Barnekultursamlinga ved Etno-folkloristisk arkiv

Skriven av Line Grønstad

På 1970-talet samla studentar og tilsette etnologar og folkloristar ved Universitetet i Bergen inn store mengder barneleikar, vitsar, songar, regler og forteljingar frå barn.

«Utan dirigering frå vaksne»

Det var folkloristen Reimund Kvideland (1935-2006), som var primus motor for dette innsamlingsarbeidet. Han var universitetslektor ved UiB frå 1966, og saman med studentar og forskarar i folkloristikk og etnologi, samla han frå slutten av 1960-talet til byrjinga av 1980-talet, materiale om barns kultur.

Barnekultur vart forstått som “den delen av kulturen som barn sjølv skaper, organiserer, aktiviserer og forvaltar utan dirigering frå vaksne” (Kvideland 1983:110). Ved skildring av leikar, songar, nedteikningar av vitsar, gåter, rim og regler gjort av barna sjølve, kunne munnleg tradisjon, språk og haldningar blant barn dokumenterast. Interessa for samtidsdokumentasjon og inkludering av tidlegare mindre dokumenterte grupper i samfunnet, var hovudmotivasjon for innsamlingsarbeidet.

Innsamlingsarbeidet

Materialet består av notatar frå observasjon, intervjutranskripsjonar og opptak, og barn sine eigne oppteikningar av vitsar, gåter, forteljingar og leikar anten på munnleg oppmoding eller som del av spørjelister. Innsamlingane gjekk føre seg i klasserommet med og utan lærar, og i miljøet der ungane leika på fritida.

Arbeidsmåten var gjerne å ta kontakt med skular, og få tid i klasserommet utan lærar. Her fortalde studenten eller forskaren kva dei var på jakt etter, og kom med døme på leikar, vitsar, songar og tilsvarande. Elevane skreiv så ned sine favorittar og utval av eige repertoar. Desse handskriftene er ein del av materialet. Basert på desse vart 4-5 barn spurt om å delta i intervju der det vart gjort lydopptak medan dei fortalde om leiken og fortalde vitsar.

Andre gonger møtte studentane og tilsette ved EFA barna ute på leikeplassane og spurte om leikane dei leika der, kven dei lærte leikane av, og om vitsar og songar fortalt i miljø utan vaksne autoritetspersonar til stades. Vidare, vart det gjennomført innsamlingar der særleg skular og klasser vart oppmoda om å sende inn sine leikar og vitsar.

Barnekultursamlinga inneheld også uttrykk for barnekultur som vart produsert med andre føremål enn som dokumentasjon. Dette gjeld til dømes minnebøker, brev til julenissen og ei samling med konfirmasjonskort. Som med leikane og vitsane og songane, er noko av dette materialet spesifikt barnetradisjon, medan noko deler dei med vaksentradisjonen.

Hugsar du gåtene som forteljaren teikna? Ei rekke slike droodles finst i samlingane til EFA.

Kven samla inn, og kor samla dei frå?

Innsamlingane vart gjennomført av studentar og tilsette ved Nordisk institutt, og så ved Etno-folkloristisk institutt (EFI) då det vart skipa i 1972. Innsamlingane høyrde til ulike forskings- og dokumentasjonsprosjekt. I tillegg til Kvideland var særleg etnologen Åse Enerstvedt sentral. Vidare vart det gjennomført fleire innsamlingsaksjonar, der ulike sparebankar var involvert, som den nasjonale Bli med på leken-aksjonen til Sparebankene i 1979. I 1981 samarbeidde EFI med lokale sparebankar i prosjektet Bli med på spøken der vitsar og gåter blei samla inn frå Bergensområdet og Ørsta og Volda på Sunnmøre.

Innsamlingane er i stor grad gjennomført i Bergensområdet, med eit visst tilfang frå Stavanger, Sogn, Hardanger og Sunnmøre. Det finst også materiale som dekkjer heile landet, ikkje minst gjennom Bli med på leken, og frå store delar av verda i ei samling med julenissebrev. Det meste av materialet i Barnekultursamlinga er frå perioden innsamlinga vart gjort, men også eldre dokument vart samla inn, som til dømes minnebøker, der den eldste er frå 1847.

Barnekultur som folkekultur

Barns kultur kan sjåast som ein viktig del av folkekulturen. Det munnlege og den immaterielle kulturen mellom barn er viktig for å forstå leikens betydning for sosialisering og korleis barn taklar vanskelege tema. I samlingane ved EFA har det blitt lagt vekt på traderingsprosessar, nemleg korleis barns kulturelle repertoar og tilknytte førestillingar blir kommunisert.

På 1970-talet var barnekulturen ein sentral del av samtidsdokumentasjonen. Femti år seinare har samlingane fått ein stor kulturhistorisk verdi ved at dei dokumenterer barns praksisar i ein avgrensa periode før datateknologien endra barns måtar å leika på.  

Innhaldet i Barnekultursamlinga – «Bli med på …»

Barnekultursamlinga inneheld mange tusen forteljingar og vitsar og eit mangfald av leikar som dokumenterer barns leikande praksisar, forteljesjangrar og førestillingsverder. Ho er på om lag 33 000 sider, i tillegg til ei mengd med lydband, nokre foto og noko videoopptak.

Den største samlinga, med nesten halvparten av det fysiske materialet, er EFA Barnevitser (Bli med på spøken) (1981). Dei 582 mappene/konvoluttar inneheld 14391 sider. Kvar mappe/konvolutt kjem frå ein skule, og inneheld svar frå eitt eller fleire klassetrinn. Hovudvekta ligg på 4-6 klasse (altså storskulen), men ein god del kjem frå ungdomskulen, og nokre få kjem frå tredjeklasser. Skulane ligg i Bergensområdet og Sunnmøre, og innsamlinga vart gjort i samarbeid med lokale sparebankar.

Svært stor, med nesten ein tredjedel av den totale mengda, er EFA Bli med på leken (1979). Ho er resultat av innsamlingsaksjonen Bli med på leken gjennomført i samarbeid med Sparebankforeningen i Norge. Innsamlinga var retta mot barneskuleborn til og med 6. klasse, og dekte dermed heile barneskulen. Dei om lag 10 500 svara frå heile landet er organisert etter type leik: Blindebukk, spill, leikar med leiketøy, ballspel og balleikar, hyssingleik, gruppeleik, fangeleikselskapsleik, sangleik, paradis, hoppe tau, og hoppe strikk. Eit utval av desse er publisert i Barnas eget lekehefte (Enerstvedt & Kvideland 1980). Publisitet rundt innsamlinga finst i ei mappe kalla EFA Barnetradisjon med 10 avisutklipp samla gjennom Norske Argus.

Sparebankenes lekeaksjon i 1979. Slike hefter vart delt ut på skular over heile landet, og over 10 000 barn delte sine favorittleikar i ord og teikningar med etnologane og folkloristane i Bergen.

Innsamlingar gjort av studentar og forskarar

Ulike innsamlingar av barnetradisjonar gjennomført av studentar og andre, kan sjåast som ein tredje, viktig del av materialet:

EFA Barnetradisjon (1964). Barnetradisjonar samla inn av Borghild Foldøy på Bø skule, Raudaker på Jæren. Mappa inneheld 86 sider.

Dokumentasjon av barnetradisjonar frå skular i Bergensområdet og Jondal (1969). I alt 47 mapper høyrer til her. 22 konvoluttar inneheld transkribert intervjumateriale og utskrivne kartotekkort. Kvar konvolutt er organisert etter lydband, og dekker ein eller fleire skular/skuleklasser. Dette innsamlingsarbeidet er gjort av Magne Velure, som då var magistergradstudent og hadde dette som betalt oppdrag frå Kvideland. Utanom kartotekkorta inneheld desse konvoluttane anslagsvis 176 sider med transkribert materiale (frå tre til om lag femten sider i kvar konvolutt). 24 konvoluttar er merka med namn på skulen, klassetrinn og tal på elevar, og inneheld forteljingar, vitsar og leiker barna har skrive ned sjølv. I dei 24 konvoluttane er innhaldet etter 543 barn samla. I konvoluttane er det anslagsvis 1500 sider med vitsar, gåter, songar og forteljingar.

EFA Studentinnsamling (1969-1974). Denne mappa inneheld vitsar, leiker og gåter samla inn av studentar gjennom ymse studentprosjekt, og består av 205 sider.

EFA S Halmøy 1 og 2 (1970-1975). Mappene består av vitsar samla inn frå 6. klasse ved Bergensskulen Ny-Krohnborg skole. Materialet er samla i sju “arbeidsbøker for løsblader”. Tre arbeidsbøker inneheld vitsar frå 6. trinn mellom 1970 og 1975 (ca. 180 sider). Fire arbeidsbøker inneheld vitsar frå 5. trinn samla i 1972 og 1975 (ca. 88 sider). Totalt i dei to mappene er det om lag 268 sider.

EFA Barneskremme 1 (1972). Mappa inneheld forteljingar om kva barn vart skremt av, samla inn av Kvideland ved Kleppestø handelsskole, 9. trinn. Mappa inneheld om lag 75 sider.

EFA Barneskræmme 2 (om lag 1971 og 1976). Denne mappa inneheld også forteljingar om kva barn blir skremt av, og vart samla inn av Leif Ervik på eit gymnas i Sarpsborg, og av elevar på eit gymnas i Sarpsborg. Mappa inneheld 43 sider.

EFA Barnetradisjon (1972). Desse barnetradisjonane vart samla inn frå 5. klasse ved Christi Krybbe skoler i Bergen. Mappa inneheld 57 sider.

EFA Barnetradisjon (1972 om lag). Samlaren her er Kristian Andersen, som hadde desse frå danske skulebarn, sannsynlegvis frå femte klasse. Her er det 13 sider.

EFI Barnetradisjon (1972). Den eine av dei to mappene med dette namnet inneheld forteljingar om barnetradisjon der forteljarane viser til 1915 og 1920-talet, og til 1964. I tillegg inneheld ho innsamla arbeid frå studentar. Ho inneheld 14 sider. I den andre mappa er innhaldet det innsamla arbeidet til studentar, og rapportar basert på dette frå 1970-talet. Her finst også nokre foto som illustrerer innsamlingssituasjonen. Denne mappa inneheld 126 sider.

EFA Minna Arntzen 1-3 (1973). I Arntzen si undersøking samla ho inn såkalla groteske vitsar frå 8 klasse, 9. klasse og 1-3 gym i Bergen ved hjelp av spørjelister. Dei tre mappene inneheld 366 sider i alt.

“Barnetradisjon. Samlet inn i området omkring Repslagergaten, 18-29/6-73. Svein Schrøder Amundsen.” (1973). Denne mappa inneheld i tillegg transkripsjon og feltrapport frå Magne Velure, og inneheld 37 sider.

EFA Ellinger (1973). Samling med ellingar som bladet Vårt blad fekk tilsendt etter opprop. Innsendarane var for det meste barn, men også nokre godt vaksne delte ellingar frå barndommen sin dei fyrste to tiåra av 1900-talet. Mappa inneheld 54 sider.

EFA Thor G. Norås 1 (1974). Norås har samla inn barneleik frå ulike gatemiljø i Stavanger, og mappa inneheld 13 sider.

EFA Brekke, L.O. Barnetrad. (1978). Mappa inneheld 16 sider med vitsar samla inn frå Flatbygdi barne- og ungdomsskule frå Vik i Sogn.

EFA Barneleik (1982). Kvideland samla barneleikar frå Sotra V.G. Skole. Mappa inneheld 23 sider.

Materiale utan innsamling som føremål

Vidare, inkluderer Barnekultursamlinga ein del materiale som vart skapa med andre føremål enn innsamling:

EFA Minnebok 1-19 (1898-1972). Samlinga består av 19 minnebøker. Kvar bok varierer i storleik frå 11 til 141 sider.

EFA Julenissebrev 1-106 (1972-1975). Dei 106 konvoluttane inneheld 2050 brev, som varierer frå å vere postkort med og utan julemotiv til A4-ark med og utan linjer, med tekst og teikningar på. England, Irland og Noreg dominerer blant avsendarlanda, men også barn og nokre vaksne frå andre europeiske land, frå fleire afrikanske land, Oceania, Asia og Nord- og Sør-Amerika har sendt brev. Jugoslavia og Vest-Tyskland finst ikkje lenger, men er representert blant avsendarlanda her. Breva vart gjerne adressert til Julenissen, Nordpolen, eller tilsvarande, og vart levert til Oslo. Eit utval av desse vart oversendt til EFA.

EFI Konfirmasjonskort 1 (1974). Mappa inneheld 29 konfirmasjonskort gitt til konfirmanten.

EFA Glansbilledalbum (Udatert). Dette album med glansbilde i er på 18 sider.

Kartotekkort – eit slags oppslagsverktøy før EDB og internett

Til sist, inneheld Barnekultursamlinga ei kartotekkortsamling der barnetradisjon og vitsar har blitt systematisert. Kartotekkorta er merka med innsamlar, namn på elev, skule og årstal. Dei er sortert etter skule/geografi og sjanger. Skulane ligg i Bergensområdet. Kartotekkorta representerer døme på arbeidsmåten ved arkivet på 1970-talet, og var ein måte å få tilgang til materialet på som gjorde det oversiktleg og handterleg.

Barnekultursamlinga inneheld altså ei rekke ulike former for materiale som saman seier noko om interessa for dokumentasjon av erfaringar knytt til visse tema for ei særleg gruppe i samfunnet. Kartotekkortsamlinga seier noko om korleis materialet vart systematisert og gjort tilgjengeleg for bearbeiding og forsking. Innhaldet røper ein nysgjerrigheit på uttrykk frå barna. Vidare, visast ein tanke om viktigheita av å dokumentere barna sine eigne kulturuttrykk som ressurs for barna sjølv, og som ressurs for å forstå barn sine vilkår for oppveksthøve.

Det finst meir!

Det er grunn til å tru at det kan finnast meir materiale som høyrer heime i Barnekultursamlinga, og dette er ikkje ei fullstendig liste. Til dømes har EFA mellom anna ei rekke lydband med opptak av samtalar og feltarbeid knytt til barneleik som ikkje er skildra her.

Lese meir?

Her er nokre bøker og artiklar basert på Barnekultursamlinga:

Enerstvedt, Åse (1983). Tampen brenn: norske barneleikar. Oslo: Det Norske Samlaget. https://www.nb.no/items/e283d70f1b48d8028724d1e0fa861752?page=0&searchText=oaiid:%22oai:nb.bibsys.no:998230958004702202%22.

Enerstvedt, Åse (1987). Roser er røde…: Minneboken fra 1790 til i dag. Oslo: Aventura Forlag. https://www.nb.no/items/5f2fc06ecaea43c238b7984f05471e93?page=0&searchText=oaiid:%22oai:nb.bibsys.no:998741783204702202%22.

Enerstvedt, Åse og Reimund Kvideland (1980). Barnas eget lekehefte. Oslo: A.S. Sparebankmateriall – SPAMA. https://www.nb.no/items/d51a1ac1c0d96983d8ab319c61dd632b?page=0&searchText=barnas.

Kvideland, Reimund (1976). «Barnetru. Ein faktor i den kulturelle innlæringsprosessen». Fataburen. Særtrykk.

Kvideland, Reimund (1979). Historier om døden som del av barns kompensatoriske sosialisering. I: Tidsskrift for samfunnsforskning 20, s. 565-572. https://www.nb.no/items/96e80056cb2a140d28c5599070a31f9d?page=573&searchText=seriestitleid%22oai:nb.bibsys.no:999006779964702202%22. I artikkelen viser Kvideland til ei rekke døme på ulike spøkelsesforteljingar, vitsar og liknande som barn har fortalt kvarandre der døden blir tematisert. 

Kvideland, Reimund (1987). Barns vitsar og gåter frå ein sosialiseringssynsvinkel. I: Barn og humor: Artikkelsamling frå et tverrfaglig forskningsseminar Mariaholm skolesenter, 26.-28. januar 1987. https://www.nb.no/items/ea06b98f48258d06ac926c2df3ddb436?page=151&searchText=reimund

Kvideland, Reimund (1978). Verbal tradering i enkulturationsprocessen. I: Nils-Arvid Bringéus og Göran Rosander: Kulturell kommunikation. Lund: Bokförlaget Signum. s. 41-52.

Kvideland, Reimund (1983) Barnekultur. I: Magnhild Gravis: Barnet og talemålet. Oslo: Universitetsforlaget. S. 110-117.   https://www.nb.no/items/bfdf8742bec0f15d1c7ee60ee02e567a?page=111&searchText=reimund

Oftedal, Aud (1972). Stavangerbarns muntlige tradisjoner. Magisteravhandling i folkloristikk, Universitetet i Bergen.

Reme, Eva (2013). Reimund Kvideland (1935-2006). I: Bjarne Rogan og Anne Eriksen: Etnologi og folkloristikk. En fagkritisk biografi om norsk kulturhistorie. Oslo: Novus forlag. s. 283-296.

Ei rekke semesteroppgåver på 1970-talet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *