Category Archives: norsk etnologisk gransking

Vogga

Av Lars Smaaberg.

Den fyrste song eg høyra fekk
var mor sin song ved vogga.

Denne fyrste setninga av Per Sivle sitt kjende dikt vekkjer minne i mange av oss. Og ikkje så rart, mange har enno gamle barnevogger heime- som ei nesten dagleg påminning om alle som har halde sine fyrste stunder der.

Vogger har ofte ei ganske interessant soge ved seg, og om ikkje anna, ei svært personleg ei. I 1952 spurte Norsk etnologisk gransking om desse voggene, men frå ein litt meir etnologisk ståstad: korleis vart dei eldste voggene i bygda laga? 128 svar kom inn frå om lag like mange herad spreidd over heile landet. Me har teke eit utval vogger i denne teksta, basert på kven som hadde gjort gode skisser.

Vår meddelar, Ivar A. Streitlien fødd 1892, skreiv at den eldste vogga i Tynset var «Ei trekasse som står på meier. I eine enden (Hovudenden) måla dei på namna og fødedag og år til dei ungane som låg i vogga».

Utsnitt av spørrelistesvar om vogger, tekst og tegning i svarthvitt.
Vogga – ei trekasse på meier.

Skal ein tru Streitlien, er det med andre ord ei relativt simpel vogge med meiene på tvers av vogga slik han teiknar den. I Elverum og Våler derimot, skreiv ein annan medelar, Olav Furuset daud 1961, at dei eldste voggene er ei meivogge, og ei slengevogge som «hang i Slinna». Han har fått opplysingane sine av Olea Skirbekk fødd 1867. Som biletet under syner, går meiane på vogga langsmed. Han skriv at «det skulle rett og slett vera farleg at meiane gjekk på tvert», men at dei fleste likevel hadde det.

Utsnitt av spørrelistesvar om vogger, tekst og tegning i svarthvitt.
Meier på langs (venstre).

Om ein byrjar å lure på korleis i alle dagar vogga kunne henge slik, kan ein sjå til Ola Rudvin fødd 1899 i Hemsedal. Han fortalde mellom anna at han låg i ei hengevogge laga av «ihop-sinka fjøler», og at «botnen var festa på tvers og med mellomrom så vogga vart luftigare og madrassen kunne turke lettare om barnet vætte seg». Vogga vart hengt nær ved senga slik at ho lett kunne voggast medan ein låg i senga.

Utsnitt av spørrelistesvar om vogger, tekst og tegning i svarthvitt.
Vogge hengt nær senga.

Olav Bakken fødd 1896 fortel om ei vogge i Seljord som «er laga som ei seng i miniatyr med skeia stolpar og tverre brugdur og utskorne kniktar og strykja listar og einsfarga måling (orange). Ho stend nedfeld i grovkrota voggemeiar, botnen utgjer 4 lange fjølar». Likevel hadde folk [i 1953] allereie byrja å setje desse på loftet til fordel for kjøpt barnevogn:

Utsnitt av spørrelistesvar om vogger, tekst og tegning i svarthvitt.
Vogge med grovkrota voggemeiar.

Ein kan her legge merke til voggebandet ein kan dra i for å vogge. Slike vogger fanst det over heile landet, slik som frå Hidra i Vest-Agder. Denne skissa syner ei «langmeivogge» og ei «tværmeivogge»:

Utsnitt av spørrelistesvar om vogger, tekst og tegning i svarthvitt.
«Langmeivogge» og ei «tværmeivogge».

Det vart stilt fleire spørsmål til meddelarane om vogga i denne innsamlinga. For hadde dei høyrt om vogger som var uthola av tre?

Av dei aller fleste som svara til denne innsamlinga, var dette heilt uhøyrt. Likevel kom det fram fleire forteljingar og minne, både frå samiske og norske område. Her har me valt ut tre.

