Svart-hvittbilde av tre menn

Folkeminneskeidet i Bergen 12.-17. august 1918

Av Angun Sønnesyn Olsen

«Fraa Folkeminne-skeidet i Bergen 1918» står det på ei av dei mange notatbøkene med forelesningsnotatar i Hannaas-samlinga. Då me pakka om og registrerte dette materialet i 2021 vart eg spesielt nysgjerrig på denne boka. Kva var dette Folkeminneskeidet? Kven arrangerte det og kven vart det arrangert for? Eit søk i aviser frå tidsrommet 1916-1920 på www.nb.no gav mange ledetrådar, men framleis er det fleire å nøste opp i. Her vil eg gje eit lite innblikk i kva kjeldene fortel.

Sjølve namnet Folkeminneskeid vart fastsett fyrst under arrangementet i Bergen. I månadane før blir det omtala i avisene som både bygdehistoriekurs, lokalhistoriekurs, folkeminnekurs og sogekurs. At det ofte er omtala som lokal- eller bygdehistorisk kurs er ikkje tilfeldig. Mannen som tok initiativ til  denne samlinga var Just Bing, litteraturhistorikar og statsarkivar i Bergen frå 1903 til 1930. Han jobba for å gjere arkivet i Bergen til eit senter for lokalhistorisk forsking på Vestlandet, og starta i 1916 Vestlandske Historielags Fællesforening.

Den lokalhistoriske aktiviteten vaks raskt fram på byrjinga av 1900-talet, og dei fyrste lokallaga vart skipa fleire stader (Hundstad 2020). Vestlandet stod spesielt sterkt i denne bevegelsen. I 1915 høyrde 12 av dei 14 registrerte bygdebaserte historielaga til på vestlandet, 13 om ein også reknar med Agder (Hosar 2009). Då var det kanskje ikkje så overraskande at det var nettopp i vestlandets hovudstad det fyrste skeidet av sitt slag vart arrangert?

Eit av foredraga som vart haldt på skeidet, og som truleg har fått mest merksemd i ettertid, er Edvard Bull si «Inledning til bygdehistorisk studium», utgitt av Vestlandske Historielags Fællesforening i 1919, og på nytt i Kristiania i 1924.  Likevel, notatboka til Hannaas (EFA Hannaas 159 NOR) vitnar om at det også var store namn innan folkeminneforskinga som føreleste i Bergen desse dagane. Her finn me notatar frå forelesningar med Knut Liestøl («Utsyn yver folkeminni», «Grunntanken i folkeminni», «Innleiing» og «Visor») Reidar Th. Christiansen («Eventyr» og «Trolldom») , Magnus Olsen (fleire førelesningar om stadnamn), og den svenske folkloristen Carl von Sydow («Jul», «Seder og bruk» og «Folkemedicin»). 

Bakerst i notatboka etter Hannaas finn ein nokre lause lappar. Bakpå ei kvittering for «dyrtidstillæg» Hannaas fekk i fyrste kvartal av 1918, finn me noko som ser ut som notatar om segner, og som kan høyre saman med noko av det Hannaas sjølv forelas om. Han heldt to forelesningar under folkeminneskeidet. Den eine var om segner frå Vestlandet, og manuskriptet finst i Hannaas-samlinga med arkivreferansen EFA Hannaas 193j NOR. Den andre forelesninga var om gåter. Denne forelesninga finst der ikkje notatar frå i samlinga, men ho er omtalt i ei avisnotis om skeidet.

Skeidet vart arrangert frå 12.-17. august. Foredraga, 29 i talet fordelt på 12 foredragshaldarar, vart halde på Bergens Museum. Desse 12 foredragshaldarane var, i tillegg til dei seks omtala ovanfor, med titlar Prof. Haakon Schetelig, Sogneprest Olaf Olafsen, Godseigar G.F: Heiberg, Overlærar Kristian Bugge, Dr. K. Østberg og lærar J. Aaland.

I løpet av veka kom mellom 150-200 deltakarar innom. Dei fleste var lærarar frå, eller busett på, Vestlandet, og fleire hadde fått stipend frå sine lokalhistorielag for å delta på kurset. Fleire av deltakarane har også vore bidragsytarar til Bergens Museums folkeminnesamling og Norsk Folkeminnesamling. Det vart arrangert overnatting for dei tilreisande på Lungegaarden skole.

Avisnotisar om skeidet i månadane før august 1918 vitnar om at også Knut Liestøl var med i styret for skeidet. Sjølv skreiv han eit innlegg om «Folkeminneskeid» i  Den 17. Mai , 26. juni 1919, i forbindelse med arrangeringa av dei to påfølgjande skeida i Kristiansand og på Hamar i 1919. «Det er skipa slik at kvart skeid tek serleg umsyn til den landsluten der det vert halde» skriv han, og at talet på deltakarar ved skeidet i Bergen «viser at folk kjende trong til aa faa den rettleiding eit sovore skeid kann gjeva». Desse skeida var altså arrangert for å lære opp entusiastiske bygdesogegranskarar og folkeminnesamlarar rundt om i landet, noko som, i fylgje ei notis om oppmoding til å melde seg på skeidet i avisa Nordfjord, 05. juli 1918, var nødvendig fordi ikkje alle bygdesogeverka som hadde kome ut var «so gode som ein kunde venta». Mange av dei som byrja med denne granskinga og samlinga «hev ikkje altid det skyn og den tone som skal til» står det.

Liestøl (1919) skriv at bygdesoge og folkeminne «heng so i hop at det høver best aa taka dei under eitt paa same skeidet». Folkeminna er ein del av bygdesoga, skriv han, og bygdesogegranskarar må ha noko greie på folkeminna for å gjera best mogeleg arbeid. Men folkeminnegranskinga er også ei sjølvstendig vitskapsgrein, som strekker seg frå det lokale til det nasjonale, fortset han. Målet var at begge desse greine skulle vera likestilte på skeida, slik at interessene til alle deltakarar vart ivaretatt. Dette er kanskje ein kommentar til kritikken som kom etter skeidet i Bergen.  Sjølv om dei fleste avisnotisane vitnar om fornøgde og inspirerte deltakarar, vart kurset også kritisert fordi det la for lite vekt på det historiske og for mykje vekt på folkeminne og tradisjonsinnsamling (Hosar 2009).

Tanken bak eit slikt kurs med rettleiing om innsamling, både av bygdesoge og av folkeminne, heng saman med at dette vart sett på som eit viktig element i norsk nasjonalkultur. Utforsking og innsamling av lokal folkekultur var gjennom 1800-talet blitt ein del av det politiske og kulturpolitiske arbeidet med å framheve av norsk kultur og bygge nasjonal identitet (Eriksen & Rogan 2013:11). Dette er også ofte skildra som eit redningsarbeid. Liestøl (1919) skriv om motivasjonen bak skeidet: «Det gjeld um aa berga det som enno kann bergast av tradisjonar um gamal norsk folkekultur: soge og segn, dikting og tru, sed og skikk, arbeidsmaatar og livevis, o.s.b.  (…) Skal alt bergast maa me hava folk fraa alle landsens bygder til aa samla. Og me maa hava folk som kann skipa og granska tilfanget, so ein kann faa bygdesogor og folkeminnebøker».

At skeidet inspirerte deltakarane er skildra i Martin Eide, lærar i Hosanger, si helsing, prenta i Bergens Tidene 21. august 1918.

Folkeminneskeidet i Bjørgvin. Ei takk og ei helsing.

Me samlast her i Bjørgvins gamle stad
Ein flokk av kunnskapstyrste pedagogar,
Og gjæve bønder benkjast rad paa rad
So bar det inn i forne kjempe-skogar,
Og nerd vart elden som i barmen logar.

Me drakk av Mimers brunn idagar seks
Og glytta inn til forne farne tider.
No brydder straa og bjarte blomar veks
I sol og dogg i sumargrøne lider,
Og blomen mognar seg til frukt umsider.

No fer me heim til arven kvar hjaa seg
Med større syn paa folket, bygdi landet.
Dei bjarte blink fraa skeidet viser veg
Til liv og lagnad i dei tider vande.
So yrkjer me og fester ættarbandi.

Bjørgvin, 17de aug. 1918.
Martin Eide.

Kjelder:

EFA Hannaas 159 Nor

Eide, Martin. 1918. « Folkeminneskeidet i Bjørgvin. Ei takk og ei helsing” i Bergens Tidende, onsdag 21. august, 1918

Eriksen, Anne & Bjarne Rogan (red). 2013. Etnologi og folkloristikk. En fagkritisk biografi om norsk kulturhistorie. Novus forlag.

Hosar, Hans P. 2009. «Vitale hundreåringar på Vestlandet» i Lokalhistorisk magasin: meldingsblad for Landslaget for lokalhistorie og Landslaget for lokal- og privatarkiv. 2009 Vol. 20 Nr. 2, s.32-34.

Hundstad, Dag. 2020. «Lokale Historier». Tidsskrift for Kulturforskning, nr. 1 (august), s. 5-28.

Liestøl, Knut. 1919. «Folkeminneskeid» i  Den 17. Mai, 26. juni 1919

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *