Gamle arkivbokser der det står Folkeminne på

SAMLA: Åndsverk eller kollektive uttrykk?

Av Hans-Jakob Ågotnes og Line Grønstad

Åndsverklova bestemmer at skaparen av åndsverk har opphavsrett til verket. Kjernematerialet i Norsk Folkeminnesamling og dels i Etno-folkloristisk arkiv består av det som på 1800- og første del av 1900-talet vart oppfatta som sentrale delar av folkekulturen. Kven har skapa innhaldet i samlingane som vi digitaliserer i SAMLA, og korleis kan vi tenke om opphav og rettigheiter? Dette blogginnlegget er basert på utdrag frå arbeidet med ein etisk manual for prosjektet, og her gjer vi greie for korleis vi ser på innhaldet i samlingane.

SAMLA inneheld mellom anna materiale etter sentrale samlarar som Asbjørnsen og Moe, Moltke Moe, Sophus Bugge og Torleiv Hannaas, som ofte stammar frå samlarferder der samlarane har oppsøkt informantar eller meddelarar og skrive ned forteljingane dei fortalde eller song. Segner, eventyr og balladar har sidan blitt klassiske folkeminnesjangrar.

Eit viktig spørsmål for SAMLA er om noko av materialet som prosjektet vil offentleggjera kan oppfattast som åndsverk, dvs. “litterære eller kunstneriske verk av enhver art, som er uttrykk for original og individuell skapende innsats”, som f.eks. tekstar av alle slag (§ 2). I så fall vil offentleggjering kreva samtykke frå den som har opphavsretten. Lova bestemmer også at opphavspersonen (“opphavaren”) har rett til å bli namngitt ved offentleggjering, og at måten verket blir offentleggjort på eller samanhengen det skjer i ikkje skal verka krenkande for opphavaren eller verket (§ 5).

Forteljingane Asbjørnsen, far og son Moe, Bugge, Hannaas og dei andre samla, vart framført av enkeltindivid og var del av individuelle repertoar, men vart oppfatta som kollektive produkt, som uttrykk for folkets felles kulturproduksjon: Gjennom munnleg tradering var uttrykket forma av kollektivets smak og verdiar. Meddelaren var derfor oppfatta som overbringar, ikkje diktar, sjølv om samlarane skilde mellom gode og mindre gode forteljarar og kunne verdsetja dei kunstnarlege evnene som prega framføringa.

Materialet var ut frå denne tankegangen folkeminne, anonyme verk som ikkje hadde individuelle forfattarar. Innhaldet i innsamlingane kan sjåast som kollektive uttrykk og deling av repertoara kan sjåast, med ein moderne terminologi, som frivillig kulturvern. Intensjonen med innsamlinga var derfor å samla og verna vitnemål om folkets kultur, ein kollektivt skapt, felles eigedom som høyrte til nasjonen.

Folkeminneforskarane oppfatta folkedikting (som eventyr, segner osb.) som noko anna enn litteratur (kunstdikting). Slik blei det nok også oppfatta av informantane. At meddelarar også i vår tid opplever at bidraga til tradisjonsarkiva er verdifulle og viktige for samtid og framtid, forsking og dokumentasjon er mellom anna tydeleg i ei undersøking NEG gjorde blant sine meddelarar i 2014 («Hvorfor skriver du for Norsk etnologisk gransking?»). Også samlarane har sett det som si oppgåve å bidra til innsamlinga av ein kollektiv kulturell arv.

Denne typen materiale har derfor ikkje blitt sett som åndsverk som informanten skal ha opphavsrett til. Dette perspektivet ligg også under skiljet mellom kunstdikting (skjønnlitteratur) og folkedikting, som inneber at materialet ikkje er ‘verk’ i åndsverklovas forstand. Den same forståinga er framleis rådande: jf. definisjonen av folkeminne i Nynorskordboka: “åndeleg kultur nedarva i breie lag av folket (til dømes folkedikting, folketru, skikkar)”. Den ligg også under institusjonane sin eksisterande praksis ved publisering, f.eks. utgivinga av Norsk Folkeminnelags skrifter. Ut frå dette resonnementet vil SAMLA sjå på folkeminnemateriale som i prinsippet eigna for open publisering (sjølv om det også kan vera delar av denne typen som må vurderast annleis).