Carl Løvlimo fortalde at den samiske komsa var i bruk i Meråker. Han skildrar komsa som «en uthullet trekubbe». Han skriv vidare at denne «var overtrækt med barket skind og hadde en slaks ‘klesje’ over barnets hovud. Forran denne var det en del forskjellige glassperler på skindreme, til pryd og leketøi for barnet. En skindrem var fæstet i enderne og kunde bæres på ryggen i denne. Da barnet skulde sove blev vogga ophængt og slynget frem og tilbake. Denne vogga kaldes ‘komse’ men her i bygden kades den ‘stokk’». Interessant er det også at det lenger nord har vore brukt fleire ord om uthola vogger, til dømes bánno og kjerris.

Utsnitt av spørrelistesvar om vogger, tekst og tegning i svarthvitt.
Uthola vogge frå Hadsel i Nordland.

Også frå Bø i Telemark kan Olav Nordbø fortelje om noko liknande, vel kanskje noko mindre utsmykka: «Fyrst vogge-typen folk veit om og kjenner til var ei vogge uthola av ein trekubbe».

Hjalmar Jensen kan fortelja litt meir detaljert om korleis ein kunne lage og bruke ein slik uthola vogge frå Hadsel i Nordland: «Den elste voge jeg har hørt om var laga av træ uten meier låg unde som en flatbunt båt men til jenjel var der syd sjind over den et støke på ver side med lerrem efter miten. Så det var let og reipe den samen når barnet var lagt nedi den. Så var dete en solid rem frå den ene ende av voga til den andre. Når kvinderne gjik i skogen hengte dem voga over skulderen og kunde strike om di bar barnet. Når di jete hengte dem våga over en gren efter lerremen. Di var da siker for dyr og andet slig som hugorm. På samme tid som de vert øiblik hade tilsyn med barnet. Dise vågene kaltes kjer og har en liket med dem som reinfolket i finmark har brukt».

Det er også mykje meir spennande å oppdage om vogger i denne samlinga. Over heile landet skal det ha vore vanleg å putte små born i ymse oppbevaringsgjenstander. Til dømes skal det ha vore vanleg å legge ungen i ‘dryftetroget’ (drøftetrau). I Spydeberg skal det ha vore ålment brukt når mor måtte vera med på utearbeid, til dømes på jordet.

Andre stader, i heile landet, vart mellom anna vedkorg, kommode, skuffe, ‘bakstetrog’, og ‘kakutrog’ brukt. Iblant nedteikningane om vogger kan ein også til dømes finne eit gamalt barnerim frå Strandvik i Hordaland etter Kari Haga:

Hyssa, byssa tullo – ligg no gått i lullo.
Inkje grina – inkje gråta,
me har rubmagraut i tåta.
Inkje vera mo å mødd,
me har grisen stor å jødd,
stuten feit i flor’n,
øykjen sterk i fjor’n.
Me har glø på gruo,
søll å gudl i buo,
å adle kjiste æ fudle –
søv no vettla gudle.

Utsnitt av spørrelistesvar om vogger, tekst og tegning i svarthvitt.
Gamalt barnerim frå Strandvik i Hordaland.
Gamle arkivbokser der det står Folkeminne på

SAMLA: Åndsverk eller kollektive uttrykk?

Av Hans-Jakob Ågotnes og Line Grønstad

Åndsverklova bestemmer at skaparen av åndsverk har opphavsrett til verket. Kjernematerialet i Norsk Folkeminnesamling og dels i Etno-folkloristisk arkiv består av det som på 1800- og første del av 1900-talet vart oppfatta som sentrale delar av folkekulturen. Kven har skapa innhaldet i samlingane som vi digitaliserer i SAMLA, og korleis kan vi tenke om opphav og rettigheiter? Dette blogginnlegget er basert på utdrag frå arbeidet med ein etisk manual for prosjektet, og her gjer vi greie for korleis vi ser på innhaldet i samlingane.

SAMLA inneheld mellom anna materiale etter sentrale samlarar som Asbjørnsen og Moe, Moltke Moe, Sophus Bugge og Torleiv Hannaas, som ofte stammar frå samlarferder der samlarane har oppsøkt informantar eller meddelarar og skrive ned forteljingane dei fortalde eller song. Segner, eventyr og balladar har sidan blitt klassiske folkeminnesjangrar.

Eit viktig spørsmål for SAMLA er om noko av materialet som prosjektet vil offentleggjera kan oppfattast som åndsverk, dvs. “litterære eller kunstneriske verk av enhver art, som er uttrykk for original og individuell skapende innsats”, som f.eks. tekstar av alle slag (§ 2). I så fall vil offentleggjering kreva samtykke frå den som har opphavsretten. Lova bestemmer også at opphavspersonen (“opphavaren”) har rett til å bli namngitt ved offentleggjering, og at måten verket blir offentleggjort på eller samanhengen det skjer i ikkje skal verka krenkande for opphavaren eller verket (§ 5).

Forteljingane Asbjørnsen, far og son Moe, Bugge, Hannaas og dei andre samla, vart framført av enkeltindivid og var del av individuelle repertoar, men vart oppfatta som kollektive produkt, som uttrykk for folkets felles kulturproduksjon: Gjennom munnleg tradering var uttrykket forma av kollektivets smak og verdiar. Meddelaren var derfor oppfatta som overbringar, ikkje diktar, sjølv om samlarane skilde mellom gode og mindre gode forteljarar og kunne verdsetja dei kunstnarlege evnene som prega framføringa.

Materialet var ut frå denne tankegangen folkeminne, anonyme verk som ikkje hadde individuelle forfattarar. Innhaldet i innsamlingane kan sjåast som kollektive uttrykk og deling av repertoara kan sjåast, med ein moderne terminologi, som frivillig kulturvern. Intensjonen med innsamlinga var derfor å samla og verna vitnemål om folkets kultur, ein kollektivt skapt, felles eigedom som høyrte til nasjonen.

Folkeminneforskarane oppfatta folkedikting (som eventyr, segner osb.) som noko anna enn litteratur (kunstdikting). Slik blei det nok også oppfatta av informantane. At meddelarar også i vår tid opplever at bidraga til tradisjonsarkiva er verdifulle og viktige for samtid og framtid, forsking og dokumentasjon er mellom anna tydeleg i ei undersøking NEG gjorde blant sine meddelarar i 2014 («Hvorfor skriver du for Norsk etnologisk gransking?»). Også samlarane har sett det som si oppgåve å bidra til innsamlinga av ein kollektiv kulturell arv.

Denne typen materiale har derfor ikkje blitt sett som åndsverk som informanten skal ha opphavsrett til. Dette perspektivet ligg også under skiljet mellom kunstdikting (skjønnlitteratur) og folkedikting, som inneber at materialet ikkje er ‘verk’ i åndsverklovas forstand. Den same forståinga er framleis rådande: jf. definisjonen av folkeminne i Nynorskordboka: “åndeleg kultur nedarva i breie lag av folket (til dømes folkedikting, folketru, skikkar)”. Den ligg også under institusjonane sin eksisterande praksis ved publisering, f.eks. utgivinga av Norsk Folkeminnelags skrifter. Ut frå dette resonnementet vil SAMLA sjå på folkeminnemateriale som i prinsippet eigna for open publisering (sjølv om det også kan vera delar av denne typen som må vurderast annleis).

Ikkje alt er folkeminne

Det er likevel ikkje alt materiale i samlingane som kan karakteriserast som folkeminne. Det kan også  finnast dokument i samlingane som kan oppfattast som åndsverk. Dersom intensjonen ved avleveringa har vore at den som avleverte materialet har opphavsrett til det, vil offentleggjering kreva samtykke, så lenge opphavsretten ikkje har falle bort (den går ut 70 år etter utløpet av opphavspersonens dødsår, jf. Åndsverklova § 11). Åndsverkslova §49 tilseier likevel at museum, bibliotek, arkiv og utdanningsinstitusjonar kan gjere åndsverk tilgjengelege for forsking eller særskilte føremål, jamfør Forskrift til åndsverkslova.

Etter at arkivinstitusjonane var grunnlagt (NFS i 1914 og EFA i 1921) har mange andre samlarar, ofte lokalt baserte, levert materiale til samlingane. Seinare har nye materialtypar kome til. Døme på dette er vitsar, vandresegner og julenissebrev. I slike samlingar kan det førekoma omtale av namngjevne personar som gjer det nødvendig å vurdera om materialet kan offentleggjerast.

