mappene/konvoluttar inneheld 14391 sider. Kvar mappe/konvolutt kjem frå ein skule, og inneheld svar frå eitt eller fleire klassetrinn. Hovudvekta ligg på 4-6 klasse (altså storskulen), men ein god del kjem frå ungdomskulen, og nokre få kjem frå tredjeklasser. Skulane ligg i Bergensområdet og Sunnmøre, og innsamlinga vart gjort i samarbeid med lokale sparebankar.

Svært stor, med nesten ein tredjedel av den totale mengda, er EFA Bli med på leken (1979). Ho er resultat av innsamlingsaksjonen Bli med på leken gjennomført i samarbeid med Sparebankforeningen i Norge. Innsamlinga var retta mot barneskuleborn til og med 6. klasse, og dekte dermed heile barneskulen. Dei om lag 10 500 svara frå heile landet er organisert etter type leik: Blindebukk, spill, leikar med leiketøy, ballspel og balleikar, hyssingleik, gruppeleik, fangeleikselskapsleik, sangleik, paradis, hoppe tau, og hoppe strikk. Eit utval av desse er publisert i Barnas eget lekehefte (Enerstvedt & Kvideland 1980). Publisitet rundt innsamlinga finst i ei mappe kalla EFA Barnetradisjon med 10 avisutklipp samla gjennom Norske Argus.

Sparebankenes lekeaksjon i 1979. Slike hefter vart delt ut på skular over heile landet, og over 10 000 barn delte sine favorittleikar i ord og teikningar med etnologane og folkloristane i Bergen.

Innsamlingar gjort av studentar og forskarar

Ulike innsamlingar av barnetradisjonar gjennomført av studentar og andre, kan sjåast som ein tredje, viktig del av materialet:

EFA Barnetradisjon (1964). Barnetradisjonar samla inn av Borghild Foldøy på Bø skule, Raudaker på Jæren. Mappa inneheld 86 sider.

Dokumentasjon av barnetradisjonar frå skular i Bergensområdet og Jondal (1969). I alt 47 mapper høyrer til her. 22 konvoluttar inneheld transkribert intervjumateriale og utskrivne kartotekkort. Kvar konvolutt er organisert etter lydband, og dekker ein eller fleire skular/skuleklasser. Dette innsamlingsarbeidet er gjort av Magne Velure, som då var magistergradstudent og hadde dette som betalt oppdrag frå Kvideland. Utanom kartotekkorta inneheld desse konvoluttane anslagsvis 176 sider med transkribert materiale (frå tre til om lag femten sider i kvar konvolutt). 24 konvoluttar er merka med namn på skulen, klassetrinn og tal på elevar, og inneheld forteljingar, vitsar og leiker barna har skrive ned sjølv. I dei 24 konvoluttane er innhaldet etter 543 barn samla. I konvoluttane er det anslagsvis 1500 sider med vitsar, gåter, songar og forteljingar.

EFA Studentinnsamling (1969-1974). Denne mappa inneheld vitsar, leiker og gåter samla inn av studentar gjennom ymse studentprosjekt, og består av 205 sider.

EFA S Halmøy 1 og 2 (1970-1975). Mappene består av vitsar samla inn frå 6. klasse ved Bergensskulen Ny-Krohnborg skole. Materialet er samla i sju “arbeidsbøker for løsblader”. Tre arbeidsbøker inneheld vitsar frå 6. trinn mellom 1970 og 1975 (ca. 180 sider). Fire arbeidsbøker inneheld vitsar frå 5. trinn samla i 1972 og 1975 (ca. 88 sider). Totalt i dei to mappene er det om lag 268 sider.

EFA Barneskremme 1 (1972). Mappa inneheld forteljingar om kva barn vart skremt av, samla inn av Kvideland ved Kleppestø handelsskole, 9. trinn. Mappa inneheld om lag 75 sider.

EFA Barneskræmme 2 (om lag 1971 og 1976). Denne mappa inneheld også forteljingar om kva barn blir skremt av, og vart samla inn av Leif Ervik på eit gymnas i Sarpsborg, og av elevar på eit gymnas i Sarpsborg. Mappa inneheld 43 sider.

EFA Barnetradisjon (1972). Desse barnetradisjonane vart samla inn frå 5. klasse ved Christi Krybbe skoler i Bergen. Mappa inneheld 57 sider.

EFA Barnetradisjon (1972 om lag). Samlaren her er Kristian Andersen, som hadde desse frå danske skulebarn, sannsynlegvis frå femte klasse. Her er det 13 sider.

EFI Barnetradisjon (1972). Den eine av dei to mappene med dette namnet inneheld forteljingar om barnetradisjon der forteljarane viser til 1915 og 1920-talet, og til 1964. I tillegg inneheld ho innsamla arbeid frå studentar. Ho inneheld 14 sider. I den andre mappa er innhaldet det innsamla arbeidet til studentar, og rapportar basert på dette frå 1970-talet. Her finst også nokre foto som illustrerer innsamlingssituasjonen. Denne mappa inneheld 126 sider.

EFA Minna Arntzen 1-3 (1973). I Arntzen si undersøking samla ho inn såkalla groteske vitsar frå 8 klasse, 9. klasse og 1-3 gym i Bergen ved hjelp av spørjelister. Dei tre mappene inneheld 366 sider i alt.

“Barnetradisjon. Samlet inn i området omkring Repslagergaten, 18-29/6-73. Svein Schrøder Amundsen.” (1973). Denne mappa inneheld i tillegg transkripsjon og feltrapport frå Magne Velure, og inneheld 37 sider.

EFA Ellinger (1973). Samling med ellingar som bladet Vårt blad fekk tilsendt etter opprop. Innsendarane var for det meste barn, men også nokre godt vaksne delte ellingar frå barndommen sin dei fyrste to tiåra av 1900-talet. Mappa inneheld 54 sider.

EFA Thor G. Norås 1 (1974). Norås har samla inn barneleik frå ulike gatemiljø i Stavanger, og mappa inneheld 13 sider.

EFA Brekke, L.O. Barnetrad. (1978). Mappa inneheld 16 sider med vitsar samla inn frå Flatbygdi barne- og ungdomsskule frå Vik i Sogn.

EFA Barneleik (1982). Kvideland samla barneleikar frå Sotra V.G. Skole. Mappa inneheld 23 sider.

Materiale utan innsamling som føremål

Vidare, inkluderer Barnekultursamlinga ein del materiale som vart skapa med andre føremål enn innsamling:

EFA Minnebok 1-19 (1898-1972). Samlinga består av 19 minnebøker. Kvar bok varierer i storleik frå 11 til 141 sider.

EFA Julenissebrev 1-106 (1972-1975). Dei 106 konvoluttane inneheld 2050 brev, som varierer frå å vere postkort med og utan julemotiv til A4-ark med og utan linjer, med tekst og teikningar på. England, Irland og Noreg dominerer blant avsendarlanda, men også barn og nokre vaksne frå andre europeiske land, frå fleire afrikanske land, Oceania, Asia og Nord- og Sør-Amerika har sendt brev. Jugoslavia og Vest-Tyskland finst ikkje lenger, men er representert blant avsendarlanda her. Breva vart gjerne adressert til Julenissen, Nordpolen, eller tilsvarande, og vart levert til Oslo. Eit utval av desse vart oversendt til EFA.

EFI Konfirmasjonskort 1 (1974). Mappa inneheld 29 konfirmasjonskort gitt til konfirmanten.

EFA Glansbilledalbum (Udatert). Dette album med glansbilde i er på 18 sider.

Kartotekkort – eit slags oppslagsverktøy før EDB og internett

Til sist, inneheld Barnekultursamlinga ei kartotekkortsamling der barnetradisjon og vitsar har blitt systematisert. Kartotekkorta er merka med innsamlar, namn på elev, skule og årstal. Dei er sortert etter skule/geografi og sjanger. Skulane ligg i Bergensområdet. Kartotekkorta representerer døme på arbeidsmåten ved arkivet på 1970-talet, og var ein måte å få tilgang til materialet på som gjorde det oversiktleg og handterleg.

Barnekultursamlinga inneheld altså ei rekke ulike former for materiale som saman seier noko om interessa for dokumentasjon av erfaringar knytt til visse tema for ei særleg gruppe i samfunnet. Kartotekkortsamlinga seier noko om korleis materialet vart systematisert og gjort tilgjengeleg for bearbeiding og forsking. Innhaldet røper ein nysgjerrigheit på uttrykk frå barna. Vidare, visast ein tanke om viktigheita av å dokumentere barna sine eigne kulturuttrykk som ressurs for barna sjølv, og som ressurs for å forstå barn sine vilkår for oppveksthøve.

Det finst meir!

Det er grunn til å tru at det kan finnast meir materiale som høyrer heime i Barnekultursamlinga, og dette er ikkje ei fullstendig liste. Til dømes har EFA mellom anna ei rekke lydband med opptak av samtalar og feltarbeid knytt til barneleik som ikkje er skildra her.

Lese meir?

Her er nokre bøker og artiklar basert på Barnekultursamlinga:

Enerstvedt, Åse (1983). Tampen brenn: norske barneleikar. Oslo: Det Norske Samlaget. https://www.nb.no/items/e283d70f1b48d8028724d1e0fa861752?page=0&searchText=oaiid:%22oai:nb.bibsys.no:998230958004702202%22.

Enerstvedt, Åse (1987). Roser er røde…: Minneboken fra 1790 til i dag. Oslo: Aventura Forlag. https://www.nb.no/items/5f2fc06ecaea43c238b7984f05471e93?page=0&searchText=oaiid:%22oai:nb.bibsys.no:998741783204702202%22.

Enerstvedt, Åse og Reimund Kvideland (1980). Barnas eget lekehefte. Oslo: A.S. Sparebankmateriall – SPAMA. https://www.nb.no/items/d51a1ac1c0d96983d8ab319c61dd632b?page=0&searchText=barnas.

Kvideland, Reimund (1976). «Barnetru. Ein faktor i den kulturelle innlæringsprosessen». Fataburen. Særtrykk.

Kvideland, Reimund (1979). Historier om døden som del av barns kompensatoriske sosialisering. I: Tidsskrift for samfunnsforskning 20, s. 565-572. https://www.nb.no/items/96e80056cb2a140d28c5599070a31f9d?page=573&searchText=seriestitleid%22oai:nb.bibsys.no:999006779964702202%22. I artikkelen viser Kvideland til ei rekke døme på ulike spøkelsesforteljingar, vitsar og liknande som barn har fortalt kvarandre der døden blir tematisert. 

Kvideland, Reimund (1987). Barns vitsar og gåter frå ein sosialiseringssynsvinkel. I: Barn og humor: Artikkelsamling frå et tverrfaglig forskningsseminar Mariaholm skolesenter, 26.-28. januar 1987. https://www.nb.no/items/ea06b98f48258d06ac926c2df3ddb436?page=151&searchText=reimund

Kvideland, Reimund (1978). Verbal tradering i enkulturationsprocessen. I: Nils-Arvid Bringéus og Göran Rosander: Kulturell kommunikation. Lund: Bokförlaget Signum. s. 41-52.

Kvideland, Reimund (1983) Barnekultur. I: Magnhild Gravis: Barnet og talemålet. Oslo: Universitetsforlaget. S. 110-117.   https://www.nb.no/items/bfdf8742bec0f15d1c7ee60ee02e567a?page=111&searchText=reimund

Oftedal, Aud (1972). Stavangerbarns muntlige tradisjoner. Magisteravhandling i folkloristikk, Universitetet i Bergen.

Reme, Eva (2013). Reimund Kvideland (1935-2006). I: Bjarne Rogan og Anne Eriksen: Etnologi og folkloristikk. En fagkritisk biografi om norsk kulturhistorie. Oslo: Novus forlag. s. 283-296.

Ei rekke semesteroppgåver på 1970-talet.

Sodomi og Folgefonna

Av: Line Grønstad

For litt sidan fekk Etno-folkloristisk arkiv og Norsk Folkeminnesamling eit interessant spørsmål:  

[Finst det] eventuella homoinslag i myterna om glaciären Folgefonden/Folgefonna? Fredrika Bremer nämner nämligen att glaciären skulle ha bildats och täckt över sju byar för att människorna där var sodomiter, men hennes källa är Andreas Faye och hans uppteckning av myterna nämner ingenting sådant… så vi undrar om hon bara har fel eller om det faktiskt funnits en sådan tradition. 

Fredrika Bremer (1801-1865) var forfattar og ein viktig pioner innanfor kvinnesak i Sverige. I boka hennar Streit und Friede, oder Scenen aus Norwegen: Erzählung gitt ut i Tyskland i 1855, visest det til Faye som kjelde for segn der Folgefonna ligg over ei rekke bygder der sodomittiske skikkar skal ha blitt praktisert. 

Fotnoten frå Bremer si tyskspråklege bok, utgjeve i 1855 s. 36.

Ei enkel oversetjing av fotnoten høyrest slik ut: 

Ifølge sagnene ble flere steder/tettsteder der det fantes sodomittiske skikk/sedvaner, begravet under det gigantiske likkledet, og frem til i dag skal en kunne høre hanen gale under snødekket. Når solen skinner over fonnen, tror man å kunne se utallige svermer av småfugl i alle farger – hvit, svart, grønn, og rød – som flyr opp og ned over snøhavet. I tidligere tider trodde man at dette var sjelene til dalens gudløse beboere som svermet rundt her i form av fugler.  
Se Faye.       

Norske Andreas Faye, folkeminnesamlar, prest og historikar, var ein kjend mann i samtida si, og gav mellom anna ut Norske Folke-Sagn (1844). Her har han skrive ned eit sagn om «Folgefonden» (s. 227-228): 

Hvor denne merkelige isbræ nu kneiser, var i gamle Dage en frugtbar Dal, som hedte Folgedalen og bestod af 7 Kirkesogne. Dalens Beboere vare imidlertid saa overmodige og ugudelige, at Gud endelig i 10 samfunde Uger lod det der snee og slude uden Ophør. Den hele Dal blev nu opfyldt med Snee og alt Levende omkom; og fra den Stunde har Snee og Iis voret til den uhyre Masse der udgjør den berømte Folgefond. Her fandtes i gamle Dage utallige smaa Fugle af forskjellig Farve, hvide, sorte, grønne, gule og røde, der fløi op og ned i talløse Sværme, og disse ansaa man da for at være de ugudelige og fordømte Innbyggeres Sjele, der her vankede omkring og lode sig see i Fugleskikkelsende.  

Vidare viser Faye til ulike grunngjevingar nytta av forteljarane av segnet for at det er sant, mellom anna blir at elvene som renn vekk frå Folgefonna gjerne har med seg gamle fat og tilsvarande frå husa som skal vere under breen. Sjølv meinte han at innslaget om fuglane kan komme av namnet på breen: «Navnet Fuglefonden er udentvivl en Forvanskning af Foglefonden [sic]. Det blir underbygd av at namnet på breen skal komme av ordet folga, som betyr ‘tynt snødekke’, og heng saman med det norrøne folginn, som betyr ‘skjult’, ifølgje Store norske leksikon. Opphavet til namnet har altså ikkje noko med fuglar å gjere, men lydbildet liknar, og slik kan ideen om fuglane ha oppstått. 

Folgefonna. Foto: Zairon (CC-BY-SA 3.0)

Segnene som Faye har skildra, har vore levande i munnleg tradisjon. I segndatabasen Segner frå Vestlandet (der segn er henta mellom anna frå Norsk Folkeminnesamling og Etno-folkloristisk arkiv), finst det fleire variantar av det same segnet (også ein normalisert nynorsk-versjon av Faye). Transkripsjonane under er henta derifrå.  

Samlaren Rasmus Løland sende inn følgjande segn til Norsk Folkeminnesamling: 

Der som Folgefonna i Hardanger ligg no, har det ikkje alle dagar lege snø og klake, seier dei gamle. I utgamle dagar skal det ha lege tre (eller sju) kyrkjesokner der, og det skal ha vore rektig gilde bygder. Men så tok det så fælt overhand med synd og ugudlegdom i dei bygdene at Vårherre kunne ikkje bera over med det  lenger. Så let han bygdene snøa ned, og  alt levande som fanst der, blei øydelagt. Det er fortalt om ein mann som gjekk på ski rundt ei kyrkje medan det heldt på å snøa. Men det var ikkje lange stunda før snøen gjekk jamt med kyrkjetårnet. Då snøen gjekk så høgt at det var så vidt han rakk nedpå toppen av kyrkjespiret,  når han stakk   skistaven nedi snøen, torde han ikkje vara der lenger, og då tok han ut derifrå, og han blei nok berga.  

         Om somrane når det rann bekkjer utunder klaken på kantane av fonna, skal det ha fylgt skålabrot og mangslags anna gammalt skrap med, og det  syner at det har budd folk der. (’Nesten alle herikring trur òg dette er visst og sant. Korfor skulle snøen ikkje gå av der så vel som andre stader, viss det ikkje var noko uallminneleg med den fonna?’ pla folk spørja.) 

Eit anna segn samla av Torkell Mauland, vart gitt ut i Norsk Folkeminnelag si Folkeminne frå Rogaland. Det kan også finnast på Segner på Vestlandet, og går slik: 

I gamle dagar låg det ei stor bygd der som Folgefonna no er. Men folk der i bygda var så gudlause og fæle at dei jamvel brukte brødleivar (=brødmat) til å tørka føtene på. Så fekk dei det dei kunne venta seg, og bygda vart øydelagd. 

         Det heldt på med å snøa i langsameleg tid så det var som snøen ausa ned. Då vart heile bygda nedsnødd og folka òg. Ein einaste mann berga seg på ski. Han rende av stad så fort han kunne, og riste snøen av skiene etterkvart som han fall oppå. På den måten berga han seg og kom seg til ei anna bygd; men alle dei andre snødde ned. 

         I seinare tid skal det ein og annan gong ha hendt at dei har funne tinntalerkar og anna slikt som har flote ut av fonna. Det er leivningar av det innbuet som dei hadde dei folka som budde der i bygda. 

Folgefonna. Foto: Anna-Lena Flatland.

I 1913 skreiv Anna Naa, ein av lærarstudentane som Torleiv Hannaas hadde på Stord, ned ein versjon av sagnet, som er inkludert i Segner på Vestlandet:  

Ein gong for mange lange år sidan såg det annleis ut der Folgefonna no ligg. Der fanst ikkje snø; men der var flotte gardar og hus og vollar og bakkar og alt som til høyrde. Heile sju kyrkjesokner var der, og like mange kyrkjer og prestar. Men det var ikkje alt som det skulle vera der oppe, for folket var så vonde at det var reint fælt. Og det kunne ikkje Vårherre tola, og så måtte straffa komma. 

Det var nett ein søndag at ulykka kom. Folk flest hadde gått til kyrkje, og klokkeljom lyddest ut over dalen. Men då presten stod på stolen, kom det eit fælande brak, så det dundra i dalen. Eit ofseleg snøvêr fyllte lufta, og fleire skred kom veltande. Det fauk og det rauk, og snøen gøymde allting, la seg som eit liklaken over alt og alle. Ikkje eit liv vart berga, så nær som ei kjerring som hadde gått ned til Reisæter, nærmaste garden, for å låna ei trova(?).  

Anna Naa si skriftlege attgjeving av segnet om Folgefonna som ho har samla inn til læraren sin, Torleiv Hannaas. 

Alle variantane av segnet som her er nemnd liknar kvarandre i mangt og mykje. Ikkje i nokon av desse segnene blir det vist direkte til homofil aktivitet, men kva som blir lagt i at «folket var så vonde at det var reint fælt», «folk der i bygda var så gudlause og fæle at dei jamvel brukte brødleivar (=brødmat) til å tørka føtene på», «synd og ugudlegdom» og Faye sin «overmodige og ugudelige» er ikkje så godt å seie. Noko var ikkje bra som gjorde at Gud straffa innbyggarane i dalen og dekte dei med snø og sludd.  

Slike straffar der heile byar vart utsletta kunne minne om forteljingar frå det gamle testamentet mange heilt sikkert kjente godt til, og det gjorde Bremer si tolking nærliggande. Sodomi som omgrep har opphav frå den bibelske byen Sodoma som Gud øydela på grunn av umoral blant dei som budde der, ei forteljing som kan finnast i Fyrste Mosebok. Ideen om øydelegging av eit samfunn som straff for seksuell omgang på tvers av det aksepterte, kan såleis styrke tesen om at det er «homoinnslag» i mytane rundt Folgefonna. Men Faye skriv ikkje dette sjølv, korkje i Norske Folke-Sagn eller i den tidlegare utgåva frå 1833. 

Ein noko annleis variant, eller i alle fall eit segn som liknar på nokre måtar, er attgjeve av journalist og lokalhistorikar Jan Gravdal i ein annan blogg, slik:  

En gang i tiden, for over 1000 år siden, bodde det et folk på fjellet et sted mellom Odda og Kvinnherad.  Sagnet ville ha det til at dette folket ble seinere kalt «de som bodde i det åttende prestegjeld».  Det var et ondt folk, derfor var det ingen som ville ha noe med dem å gjøre.  Den gang var det ikke mye is der som Folgefonna var. Det var grønne daler, bratte fjellsider og spesielt var det  både vanskelig å komme seg inn og vanskelig å komme seg ut av dalen hvor det fordømte folket bodde. «Det åttende prestegjeld». Så kom isen tilbake. Det var kalde og regnfulle år.  Folk måtte dra fra dalene ettersom isen vokste. Men de fordømte dro ikke. De ble der inne i dalen sin. Og der er de ennå. De bor under isen. Og deres etterkommere er bare menn, hårete menn, onde menn. Noen ganger kommer de opp på isen. Da røver de en kvinne. Slekten skal føres videre under isen. Kvinnen blir til hun har født så mange barn hun er i stand til. Bare guttebarn. Siden blir hun aldri spurt. 

Det liknar dei andre gjennom at eit samfunn av menneske som ikkje var av det gode slaget vart dekt av snø. I Gravdal si attgjeving er det ikkje ein gud som står for straffa, heller ikkje døydde dei av snøfallet og den veksande breen. Snarare er dette ein stad der det framleis lever onde menneske, som berre er menn. Her trengst kvinner berre for å få barn.  

Sett frå eit industrihistorisk perspektiv, kan dette minne om industrisamfunn beståande av menn som i ein periode vaks fram. Men frå eit skeivt perspektiv kan dette styrke tesen om at Bremer var inne på noko i si tolking av Faye – at det kan finnast idear om sodomi knytt til Folgefonna. 

Likevel kan vi ikkje med utgangspunkt i nokre av desse segnene seie at det fanst spor av «sodomittar» knytt til Folgefonna. Men at det kan vere det, og vi kan tenke oss at det finst mange andre skeive innslag i samlingane som blir del av samla.no. Materialet i samlingane handlar om levd liv, og det inkluderer så mangt, også slikt som kanskje må lesast mellom linjene, og som blir synleg først når vi stiller dei rette spørsmåla.  

Takk til Sara Kohne for oversetjing av Bremer sin tyske fotnote, og Tone Hellesund, Runar Jordåen og dei svenske forskarane for interessante spørsmål, kjelder og tolkingar.

Kjelder 

Bremer, Fredrika (1855) Streit und Friede, oder Scenen aus Norwegen: Erzählung. Stuttgart: Frandh. https://play.google.com/books/reader?id=HaNKAAAAcAAJ&pg=GBS.PA4&hl=en  

Faye, Andreas (1844) Norske Folke-Sagn  

Gravdal, Jan (2010) Folket under isen. https://oddajangen.wordpress.com/2010/06/23/det-ford%C3%B8mte-folket-under-isen/  

Store norske leksikon: Folgefonna

Segner på Vestlandet.

W.F.K. Christie og Kråkevisa

Av: Angun Sønnesyn Olsen

I ein artikkelen om Folkeminnesamlinga ved Bergens Museum i 1925, skriv Torleiv Hannaas at samlinga «vart bygd på gamal grunn» (1925:1). Her refererer Hannaas til arbeidet til ein av grunnleggarane av Bergen Museum, W. F. K. Christie (1778-1849), som var «ein av dei fyrste her i landet som hadde auga for det vitskaplege og kulturelle verd i folkemålet» (1925:1). Christie, som du kan lese meir om her var kanskje mest kjend som medlem av riksforsamlinga på Eidsvoll og president i dei fyrste stortinga, men han dreiv også «trottugt på med å samla og granska vestlandske bygdemål og folkeminne» (Hannaas 1925:1).  

Originalmaterialet etter W.F.K Christie i Etno-folkloristisk arkiv, vart gitt i gåve til Folkeminnesamlinga i 1924, etter å ha vore i privat eige hjå Christie-familien. Det meste av dette materialet er gåter, men her er også ei ballade skrive ned av Christie i 1843. Denne balladen, Kraakevisa, også kjend som Bonden og Kråka eller Mannen og Kråka (TSB f 58) er kanskje ei av dei mest kjende skjemtevisene me har her til lands, og «som gjeng vide verdi yver» i fylgje Hannaas (EFA Hannaas 6, 5).

I balladearkivet til dokumentasjonsprosjektet ved UiO finst 131 tekstar, og i Norske Middelalderballadar Melodier, Bind 3, finn ein om lag 100 melodiar. Variasjonen både i tekst og melodi skildrar at visa har vore populær rundt om i landet. Visa fortel om ein mann som skal ut i skogen for å hogge ved. Der møter han ei stor kråke. Han blir redd, skyt kråka, og etterpå utnyttar han kråkekroppen godt. Dei forskjellige versjonane fortel om dei utrulegaste tinga han finn på å lage av den, slik som sko av skinnet, julemat av kjøtet, vindauga av auga, kyrkjebåt av nebbet og så vidare.

Hannaas samla inn fleire variantar av visa. På Stord fekk han også høyre ei historie som skildrar at visa har vore kjend der lenge: ««Jei har vel nogen lunde kunnet læse i bog. Men denne skjittevisen kommer jei ikkje udav det med» sa presten Palundal, han kom ut i buo hjå [Per] Vatne og fekk sjaa Kråkaviso i glaset» (EFA Hannaas 449:56). Dette skal vera fortalt til Hannaas av Ola Sogneset, ein av songarane han samla mykje hjå på Stord. Hannaas skriv at den danske presten Hans Palundal var prest på Stord i 1768, og dette viser at Kråkevisa fanst i lausprint i Noreg på andre halvdel av 1700-talet (EFA Hannaas 6,5).  

Hannaas publiserte eit stykke om Kraakevisa i For Bygd og By sitt julehefte «Jol 1919».  Her skriv han: “Av alle (dei) norske skjemtevisor(ne) er det vel ingi som er so vida kjend som Kraakevisa. Ho finst i mange uppskrifter og mange prent og ho liver enno paa folketunga baade i by og bygd. So det er ikkje noko nytt eg kjem med naar eg her legg fram eit brigde av Kraakevisa» (EFA Hannaas 6,5). Men han forsvarar at han dreg den fram likevel ved å påpeike at dette er ei av dei eldste norske oppskriftene av visa, og attpåtil frå Nordmøre, der ein ikkje er samla så mykje norsk folkedikting før. Og ikkje minst, «so er visa uppskrivi av ein merkeleg mann, stiftsamtmann W.F.K Christie, præsidenten fraa dei fyrste stortingi, grunnleggjaren av Bergens Museum» (EFA Hannaas 6,5). Hannaas skriv at Christie hadde sett ein versjon av Kraakevisa i eit svensk tidsskrift i 1843. Soleis, foreslår Hannaas, har Christie kome på visa og skrive den ned i form frå Nordmøre, truleg slik han hugsa den frå sin eigen barndom i Kristiansund. «Men maalformi maa han ha vølt paa noko lite» (EFA Hannaas 6,6).  

Kraakevisa, oppskrive av W.F.K Christie 

I skogen ein Bondmann kom gangande, 
-Tralallala tralallala, – 
saa kom der ej Kraaka hoppande, 
-Tralallala tralallala,  

Saa spændt» han Riffla før sit Kne 
aa skout te Kraaka saa ho dat ne. 

Saa satt» han Riffla før sin Fot, 
da skote va Kraaka ti Hjerterot  

Saa kom der Bu fra Kongjens Gar: 
Kvar gjor» du taa Kraaka, du skout i gaar? 

Taa Houe æg gjor» ein Kjørkjeknap, 
taa Næbbe æg fik meg ein Ølltynn Tap. 

Me Fjøra tækt» æg all» min» Huus; 
taa Talgjen æg støpt eit Bismarpunn Ljus. 

Taa Skinne gjor» æg tolv Par Skoe, 
oframt eit Par Toffla, æg ga» ho Moer. 

Kjøte æg salta i Tynne aa Karr 
oframt ej Stejk, æg ga» han Faer. 

Taa Skrotten færigt eit Skip æg fik, 
de best» som i Kongjens Flaate gik. 

Taa Tarmann gjor» æg Segl aa Rejp, 
aa Beinen dem blej te eit Møkagreip. 

Ti Gompen fann’s ejn nyttig rund Ting, 
aa deraav æg gjor» ein Skræddar=Syring. 

No sku du full tru, ha Visa va Tant; 
det svær æg saa dyrt, at alt e sannt. 

Litteratur 

Hannaas, Torleiv. 1925 «Folkeminnesamlingi» i Bergen Museum 1925. En historisk fremstilling redigert av professorkollegiet. Bergen Museum s. 1-13 

Ressem, Astrid Nora. 2015 Norske Middelalderballader Melodier Skriftlege kilder Bind 3 Skjemteballader. Norsk Folkeminnelagsskrifter 169/ Scandinavian Academic Press 

Eldre, svartkvit bilde med liggande tretønne og trebøtte.

Øl til jul

Av Lars Smaaberg, Angun Sønnesyn Olsen og Mari Ringnes Gløtberget

“’Tomas mæ bytto’. 21de December. Daa skulde bryggjevatnet krua” heiter det frå Hålandsdalen. (EFA Hannaas 63.13). 21. desember er frå katolsk tid kalla Tomasmesse, til minne om apostelen Tomas som leid martyrdøden i år 68 eller 69. Men, dagen har blitt knytt til bryggjing til jol, og har fått namn som Tomas Brygger, Tomas med bytto og Tomas fulltønne rundt om i landet. I Christen Jenssöns samling av ord frå Sunnfjord frå 1669, bearbeidd og utgitt av Torleiv Hannaas i 1915, finn ein ei skisse av ein primstav. Her er dagen markert med ei tønne, og ber teksten: «Den 9 dag der effter [St. Luci] kommer Tommis med bøtten oc gifver malt vatn til Juel» (Jenssøn 1915). 

Joleølet har vore ein viktig del av feiringa av og førebuingane til jol på dei norske gardane, og det er mange tradisjonar knytt til korleis det skulle bryggjast og kva ein måtte gjere for å sikre at ølet vart godt. At ein bryggja godt øl var og viktig fordi ein skulle dele med familie og naboar.   

Å sikre at ølet blir godt 

Mange truer var til rundt om i landet for å sikre dette. Til dømes måtte kvinnene somme stader halda seg vekke:  

«Kvinnene maa ikkje koma inn i bryggjeromet før ein har fengje rósten paa lós. Ólet skal verta mykje betre om det ikkje kjem kvinnfolk inn fyrr dei for smaka «sódt» (Sótól). Kjem dei inn fyrr er det eit daarleg merkje». 

Eller ein måtte stå opp tidleg, samt sage av tappane frå øltønna: 

«Naar ein bryggjar skal ein vera tidleg uppe, so ein for kjelane paa kok fyrr ein smakar mat. Ólet skal verta best daa».   

«Til jol skulde dei alltid saga tapparne or i dei óltunnor som dei ikkje tok av, fordi at ikkje noko slags “utyskje” skulde faa hóve til aa renna ólet ned».  

Desse tre sitata er frå Lavik i Sogn, ved Sørestrand (EFA Hannaas 61 s. 23). Ein måte å gjera ølet godt på i Vestre Slidre i Valdres, var å ause riktig: «Ølet vart surt um ein auste ølet «aggelhendis» (bakhendis)».  

Vern mot vonde vetter og anna far 

I tillegg til å ha ei tønne, hadde primstaven gjerne ein kross som merkje på denne dagen også, eit symbol som er sterkt knytt til overtru også i jola. Her frå Vestre Slidre i Valdres: 

«Vonde vetter kunne gjera skade ved ølbryggjing. Ved jól var dei vonde makter mest i farten og jóleølet var soleis mykje utsatt. Paa øltynna var det skore krøss. I bryggjehølk og røstebytte la dei øldertrøn i krøss. Naar dei «maiska paa» var det bra og røre med glodraude jarnstengar». 

«Naar ein meskar skal det helst ikkje vera nokon aa sjaa paa» sa ein i Lavik.  

Noko liknande heiter det frå Jølster i Sunnfjord, å sette stål. Der la dei også med Bibelen for å verne om ølet: 

«I gamle dagar når dei bryggja laut dei jamt setja stål i røstene. Då sette dei 2 kniva i røstene og so laut dei leggje bok med Guss-ord i attmed. Dei måtte inkje blåse i varmen elde svie seg i håret. Då vart det ovenskap av øle i lagja. Hellest va da no ikkje godt øl tykte dei, darso dar inke va nokon so slost i lagje. Når nokon kom heim frå lag va da (is at dei so sat heime sa: “Velkomen atte el go dagå! Var der mange so slost?” Svarte dei nei, so var da altid: “Dårleg øl då”». (NFS Sandnes 2) 

Liknande heiter det frå Lavik «Når ein fær smaka ‘sódt’ skal ein ikkje laate vel og ikkje takka, fordi at daa vil ólet verta kraftlaust» (EFA Hannaas 61). 

Svartkvit foto av utstyr til brygging av øl merka med tal skriven med blott, 1-4.
Tekst: «1. Vørterkar 2. Øltunne 3. Øltreft. Den brukre dei når ølet skulle på Tønna 4. Lagga brendevinsdunke.» Fra N. Søberg i Heradsbygda. Nå på Glåmdalsmuseet. 

Å sette ut ølet 

«Når man hadde brygget øl på en gard, måtte det settes ut en bolle øl til huldrene. Innholdet forsvandt bestandig. På en gård hendte det en gang at det lå sølvknapper som vederlag i bollen. Under ølbryggingen var det heldig å kaste en del av det beste vørteret til alle fire hjørner. Det blev ofte praktisert. Av skummet over ølet kunde en få vite adskillig. Men det var en vanskelig kunst å se rett, meget vanskeligere enn t. d. å spå i kaffegrud, noe som mange befattet sig med». 

Å brygge øl til jol har tradisjonar heilt tilbake til førkristen tid i Noreg. Skikkane som er skildra over er eit utdrag frå “Folkeminne frå Ryfylke; Aardal”, samla av Tor Skiftun. Å sette ut ølet til huldra, vetter, nisser eller goebonden m.fl. har også vore ein ganske vanleg skikk rundt om i landet. Frå Vestre Slidre i Valdres vert det til dømes fortald at ein gjerne slo ut litt av jóleølet til ‘tøltebonda’. Tøltebonden forestiller her ein attergangar av den fyrste bonden som dreiv garden. I dette tilfellet slo dei det ut i veggen: 

«Joleølet maatte bryggjast slik at det kunne «skakast» Imbereftan siste laurdagen før jól. Det er ikkje meir enn umlag 75 aar sidan Jørend Egge ofra øl til tøltebonden. Det heitte um han: 

Gjere du tøltebonda imot:
so faar du snart ein klene fot,
men gjere du tøltebonda te lags,
so faar du lykke te alleslags». 

Vintersolkvervdagen og Mongsmesse (13. desember) 

Dagane mellom 9. og 21. desember har mange stader vorte kalla ‘bryggjardøgra’, dei dagane ein brygga til jol. Det var likevel ein særskild dag av desse ein ikkje skulle bryggje: «Vintersolkvervdagen maatte ingen gjera arbeid som gjekk rundt, og heller lkkje bryggje. Gjorde ein det vart ølet skjemt og tynnejulid’n sprang av øltynna» heitte det i Valdres. 

Likeins, i eit brev frå Olav Midtbø til Magnus Olsen i Norsk Folkeminnesamling, referer Midtbø til Henri Delgobe som i 1919 skriv i Maal og Minne om “Tallak med lagabøtto”. Vidare skriv Midtbø; “Dette staar sikkert nok i forbindelse med ølbryggingen til jul. “Lagelog” kaldte man den log man man slog over maltet i rosten og laget vyrkje av. (…) “Mongsmess” 13 Dec (Luciemesse) maatte ingen brygge, for da matte ingen ting gaa rundt”. (NFS Varia 23 nr. 142) 

Joledagsmorgon 

«Før lenge sidan var det mykje truer og skikkar med malt og øl. – Jóledagsmorgon fekk husdyre paaskesalt blanda med malt og lite øl vart blanda 1 drykken. Alt som var av «grøn» (korn) var raad mot usynlege og vonde makter. Det heitte: «Jólemalt og paaskesalt var godt for alt’». 

«Jolemorgonen naar dei gjekk aat fjøset og skulde ambætta, maatte dei ha eit staup med ól aat storúksen (…) Storúksen skulde staa seg mot granen (?) og bjørnen, dersom han fekk ól jolemorgonen». 

Og heil til sist, eit «Vers om øl frå hestemarknaden på Lindsheim i Skjaak: 

Stryningen bryggja so godt eit øl,
for ned over magen som eit merraføl,
upp i hovudet som ein humledott,
ut att um røve som eit børseskot». 

Kjelder: 

EFA Hannaas 61 s. 22- 23, Etno-Folkloristisk Arkiv, Universitetet i Bergen
EFA Hannaas 63. s. 13, Etno-Folkloristisk Arkiv, Universitetet i Bergen
NEG 7738 (Materiale frå Vestre Slidre) Norsk etnologisk gransking, Norsk Folkemuseum
NFS Sandnes 2. Norsk Folkeminnesamling, Universitetet i Oslo
NFS Skiftun 5, s. 51. Norsk Folkeminnesamling, Universitetet i Oslo
NFS Varia 23 nr. 142. Norsk Folkeminnesamling, Universitetet i Oslo

Wilhelm Frimann Koren Christie 

Av Angun Sønnesyn Olsen og Silje Teigland Røstøen

10. oktober 2021 er det 172 år sidan W.F.K. Christie døydde. Christie er nok mest kjent som politikar og embetsmann, men her hjå EFA er det mål- og folkeminnemannen Christie me kjenner best, og det er han me vil dele litt om i dag. Kanskje klarer du å løyse ei av  Christie-gåtene som dukkar opp i teksten?    

«Vil de no høyra og veta tevissa, om den avgud’n so står i vår by» song Berent Lövland, skomakar frå Masfjorden, i skjemtevisa «Visa om Krististytta» (EFA Midtbø 05). Samla inn på fyrste del av 1900-talet, viser dette at W. F. K. Christie har sett spor etter seg både i folkeminna og i historia om innsamling av folkminne.   

W. F. K Christie var fødd i Kristiansund i 7. desember 1778. Allereie som tiåring starta han på latinskule i Bergen, og seinare begynte han studiar i København. Han blei verande i København heilt til 1809, då reiste han tilbake til vestlandet og vart sorenskrivar i Nordhordland. Under Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 var han representant for Bergen, og hadde rolla som sekretær under forhandlingane. Same år vart han valt inn som den fyrste stortingspresidenten. Christie blei seinare plaga med dårleg helse, og av den grunn trekte han seg frå livet i politikken. Han blei utnemnd til stiftamtmann i Bergen i 1815, og dette embetet hadde han fram til han fekk avskil i januar 1825. Men sjølv om han var sjuk så låg han ikkje på latsida. I april 1825 inviterte han til å «grunnleggja eit Museum «af  Oldsager og Konstsager» og eit «Naturaliekabinet af indenlandske Naturalier» (Indrebø 1937:9). Dette vart starten på Bergens museum, med Christie og biskop Jacob Neumann (1772–1848) som to av grunnleggarane. Interessa for ei slik samling kjem fyrst fram i materialet etter Christie etter 1820. Private samlingar sto sterkt på byrjinga av 1800-talet, mens ideen om ei samling som ein offentleg institusjon truleg kom frå liknande prosjekt ute i Europa som Christie såg på reisene sine (Jordåen 2014). 

 
Dette er Bergens Museum, som no heiter Universitetsmuseet. Museet hadde to hus ved Lille Lungegårdsvann. Huset til høgre vart kalla det Klagenbergske hus, huset til venstre var nyleg bygd. Foto tatt mellom 1840 og 1865. Det høyrer til Spesialsamlingane ved UiB.

Idéen om at eit museum skulle taka vare på materielle minne, og at vestlandske bygdemål og folkeminne ikkje høyrde heime her, stod sterkt hjå Christie og hans kollegaer (Hannaas 1925). Han hadde likevel ei brennande interesse for det immaterielle. Christie «(…) segjer sjølv at Muséet og målsamlingane hans var liksom systkin. Dei var borni hans båe og han ofra deim båe mykje av si tid og si umhug” (Hannaas 1925: 389).Christie brukte altså mykje av tida si på museumsrelevant arbeid, museet var livsverket hans, og etter hans død blei hans interesse for natur og arkeologi vidareført. Målgranskinga og folkeminnesamlinga vart ikkje jobba noko særleg meir med, før Torleiv Hannaas vart tilsett som stipendiat ved museet i 1914.   

Christie fekk tidleg ei interesse for kultur og språk. Som 19-åring, i 1797, byrja han på eit manuskript om «Antiquiteter, Historie, de gamle Sprog etc.». I 1810-1811 jobba han med bygdemålsord frå Nordhordland, og i 1818 støtta han ein kjøpmann i Bergen med å skrive opp ordtak og vendingar på Bergensmålet (Indrebø 1937). Christie samla eit stort omfang av ord og uttrykk på folkemålet. Hannaas omtaler det som “utan samanlikning det største arbeid som var gjort i norskt folkemål på den tid” (1925:395).Ifølgje Gustav Indrebø, som gav ut Christies Norsk Dialect-Lexicon i 1937, inneheld denne mellom 18 og 19 000 oppslagsartiklar. Han sette «den «Bergenhusiske Dialekt og Udtale» svært høgt fordi han oppfatta den som nærmast islandsk og gammalnorsk (Indrebø 1937:80). Hannaas skriv at det var ei stor skade at Ivar Aasen og Christie ikkje fekk i gang eit samarbeid.  Sjølv om dei møttest fyrste gong i 1843, var det ikkje før i 1848 at Aasen fekk lest noko av materialet. På den tida var Aasen kome så langt i sitt eige arbeid at han ikkje trengte hjelpa frå Christie (1925).   

Indrebø skriv: «Interessa hans for folke-tradisjonar syner seg m.a. i at han kjøpte ei heil rad med folkeminnebøker (…) Likeins i at han tok med mykje folkeminne i ekscerptsamlingane sine. Men han samla og tradisjonar or folkemunn. Denne samlarverksemdi hans fell rett nok noko spreidt. Like vel er ho slik at Christie er verd å minnast millom dei eldre folkeminnesamlarane våre» (1937:26). Blant oppskriftene etter Christie finn ein skikk og folketru, segner, eventyr, ordtak og dikt. Slik som andre folkeminnesamlarar både på Christie si tid, og i åra etter, hadde han ei sterk oppleving av at dei var for seint ute med samlinga. Frå Indre Holmedal fekk han høyre frå prosten  om ei gamal kone «som kunde en lang, uden Tvivl meget gammel og ægte norsk, Folke-Sang». Han oppmoda prosten til å skrive ned songen, men han fekk seinare beskjed om «at Sangen ej kunde faaes, da konen var død» (Indrebø 1937:27). Christie publiserte berre nokre få glimt frå samlinga si, men i manuskripta etter han er det fleire utkast til planlagde publikasjonar av folkeminne og språksamling. Stilen hans i å fortelja att tradisjonar minnar stort sett om Andreas Faye, med ein meir skulert og skriftleg gjengivnad av dei muntlege kjeldene enn det etterkomarane har hatt. Men, det er eitt unntak frå hans siste levetid, der han attgjev nokre segner i ein meir folkeleg forteljarstil (Indrebø 1937). Christie samla ikkje berre sjølv, men han inspirerte også andre til å gjere det same.   

Mot slutten av livet starta han også ei meir systematisk innsamling. Truleg inspirert av ei svensk gåtesamling frå 1847, sendte han lærarar, embetsmenn og bønder eit opprop om å samle inn og sende han gåter (Hannaas 1925). Han fekk inn ei god samling, som broren, tollkasserar W.H. Christie, tok seg av etter at han døydde. W.H. Christie rådførte seg med Ivar Aasen om utgiving. Aasen skriv i brev til han, datert 30.03.1860: «At denne hæderlige Afdöde (…) imellem sine mange andre Arbeider har været i stand til at tilveiebringe en saa betydelig Samling som denne, er atter et nyt Mærke paa den særdeles  Opmærksomhed, hvormed han omfatter alt, hvad der hörte folket til». Aasens hadde sjølv ei gåtesamling han prøvde å finne tid til å utgje, og skriv vidare: «Eg vil saaledes ikkje fraraade, at den foreliggende Samling maa blive udgiven særskilt; jeg skulde tvertimod have anseet det önskelig, om den allerede havde været utgiven» (EFA Christie 03).  Eit utval av gåtene vart publisert av Kristoffer Janson i Bergen i 1868. Dei originale gåteoppskriftene til Christie vart gitt til Folkeminnesamlingi i 1924, etter å ha vore i privat eige hjå Christie-slekta. Den er no ein del av materialet her på Etno-folkloristisk Arkiv, og er skanna og klar for å bli tilgjengeleg for fleire gjennom SAMLA.  

«Norske Gaader». Foto: Silje Teigland Røstøen.
Foto: Silje Teigland Røstøen.

Mange av gåtene vitnar om skikk og bruk i tida då dei vart samla inn, og svara er kanskje ikkje heilt lette å finne for oss i dag. Nokre er meir tidlause. Her er to eksempel, moglegens frå Nordfjord (EFA Christie 22). Svara finner du nedst i teksten. 

  1. Qva æ da so a brunt i Toppen aa kjukt mæ Botten,
    Dæ kritla unde Aaklæa og jere godt
     i Koppen?
  2. Qva æ da so fære over Fjæl aa Dal, over Vand og Hav, igønnaa Høi [aa] Halm aa inkje tuska?

Det er i dag fleire spor etter Christie i Bergen. Frå Muséplassen framfor museet i Bergen, held Christie auge med Christies gate, og kanskje nokon av dykk har gått gjennom Christieparken på veg til Brann Stadion eller ete lunsj på Christie Café? Christiestøtta vart avduka i 1868, den gong plassert midt på Torgallmenningen. Den 17.mai 1868 var det ei staseleg avduking, og ingen andre enn Edvard Grieg hadde laga ei kantate til minne om Christie, med tekst av Andreas Munch. Høyr kantata her og her. Støtta var det aller fyrste portrettmonumentet i Noreg, skapt av Christopher Borgh og finansiert med innsamla midlar. I 1925 vart statuen flytta til Muséplassen, og året etter fekk Christie selskap av ei løve ved sokkelen av støtta.  

17. mai 1868 vart Christiestøtten avdekka på Torgallmenningen. Foto: Knud Knudsen/Spesialsamlingane ved UIB.
Foto: Silje Teigland Røstøen.

Hannaas såg på seg sjølv som Christie sin arvtakar. Inspirert av gåtesamlinga til Christie og ved hjelp av frivillige over heile landet, sette Hannaas sjølv i gong ei omfattande samling av gåter i 1916. Han skriv: “Det hev vore meg ein stor hugnad at dei uppgåvone eg mest har sysla med, dei hev eg kunne rekna som eit beinveges framhald av Christies upptak” (1925:398).  På denne måten set han Bergens Museums Folkeminnesamling, og EFA, i direkte link til opphavsmannen for Bergens Museum. Om du ynskjer å lese meir om Christie kan du sjekke ut litteraturen nedanfor. Me anbefaler også å ta turen til Universitetsmuseet i Bergen, Kulturhistorisk avdeling, sitt eige Christie-rom.   

 

Litteratur  

Hannaas, Torleiv (1925) Folkeminnesamlingi. I Bergens Museum 1925: En historisk fremstilling redigert av professorkollegiet. A/S John Griegs boktrykkeri, Bergen, s.  389-403.  

Indrebø, Gustav (1937) W. F. K. Christie: Norsk Dialect-Lexicon og nokre folkeminne og brev. Bergens Museums Årbok, Historisk-antikvarisk rekke, Nr. 1. A.s John Griegs boktrykkeri, Bergen.   

Jordåen, Runar (2014) Wilhelm F.K. Christie: Presidenten. Fagbokforlaget: Bergen.  

Weidling, Tor R. (2021) Wilhelm Frimann Koren Christie. I: Store Norske leksikon.  Wilhelm Frimann Koren Christie – Store norske leksikon (snl.no).    

 

 

Svar på gåtene:  1. Det er naar det brygges Øl 2. Solen