Ikkje alt er folkeminne

Det er likevel ikkje alt materiale i samlingane som kan karakteriserast som folkeminne. Det kan også  finnast dokument i samlingane som kan oppfattast som åndsverk. Dersom intensjonen ved avleveringa har vore at den som avleverte materialet har opphavsrett til det, vil offentleggjering kreva samtykke, så lenge opphavsretten ikkje har falle bort (den går ut 70 år etter utløpet av opphavspersonens dødsår, jf. Åndsverklova § 11). Åndsverkslova §49 tilseier likevel at museum, bibliotek, arkiv og utdanningsinstitusjonar kan gjere åndsverk tilgjengelege for forsking eller særskilte føremål, jamfør Forskrift til åndsverkslova.

Etter at arkivinstitusjonane var grunnlagt (NFS i 1914 og EFA i 1921) har mange andre samlarar, ofte lokalt baserte, levert materiale til samlingane. Seinare har nye materialtypar kome til. Døme på dette er vitsar, vandresegner og julenissebrev. I slike samlingar kan det førekoma omtale av namngjevne personar som gjer det nødvendig å vurdera om materialet kan offentleggjerast.

Vi har også organiserte innsamlingsaksjonar, f.eks. frå skuleborn på 1970-talet, der innhaldet til liks med folkeminne har karakter av å mangle opphavsperson, sidan det blir fortalt og gjenfortalt på ny og på ny for stadig nye publikum. I slike tilfelle bør personopplysningar normalt fjernast eller samtykke hentast inn.

Minnemateriale i form av NEG sine spørjelister og livsforteljingar, og minneoppgåvene frå UiO skiljer seg frå folkeminnematerialet ved at det er enkeltpersonar som fortel om sine eigne liv og om indirekte berørte personar. Spørjelistene kan også innehalda enkeltmeddelarane sine livserfaringar og verdibaserte oppfatningar som kan vera problematisk å publisera, særleg om dei omhandlar sensitive spørsmål.

I svar på nyare spørjelister (1970-talet og framover) har meddelarane i større grad enn tidlegare delt eigne erfaringar og opplevingar. Tidlegare svara dei gjerne på spørsmål om korleis fenomenet har vore ein del av livet i bygda eller området som meddelaren melde frå. Dette materialet er samla inn med intensjon om dokumentasjon av samtid og praksisar, ikkje med intensjon om skaping av “litterære eller kunstneriske verk av enhver art, som er uttrykk for original og individuell skapende innsats” (Åndsverkslova § 2).

Det er altså ikkje åndsverk. Til gjengjeld kan det innehalde informasjon som gjer personvernlova og NESH sine forskingsetiske retningslinjer for deltaking i forsking og informert samtykke aktuelle. Praksis har vore å halde tilbake slikt materiale ved å nytte Forvaltingslova sin paragraf om teieplikt i 60 år, eller unnataksvis i opp til 100 år.

Materialet som kan skildrast som minnemateriale kan ut frå dette delast i to – det som er eldre enn 60 år og det som er yngre enn 60 år. Det eldre kan i utgangspunktet leggast ut fritt. For det som er yngre må det vurderast om det ut frå innhaldet bør haldast tilbake, bl.a. av personvernomsyn. Ei vurdering av innhaldet ut frå etiske omsyn kan også vera nødvendig for det eldre materialet. Det kan vere skildringar, namn, eller andre former for opplysningar som ikkje bør gjerast fritt tilgjengeleg. Vidare kan yngre materiale ha innhald som gjer det eigna for offentleggjering, og der det er mogleg å tilfredsstille personvernlova sine krav om vern av personleg informasjon. Motivasjon og føremål med innsending av materiale til arkivet speler også inn, jf. punktet om åndsverk eller kollektive uttrykk.

Oppsummert vil SAMLA-prosjektet som generell regel handsama folkeminna som materiale der opphavsrett ikkje er relevant. Her er heller ikkje personvern eit generelt problem, men det kan finnast unntak. Når det gjeld andre materialtypar kan det vera aktuelt å skjerma delar mot generelt innsyn, eller ikkje publisera opplysningar om opphavspersonar. For spørjelister og minnemateriale kan det setjast ei grense ved kor gammalt materialet er i tråd med reglar om teieplikt, men også her inngår ei vurdering av innhaldet.

Vurderingar av kva som kan gjerast fritt tilgjengeleg og av kva som berre kan vere tilgjengeleg for forsking, kan endre seg med tid og bruk. Vi tar gjerne i mot innspel, og etikkmanualen som dette er utdrag frå, blir revidert gjennom prosjektet slik at han best høver med samlingane og med dei etiske vurderingane som vi står i.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *