Category Archives: gåter

Hannaas-samlinga

Av Angun Sønnesyn Olsen

Hannaas-samlinga er ei folkeminne- og språksamling etter filologen og folkeminnesamlaren Torleiv Hannaas (1874-1929). No har me nominert denne til Norges dokumentarv, og uansett utfall så synes me at den er så verdifull at me vil dele litt om den her.

Den eldste delen av EFA

Me har tidlegare skrive om oppstarten av Folkeminnesamlinga ved Bergens Museum. Hannaas-samlinga er grunnlaget for denne, og består av det Hannaas sjølv samla inn, eller fekk tilsendt av andre bidragsytarar, i tidsrommet 1896-1929. No utgjer Hannaas-samlinga den eldste delen av Etnofolkloristisk arkiv (EFA) ved Universitetet i Bergen.

Folkeminne, namn og dialekt

Hannaas-samlinga er kjenneteikna ved breidda i materialet. Ho inneheld segner, stev, viser, balladar, visehandskrifter, leikar, skikkar, truer og svartebøker, i tillegg til ordtak, ordsamlingar, stadnamn, folkenamn og kunamn, hovudsakleg frå Vestlandet og Agder. Samlinga inneheld også eldre brev og manuskript Hannaas har samla, samt hans egne forelesningsnotatar, både frå forelesningar han har høyrd og forelesningar han har halde sjølv, og manuskript til trykte bøker og artiklar.

Hannaas hadde ei spesielle interesse for innhaldet i, og forma på bygdemålet. Dette førte til at samlinga ved sida av folkeminne også inneheld dokumentasjon av vestlandske dialekter. I ei årsmelding frå Bergens Museum skriv Hannaas at Folkeminnesamlingi «hev ei serskild samling for spraaklege, litterære og kulturelle folkeminne». Perioden materialet stammar frå, er særskilt 1800-talet og tidleg 1900-talet, med fragment av eit 1400-tals manuskript som det eldste dokumentet.

Feltreiser og faglege nettverk

Mykje av materialet har Hannaas samla inn på feltreiser. Innsamlingsmetoden liknar den andre samtidige folkeminnesamlarar hadde; han besøkte folk, ofte eldre, i det området han reiste til, og skreiv ned det dei hadde å fortelje eller syngje. Feltnotatane vitnar om at han spurde seg rundt etter moglege informantar, og oppsøkte personar han fekk høyre om undervegs. Ikkje alt er skrive inn i notisbøker, det er og mykje folkeminnematerial notert på lause ark og baksider av diverse andre skriv, noko som vitnar om at Hannaas noterte på det han hadde tilgjengeleg (Alver 1953).  

I tillegg til sjølv å samla inn folkeminne, bygde Hannaas opp eit fagleg nettverk av samlarar, særleg frå Vestlandet og Agder. Då han arbeidde ved Stord offentlege lærarskule fekk han lærarstudentane til å samle inn folkeminne for seg. Mange av desse vart faste bidragsytarar til Hannaas-samlinga. Dette nettverket kjem også tydeleg fram i Hannaas si store gåteinnsamling.

Gåtesamlingar

Gåteinnsamlinga til Hannaas hentar inspirasjon frå stortingspresident og grunnleggjar av Bergens Museum, W.F.K. Christie (1778-1849) si interesse i folkeminne og språk.  Christie samla inn gåter på 1840-talet, parallelt med at P. Chr. Asbjørnsen, Jørgen Moe, Magnus Brostrup Landstads og Sophus Bugge samla inn eventyr, segner og balladar.

Inspirert av Christie, starta Hannnaas si gåteinnsamling i 1916. Han sette inn annonse i aviser og fekk slik bidrag frå heile landet. Eit år seinare sendte han ut skriv til lærarar ved ungdomsskulane rundt om i landet og ba om hjelp til innsamlinga. Hannaas samla også på eldre handskriftsamlingar. Ei av desse, ei visebok frå Nordhordland datert 1806, inneheld 40 gåter og er den eldste samlinga med gåter skrive opp her i landet. Gåtene etter Christie vart gitt i gåve til Hannaas og Folkeminnesamlinga av W.H. Christie i 1924, grandnevøen til Christie. Til saman utgjer desse gåtesamlingane den største og rikaste samlinga av tradisjonelle gåter i Noreg.  

Om samlinga etter Hannaas si tid

Hannaas-samlinga starta opp som Folkeminnesamlinga ved Bergens Museum i 1921.

Gustav Indrebø (1889-1942) tok over styringa av Folkeminnesamlinga i 1930. Han gjorde eit stort arbeid ved å organisere og katalogisere materialet etter Hannaas. Samlinga har sidan hatt ulike institusjonstilknytingar, og har difor vore flytta fysisk fleire gonger.

Etter at Universitetet i Bergen vart oppretta i 1946, vart samlinga knytt til universitetet. Professoratet i vestnorsk målføregransking, samt folkeminne- og målføresamlingane som fylgde med, vart vidareført i Institutt for nordisk filologi. Instituttet vart oppretta i 1953, og i høve denne omorganiseringa ordna folkloristen Brynjulf Alver (1924-2009) samlinga på nytt. Heile samlinga fekk nye arkivnummer, men rekkefylgja Indrebø hadde organisert materialet etter, vart behalde. Alver laga eit nytt register, der folkediktinga vart ordna etter typenummer og kategoriar som fylgde den folkloristiske forskinga på 1950-talet.   

Ved opprettinga av Etnofolkloristisk institutt (EFI) i 1972 vart hovuddelen av samlinga innlemma i det tilhøyrande og nyoppretta forskingsarkivet Etnofolkloristisk arkiv (EFA), medan språkmaterialet vart att ved Nordisk Institutt, seinare LLE. Oppdelinga av materialet fylgde innhaldet; det som handla mest om språk og målføre vart verande, mens det materialet som høyrde til dei meir klassiske folkeminnesjangrane vart lagt til det nye instituttet.  

I perioden har tilgangen til arkivet variert, og over fleire år har mangelen på arkivar gjort at historikken til samlinga, samt arkivordenen i det fysiske arkivet sakte har gått i oppløysing. I samband med å klargjere materialet til digitalisering, vart det oppdaga fleire lakuner. Dei største lakunene vart retta opp i ved at materialet i samlinga frå LLE og EFA vart førd saman att. Dette førde til at ein igjen kunne sjå heilskapen i samlinga. Det er likevel framleis lakuner i samlinga, og oppsporing av dette er eit pågåande arbeid.

Oversikt over samlinga

Då Indrebø katalogiserte samlinga på 30-talet, sette han det meste andre samlarar hadde sendt inn til museet under Hannaas sitt namn. Dette inkluderer rundt 200 ulike bidragsytarar. 12 samlarar har Indrebø likevel katalogisert under deira eigne namn. Materialet etter W.F.K Christie har seinare også fått egen arkivsignatur. I tillegg til 542 mapper med signaturen EFA Hannaas, består Hannaas-samlinga difor av fylgjande arkivsignaturar:   

EFA Aavatsmark 1: O.S. Aavatsmark (1855-1935), sjå  Ole Severin Aavatsmark – Wikipedia, segn frå Namndalen sendt inn i 1924. 1 mappe.  

EFA Bjelland 1: Otto Bjelland (1886-1982), sjå Otto Bjelland – lokalhistoriewiki.no, segner frå Hafslo, skrive av elevar ved barneskulen. 1924. 1 mappe.   

EFA Bjørgaas 1: Knut Bjørgaas (1883-1946), sjå Knut Bjørgaas – lokalhistoriewiki.no, eventyr frå Vossestrand 1916. Bjørgaas sendte også inn gåter til Hannaas si store samling. Desse er registrert under Hannaas. 1 mappe.   

EFA Christie 1-24: W.F.K. Christie (1778-1849), sjå Wilhelm Frimann Koren Christie – lokalhistoriewiki.no “Christies gaator”. Inneheld også brev frå Ivar Aasen datert 30. mars 1860. Gåve til samlinga frå W.H. Christie 21. mai 1924. 24 mapper.   

EFA Delgobe 1-7: Henri Delgobe (1874-1950), sjå Henri Delgobe – lokalhistoriewiki.no Norske ord fraa Ryfylke, 1917-22, og viser og anna frå Røldal 1919-1922. 7 mapper.   

EFA Espeland 1: Arne Espeland (1885-1972), sjå Arne Espeland – lokalhistoriewiki.no, Eventyr frå Tingvatne, Hægebostad. 1904. 1 mappe.  Det er også material etter Espeland i notatane til Hannaas etter ei innsamlingsferd i 1921 (EFA Hannaas 432).   

EFA Mjaatveit 1-5: Elias Mjaatveit (1874-1957), sjå Elias Mjåtveit – lokalhistoriewiki.no Diverse folkeminne og ordlister sendt inn mellom 1916 og 1927. 5 mapper.   

EFA Moltu 1: Paul Moltu (1858-1933) Om båtbygging i Volda. 1924. 1 mappe.   

EFA Skolmen 1-3: Thora Skolmen (1868-1933), sjå Thora Skolmen – lokalhistoriewiki.no Folkeminne frå Land. 1917. 3 mapper. Skolmen sendte også inn gåter til Hannaas si store innsamling. Desse er registrert under Hannaas.  

EFA Sørestrand 1-5: Martinius Sørestrand (1892-1977), sjå Martinus Sørestrand -lokalhistoriewiki.no   Folkeminne frå Årdal i Sogn, 1921. 5 mapper. Sørestrand sendte også inn gåter til Hannaas si store innsamling. Desse er registrert under Hannaas.   

EFA Vilhelmsen 1: Vilhelm Vilhelmsen (1890-1962) sjå Vilhelm Vilhelmsen – lokalhistoriewiki.no Segner frå Seim i Nordhordland. 1909. 1 mappe.   

Vil du lese meir?

Her er eit utval tekstar om Hannaas og samlinga hans, samt tekstar som omtalar material frå samlinga:

Adams, Jonathan (2016). “‘Beware of false prophets’: A Fragment of the Old Swedish Miracle Homily Book” iMedieval Sermon Studies Volume 60, Issue 1 Full article: ‘Beware of false prophets’: A Fragment of the Old Swedish Miracle Homily Book (tandfonline.com) 

Alver, Brynjulf (1953). Torleiv Hannaas: Og hans arbeid med folkedikting. Universitetet i Bergen. 

Alver, Brynjulf (1956). Gåter frå Voss. Folkeminnenemndi, Voss. 

Berg, Kirsten Bråten (1991) Svein Knutsson Hovden. Bykle kommune.

Christie, W.F.K  & Kristofer Janson (1868) Norske gaator samlade av Stiftamtmann W. F. K. Christie. Bergen: F. Beyer. https://www.nb.no/items/047ff9895bed3950189f681933e61479?page=0&searchText=oaiid:%22oai:nb.bibsys.no:999328193114702202%22  

Hannaas, Torleiv (1925) Folkeminnesamlingi. I Bergens Museum 1925: En historisk fremstilling redigert av professorkollegiet. A/S John Griegs boktrykkeri, Bergen, s.  389-403.  

Hannaas, Torleiv (1927). Sogur frå Sætesdal. Sagde av Olav Eivindsson Austad. Steenske Forlag 

Indrebø, Gustav (1937) W. F. K. Christie: Norsk Dialect-Lexicon og nokre folkeminne og brev. Bergens Museums Årbok, Historisk-antikvarisk rekke, Nr. 1. A/S John Griegs boktrykkeri, Bergen.   

Kjus, Audun (2020). Jakten på gulatingstedet: En sagnhistorie. Tidsskrift for kulturforskning 2/2020, s. 87 – 110. 

Segner på Vestlandet. https://segner.no/.  

Sehmsdorf, Henning K., Reimund Kvideland (1999). All the World’s Reward: Folktales Told by Five Scandinavian Storytellers. University of Washington Press. 

Ågotnes, Hans-Jakob  (2013). Etno-folkloristisk institutt. I Bjarne Rogan og Anne Eriksen (red.). Etnologi og folkloristikk: En fagkritisk biografi om norsk kulturhistorie. Novus forlag, s. 623–643. 

Wilhelm Frimann Koren Christie 

Av Angun Sønnesyn Olsen og Silje Teigland Røstøen

10. oktober 2021 er det 172 år sidan W.F.K. Christie døydde. Christie er nok mest kjent som politikar og embetsmann, men her hjå EFA er det mål- og folkeminnemannen Christie me kjenner best, og det er han me vil dele litt om i dag. Kanskje klarer du å løyse ei av  Christie-gåtene som dukkar opp i teksten?    

«Vil de no høyra og veta tevissa, om den avgud’n so står i vår by» song Berent Lövland, skomakar frå Masfjorden, i skjemtevisa «Visa om Krististytta» (EFA Midtbø 05). Samla inn på fyrste del av 1900-talet, viser dette at W. F. K. Christie har sett spor etter seg både i folkeminna og i historia om innsamling av folkminne.   

W. F. K Christie var fødd i Kristiansund i 7. desember 1778. Allereie som tiåring starta han på latinskule i Bergen, og seinare begynte han studiar i København. Han blei verande i København heilt til 1809, då reiste han tilbake til vestlandet og vart sorenskrivar i Nordhordland. Under Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 var han representant for Bergen, og hadde rolla som sekretær under forhandlingane. Same år vart han valt inn som den fyrste stortingspresidenten. Christie blei seinare plaga med dårleg helse, og av den grunn trekte han seg frå livet i politikken. Han blei utnemnd til stiftamtmann i Bergen i 1815, og dette embetet hadde han fram til han fekk avskil i januar 1825. Men sjølv om han var sjuk så låg han ikkje på latsida. I april 1825 inviterte han til å «grunnleggja eit Museum «af  Oldsager og Konstsager» og eit «Naturaliekabinet af indenlandske Naturalier» (Indrebø 1937:9). Dette vart starten på Bergens museum, med Christie og biskop Jacob Neumann (1772–1848) som to av grunnleggarane. Interessa for ei slik samling kjem fyrst fram i materialet etter Christie etter 1820. Private samlingar sto sterkt på byrjinga av 1800-talet, mens ideen om ei samling som ein offentleg institusjon truleg kom frå liknande prosjekt ute i Europa som Christie såg på reisene sine (Jordåen 2014). 

 
Dette er Bergens Museum, som no heiter Universitetsmuseet. Museet hadde to hus ved Lille Lungegårdsvann. Huset til høgre vart kalla det Klagenbergske hus, huset til venstre var nyleg bygd. Foto tatt mellom 1840 og 1865. Det høyrer til Spesialsamlingane ved UiB.

Idéen om at eit museum skulle taka vare på materielle minne, og at vestlandske bygdemål og folkeminne ikkje høyrde heime her, stod sterkt hjå Christie og hans kollegaer (Hannaas 1925). Han hadde likevel ei brennande interesse for det immaterielle. Christie “(…) segjer sjølv at Muséet og målsamlingane hans var liksom systkin. Dei var borni hans båe og han ofra deim båe mykje av si tid og si umhug” (Hannaas 1925: 389).Christie brukte altså mykje av tida si på museumsrelevant arbeid, museet var livsverket hans, og etter hans død blei hans interesse for natur og arkeologi vidareført. Målgranskinga og folkeminnesamlinga vart ikkje jobba noko særleg meir med, før Torleiv Hannaas vart tilsett som stipendiat ved museet i 1914.   

Christie fekk tidleg ei interesse for kultur og språk. Som 19-åring, i 1797, byrja han på eit manuskript om «Antiquiteter, Historie, de gamle Sprog etc.». I 1810-1811 jobba han med bygdemålsord frå Nordhordland, og i 1818 støtta han ein kjøpmann i Bergen med å skrive opp ordtak og vendingar på Bergensmålet (Indrebø 1937). Christie samla eit stort omfang av ord og uttrykk på folkemålet. Hannaas omtaler det som “utan samanlikning det største arbeid som var gjort i norskt folkemål på den tid” (1925:395).Ifølgje Gustav Indrebø, som gav ut Christies Norsk Dialect-Lexicon i 1937, inneheld denne mellom 18 og 19 000 oppslagsartiklar. Han sette “den “Bergenhusiske Dialekt og Udtale” svært høgt fordi han oppfatta den som nærmast islandsk og gammalnorsk (Indrebø 1937:80). Hannaas skriv at det var ei stor skade at Ivar Aasen og Christie ikkje fekk i gang eit samarbeid.  Sjølv om dei møttest fyrste gong i 1843, var det ikkje før i 1848 at Aasen fekk lest noko av materialet. På den tida var Aasen kome så langt i sitt eige arbeid at han ikkje trengte hjelpa frå Christie (1925).   

Indrebø skriv: «Interessa hans for folke-tradisjonar syner seg m.a. i at han kjøpte ei heil rad med folkeminnebøker (…) Likeins i at han tok med mykje folkeminne i ekscerptsamlingane sine. Men han samla og tradisjonar or folkemunn. Denne samlarverksemdi hans fell rett nok noko spreidt. Like vel er ho slik at Christie er verd å minnast millom dei eldre folkeminnesamlarane våre» (1937:26). Blant oppskriftene etter Christie finn ein skikk og folketru, segner, eventyr, ordtak og dikt. Slik som andre folkeminnesamlarar både på Christie si tid, og i åra etter, hadde han ei sterk oppleving av at dei var for seint ute med samlinga. Frå Indre Holmedal fekk han høyre frå prosten  om ei gamal kone «som kunde en lang, uden Tvivl meget gammel og ægte norsk, Folke-Sang». Han oppmoda prosten til å skrive ned songen, men han fekk seinare beskjed om «at Sangen ej kunde faaes, da konen var død» (Indrebø 1937:27). Christie publiserte berre nokre få glimt frå samlinga si, men i manuskripta etter han er det fleire utkast til planlagde publikasjonar av folkeminne og språksamling. Stilen hans i å fortelja att tradisjonar minnar stort sett om Andreas Faye, med ein meir skulert og skriftleg gjengivnad av dei muntlege kjeldene enn det etterkomarane har hatt. Men, det er eitt unntak frå hans siste levetid, der han attgjev nokre segner i ein meir folkeleg forteljarstil (Indrebø 1937). Christie samla ikkje berre sjølv, men han inspirerte også andre til å gjere det same.   

Mot slutten av livet starta han også ei meir systematisk innsamling. Truleg inspirert av ei svensk gåtesamling frå 1847, sendte han lærarar, embetsmenn og bønder eit opprop om å samle inn og sende han gåter (Hannaas 1925). Han fekk inn ei god samling, som broren, tollkasserar W.H. Christie, tok seg av etter at han døydde. W.H. Christie rådførte seg med Ivar Aasen om utgiving. Aasen skriv i brev til han, datert 30.03.1860: «At denne hæderlige Afdöde (…) imellem sine mange andre Arbeider har været i stand til at tilveiebringe en saa betydelig Samling som denne, er atter et nyt Mærke paa den særdeles  Opmærksomhed, hvormed han omfatter alt, hvad der hörte folket til». Aasens hadde sjølv ei gåtesamling han prøvde å finne tid til å utgje, og skriv vidare: «Eg vil saaledes ikkje fraraade, at den foreliggende Samling maa blive udgiven særskilt; jeg skulde tvertimod have anseet det önskelig, om den allerede havde været utgiven» (EFA Christie 03).  Eit utval av gåtene vart publisert av Kristoffer Janson i Bergen i 1868. Dei originale gåteoppskriftene til Christie vart gitt til Folkeminnesamlingi i 1924, etter å ha vore i privat eige hjå Christie-slekta. Den er no ein del av materialet her på Etno-folkloristisk Arkiv, og er skanna og klar for å bli tilgjengeleg for fleire gjennom SAMLA.  

“Norske Gaader”. Foto: Silje Teigland Røstøen.
Foto: Silje Teigland Røstøen.

Mange av gåtene vitnar om skikk og bruk i tida då dei vart samla inn, og svara er kanskje ikkje heilt lette å finne for oss i dag. Nokre er meir tidlause. Her er to eksempel, moglegens frå Nordfjord (EFA Christie 22). Svara finner du nedst i teksten. 

  1. Qva æ da so a brunt i Toppen aa kjukt mæ Botten,
    Dæ kritla unde Aaklæa og jere godt
     i Koppen?
  2. Qva æ da so fære over Fjæl aa Dal, over Vand og Hav, igønnaa Høi [aa] Halm aa inkje tuska?

Det er i dag fleire spor etter Christie i Bergen. Frå Muséplassen framfor museet i Bergen, held Christie auge med Christies gate, og kanskje nokon av dykk har gått gjennom Christieparken på veg til Brann Stadion eller ete lunsj på Christie Café? Christiestøtta vart avduka i 1868, den gong plassert midt på Torgallmenningen. Den 17.mai 1868 var det ei staseleg avduking, og ingen andre enn Edvard Grieg hadde laga ei kantate til minne om Christie, med tekst av Andreas Munch. Høyr kantata her og her. Støtta var det aller fyrste portrettmonumentet i Noreg, skapt av Christopher Borgh og finansiert med innsamla midlar. I 1925 vart statuen flytta til Muséplassen, og året etter fekk Christie selskap av ei løve ved sokkelen av støtta.  

17. mai 1868 vart Christiestøtten avdekka på Torgallmenningen. Foto: Knud Knudsen/Spesialsamlingane ved UIB.
Foto: Silje Teigland Røstøen.

Hannaas såg på seg sjølv som Christie sin arvtakar. Inspirert av gåtesamlinga til Christie og ved hjelp av frivillige over heile landet, sette Hannaas sjølv i gong ei omfattande samling av gåter i 1916. Han skriv: “Det hev vore meg ein stor hugnad at dei uppgåvone eg mest har sysla med, dei hev eg kunne rekna som eit beinveges framhald av Christies upptak” (1925:398).  På denne måten set han Bergens Museums Folkeminnesamling, og EFA, i direkte link til opphavsmannen for Bergens Museum. Om du ynskjer å lese meir om Christie kan du sjekke ut litteraturen nedanfor. Me anbefaler også å ta turen til Universitetsmuseet i Bergen, Kulturhistorisk avdeling, sitt eige Christie-rom.   

 

Litteratur  

Hannaas, Torleiv (1925) Folkeminnesamlingi. I Bergens Museum 1925: En historisk fremstilling redigert av professorkollegiet. A/S John Griegs boktrykkeri, Bergen, s.  389-403.  

Indrebø, Gustav (1937) W. F. K. Christie: Norsk Dialect-Lexicon og nokre folkeminne og brev. Bergens Museums Årbok, Historisk-antikvarisk rekke, Nr. 1. A.s John Griegs boktrykkeri, Bergen.   

Jordåen, Runar (2014) Wilhelm F.K. Christie: Presidenten. Fagbokforlaget: Bergen.  

Weidling, Tor R. (2021) Wilhelm Frimann Koren Christie. I: Store Norske leksikon.  Wilhelm Frimann Koren Christie – Store norske leksikon (snl.no).    

 

 

Svar på gåtene:  1. Det er naar det brygges Øl 2. Solen