Vi har også organiserte innsamlingsaksjonar, f.eks. frå skuleborn på 1970-talet, der innhaldet til liks med folkeminne har karakter av å mangle opphavsperson, sidan det blir fortalt og gjenfortalt på ny og på ny for stadig nye publikum. I slike tilfelle bør personopplysningar normalt fjernast eller samtykke hentast inn.

Minnemateriale i form av NEG sine spørjelister og livsforteljingar, og minneoppgåvene frå UiO skiljer seg frå folkeminnematerialet ved at det er enkeltpersonar som fortel om sine eigne liv og om indirekte berørte personar. Spørjelistene kan også innehalda enkeltmeddelarane sine livserfaringar og verdibaserte oppfatningar som kan vera problematisk å publisera, særleg om dei omhandlar sensitive spørsmål.

I svar på nyare spørjelister (1970-talet og framover) har meddelarane i større grad enn tidlegare delt eigne erfaringar og opplevingar. Tidlegare svara dei gjerne på spørsmål om korleis fenomenet har vore ein del av livet i bygda eller området som meddelaren melde frå. Dette materialet er samla inn med intensjon om dokumentasjon av samtid og praksisar, ikkje med intensjon om skaping av “litterære eller kunstneriske verk av enhver art, som er uttrykk for original og individuell skapende innsats” (Åndsverkslova § 2).

Det er altså ikkje åndsverk. Til gjengjeld kan det innehalde informasjon som gjer personvernlova og NESH sine forskingsetiske retningslinjer for deltaking i forsking og informert samtykke aktuelle. Praksis har vore å halde tilbake slikt materiale ved å nytte Forvaltingslova sin paragraf om teieplikt i 60 år, eller unnataksvis i opp til 100 år.

Materialet som kan skildrast som minnemateriale kan ut frå dette delast i to – det som er eldre enn 60 år og det som er yngre enn 60 år. Det eldre kan i utgangspunktet leggast ut fritt. For det som er yngre må det vurderast om det ut frå innhaldet bør haldast tilbake, bl.a. av personvernomsyn. Ei vurdering av innhaldet ut frå etiske omsyn kan også vera nødvendig for det eldre materialet. Det kan vere skildringar, namn, eller andre former for opplysningar som ikkje bør gjerast fritt tilgjengeleg. Vidare kan yngre materiale ha innhald som gjer det eigna for offentleggjering, og der det er mogleg å tilfredsstille personvernlova sine krav om vern av personleg informasjon. Motivasjon og føremål med innsending av materiale til arkivet speler også inn, jf. punktet om åndsverk eller kollektive uttrykk.

Oppsummert vil SAMLA-prosjektet som generell regel handsama folkeminna som materiale der opphavsrett ikkje er relevant. Her er heller ikkje personvern eit generelt problem, men det kan finnast unntak. Når det gjeld andre materialtypar kan det vera aktuelt å skjerma delar mot generelt innsyn, eller ikkje publisera opplysningar om opphavspersonar. For spørjelister og minnemateriale kan det setjast ei grense ved kor gammalt materialet er i tråd med reglar om teieplikt, men også her inngår ei vurdering av innhaldet.

Vurderingar av kva som kan gjerast fritt tilgjengeleg og av kva som berre kan vere tilgjengeleg for forsking, kan endre seg med tid og bruk. Vi tar gjerne i mot innspel, og etikkmanualen som dette er utdrag frå, blir revidert gjennom prosjektet slik at han best høver med samlingane og med dei etiske vurderingane som vi står i.

Bryllupsskikkar og tradisjonsdansar: Stabbedans 

Av Lars Smaaberg

Har du vore på bryllaup i sommar? Mange har venta heilt sidan 2020 på endeleg å få sagt sine ja framfor vener og familie i den varme årstida.  

Eit kjennemerke for bryllup er at dei ofte inneheld særmerkte rituale og tradisjonar som ‘må’ gjennomførast. Stabbedansen var blant det essensielle i bryllaupa i fortida, men dukkar no heller unnataksvis opp. 

Stabbedans som tradisjon eller bryllaupsrituale finst dokumentert mange stader, med skildringar av korleis det skulle gjennomførast. Og dette kunne variere frå stad til stad. Her fylgjer ei forteljing om stabbedansen frå Surnadal, som finst i Norsk etnologisk gransking sine samlingar. Ho vart delt av Olaf Sogge (1882-1955), som var fødd i Rindal og busett i Surnadal. Under bilda kan du lese teksten i transkribert versjon.

Stabbedans i brylluper

Jeg har i tidligere svarlister berørt, at brylluppene her vanlig varte i 3 dage: fredag, lørdag og søndag. Unntakelses vis var det også torsdagsbrylluppe: men disse var mere sjeldne.  

Når middagen var fraseggjort andre bryllupsdagen (lørdag), bordene båret ut, og stuen ryddet til dans, da var det en eller annen som rulled en huggestabbe inn i stuen og satte den mitt på gulvet. Spellemanden hadde stillt fela og tar til med en slått. Noen karer tar brudgommen og plasserer ham på stabben. Andre tar brura og plasserer henne i fanget på brudgommen.  

Spillemannen setter litt mere kraft på og brugommen tar brura og danser ut med henne, og så er gulvet straks fyldt med dansende, og stabben står der.  

Når slåtten er ferdig tar brudgommen opp spellpenge og leverer til brura, og hun går og leverer pengene til spellemannen. Neste dans blir det anbragt et nytt par på stabben, gifte eller forlovede. Disse danser til, og så følger andre, og den kvinnelige partner får spillpenge og betaler til spellemannen. 

Når de gifte og åpenlyst forlovede har været på stabben, så blir det parret andre. Det kunde vel bli noe vilkårlig, men man søkte dog å parre slik af en liten antakelse, en observasjon, er til grund. Det var jo oftest trangt om sengeplass i bryllupgården og tilstødende hjem, og en eller anden kunde ha observeret plasseringer som kunde utnyttes.  

Spioner var det vel også ute om natten og samlet på indisier. Kanske endog ældre mend, som under ett eller andet påskud gjorde sig erend omkring i kvarterene, og så blev de forefundne situasjoner utnyttet for «stabben».  

x x x  

Nå er dansen i brylluper mest slutt. Der improviseres jo gjerne en danseplass f.eks. på låven eller i annet uthus, så det kan bli litt dans første bryllupskvelden. Brylluppene holdes nu mest på lørdag og fortsetter gjerne påfølgende søndag. Det blir ikke nu anledning til så meget liv og løyer som i svundne dage.  

Stabbedansen blev det slutt med da første verdenskrig brøt ut. 1914. 

Olaf Sogge var også folkeminnesamlar som sendte inn materiale til Norsk Folkeminnesamling, i tillegg til å vere meddelar for NEG. Han dreiv for øvrig eit fargeri i Surnadal, med eige kraftverk.

Kjellarost 

Av: Lars Smaaberg

«Kjellarost er ein gamal gøymd ostesort. Den siste av dei gamle som årvisst laga kjellarost var bondekone Gunhild Bakkane Askland f. 02.02.1843».  

Dette skreiv Anne K. Askland ned i 1959 etter Anne Aanondsdotter. Aanondsdotter var fødd kring 1860 i Gjøvdal i Aust-Agder og blir skildra som bondekone. Kjellarosten kan minne om camembert som det heiter i Store norske leksikon, i alle fall om han er vellukka produsert. Han blir laga ved hjelp av mjølk, salt og mykje tolmod. 

Faksimile frå nrk.no, som gir eit inntrykk av korleis osten kan sjå ut. Lenke til saka bildet er tatt frå, og oppskrifta ho skildrer, finn du nedst i innlegget.

Sjølv om Anne fortel at det er ein gløymd mattradisjon, skriv ho at ho har forsøkt det ein gong sjølv. Ho skildrar at ho var nøgd med resultatet, men at «Aslak, min eldste bror sa: ‘jau, den er fin, men den er no ikkje som Gunhild Bakkanes oste- eg trur du he vore for reinsleg’».  

Kva Aslak skal ha meint med at ho var for reinsleg, kan ein på mange måtar forstå ut frå mogningsprosessen. Her er han slik Anna skildrar, men i svært grove og korte trekk: For sjå for deg at du, etter å ha surna og skilt mjølka og teke ut ein ‘svampaktig’ konsistens, då skal du la det sile av seg i ein dags tid. Etter det skal du leggje det til turk på hjellen oppunder taket, til dømes i stova. 

Dette skal ein gjenta kvar dag så lengje ein har mjølk, eller til ein ikkje har plass til fleire, og kvar dag skal en snu ostene fram til dei blir heilt turre og harde. Då skal ein vaske ostene i salta kjernemjølk, og legge i ein trebutt i kjellaren.  

Vasken og trebutten skal så gjerast om att kvar laurdag i eit par månader fram til osten mjuknar. Fyrst då kan ein skjera av ein smak, gjerne med ein «brungrå dåm med fleire sjatteringar inni».  

Her er lenke til oppskrift på ein svensk versjon av osten (NRK Mat):
Österbottenost (kjellerost) – NRK Mat – Oppskrifter og inspirasjon 

Dåsakvelden 

Lars Smaaberg 

Det er knytt mange truer og skikkar til høgtidsdagane våre, og skjærtorsdag er ikkje eit unnatak. Denne kvelden er nokre stader gjenstand for skyting med børse og å gå påskekjerring, medan andre stader måler ein egg eller kokar blåskjel.  

Ein skikk me i år ynskjer å lyfte fram er lokalt knytt til Ål i Hallingdal. ‘Dåsakvelden’ som skjærtorsdags kvelden heiter der, let seg best fortelja slik ho vart fortald til arkivet i 1982: 

«Skikken gjekk ut på å lure til seg ei dås utan at eigaren visste om det».  

Om de er i tvil, ei ‘dås’ (nynorsk: dos fl. doser) i Ål og mange andre stader tyder stakken på bunaden. Vidare vert det fortald om dåsakvelden: 

«I natten mørke vart så denne dåsa hengt opp i ei bjørk eller ein stad som var godt synleg i bygdi. I Øvreål var ei svær bjørk kalla ‘Kvarvebjørki’. Den var synleg frå heile grende. Min mor (født 1874) kunne fortelja at det fyrste dei gjorde langfredagsmorgon, var ut å sjå kor mange slike plag det hang i bjørki. Dei som var eigar måtte no helst henta at dåse si. Men helst so ingen såg det, då det helst var litt skam at dei var lurt». 

Korleis denne gamle skikken har oppstått og blitt halden i hevd slik lokalt er vanskeleg å seia. Men sjølve ordet skjærtorsdag tyder reinsetorsdag, og skal koma av at Jesus vaska føtene til disiplane sine om kvelden dei hadde det siste måltidet. I Noreg og andre land var det ikkje uvanleg å tru at sjølve lufta denne kvelden hadde reinsande kraft, og mange stader var det vanleg å henge ut gang- og sengeklede denne dagen. 

Dagen etterpå var heller ikkje naudsynleg heilt trygg for dei som hadde vorte fråstelt dosene sine. For langfredag skulle gutane ut i skogen for å skaffe bjørkeris, som dei mot kveldinga kunne gøyme bak ryggen på veg inn døra til grannen, men det er ei anna soge. 

Litteratur og kjelder 
Aal bygdesoge. Utg. Aal Sparebank. Ål. 1955 
Spørjelistesvar NEG 25897. Norsk etnologisk gransking. Upubl. 1987 

Dekabåt

Dekabåten

Av Lars Smaaberg

No mot slutten av stormfulle januar månad kan ein ta seg litt tid til å tenkje på korleis livet på havet har vore, og er, for våre fiskarar og sjøfolk. Legg merke til dei hardføre og noko eggjande detaljane som gjev biletet og båten både rørsle og liv. Denne ‘Dekabåten’, som ikkje har motor, skal i fylgje vår kjelde ha vore av «dei først som kom til Sunnmør».  

«Då dekabåten kom kring 1895-1900, vart det eit stort omskifte frå open båt til Deksbåt. Dei som hadde nokso nye båtar, dorda disse opp og la dekk i dei, men dei som hadde gamle båtar, måtte kjøpa nye deksbåtar. Ein del nye ‘Møringsbåtar’ vart lagt dekk i. Men Åttrengen vart sett på land» (NEG 15208).  

«Konklusjonen av fisket: – er at det er eit fårefullt og slitsamt yrke. Det er ‘Eventyret’ og den ‘Uvisse’ vinninga som mest ‘Eggjar’ opp fiskarane. Nordmennene likar å ‘Kjempe’ og det får ein ved å vera fiskar. I denne tidsbolken frå 1890 til 1960 har vore ei rik utviklingstid (Eg har for det meste vore med heile tida)» (NEG 15208).  

Desse skildringane er etter Knut Uksnøy på Myklebust i Haram. I februar 1960 skreiv han ei 17-siders beretning om hass kjennskap til fiske og båtar som svar på spørjeliste 70, Frå robåt og seil til motor, sendt ut til landets kantar frå Norsk etnologisk gransking året før. Beretningane etter Knut og dei 99 andre respondentane til spørjelista fangar mange lokale, nasjonale og internasjonale endringar for fiskarar og sjøfolk og i sjøfarts- og fiskeindustrien i tidsperioden. 

Eldre, svartkvit bilde med liggande tretønne og trebøtte.

Øl til jul

Av Lars Smaaberg, Angun Sønnesyn Olsen og Mari Ringnes Gløtberget

“’Tomas mæ bytto’. 21de December. Daa skulde bryggjevatnet krua” heiter det frå Hålandsdalen. (EFA Hannaas 63.13). 21. desember er frå katolsk tid kalla Tomasmesse, til minne om apostelen Tomas som leid martyrdøden i år 68 eller 69. Men, dagen har blitt knytt til bryggjing til jol, og har fått namn som Tomas Brygger, Tomas med bytto og Tomas fulltønne rundt om i landet. I Christen Jenssöns samling av ord frå Sunnfjord frå 1669, bearbeidd og utgitt av Torleiv Hannaas i 1915, finn ein ei skisse av ein primstav. Her er dagen markert med ei tønne, og ber teksten: «Den 9 dag der effter [St. Luci] kommer Tommis med bøtten oc gifver malt vatn til Juel» (Jenssøn 1915). 

Joleølet har vore ein viktig del av feiringa av og førebuingane til jol på dei norske gardane, og det er mange tradisjonar knytt til korleis det skulle bryggjast og kva ein måtte gjere for å sikre at ølet vart godt. At ein bryggja godt øl var og viktig fordi ein skulle dele med familie og naboar.   

Å sikre at ølet blir godt 

Mange truer var til rundt om i landet for å sikre dette. Til dømes måtte kvinnene somme stader halda seg vekke:  

«Kvinnene maa ikkje koma inn i bryggjeromet før ein har fengje rósten paa lós. Ólet skal verta mykje betre om det ikkje kjem kvinnfolk inn fyrr dei for smaka «sódt» (Sótól). Kjem dei inn fyrr er det eit daarleg merkje». 

Eller ein måtte stå opp tidleg, samt sage av tappane frå øltønna: 

«Naar ein bryggjar skal ein vera tidleg uppe, so ein for kjelane paa kok fyrr ein smakar mat. Ólet skal verta best daa».   

«Til jol skulde dei alltid saga tapparne or i dei óltunnor som dei ikkje tok av, fordi at ikkje noko slags “utyskje” skulde faa hóve til aa renna ólet ned».  

Desse tre sitata er frå Lavik i Sogn, ved Sørestrand (EFA Hannaas 61 s. 23). Ein måte å gjera ølet godt på i Vestre Slidre i Valdres, var å ause riktig: «Ølet vart surt um ein auste ølet «aggelhendis» (bakhendis)».  

Vern mot vonde vetter og anna far 

I tillegg til å ha ei tønne, hadde primstaven gjerne ein kross som merkje på denne dagen også, eit symbol som er sterkt knytt til overtru også i jola. Her frå Vestre Slidre i Valdres: 

«Vonde vetter kunne gjera skade ved ølbryggjing. Ved jól var dei vonde makter mest i farten og jóleølet var soleis mykje utsatt. Paa øltynna var det skore krøss. I bryggjehølk og røstebytte la dei øldertrøn i krøss. Naar dei «maiska paa» var det bra og røre med glodraude jarnstengar». 

«Naar ein meskar skal det helst ikkje vera nokon aa sjaa paa» sa ein i Lavik.  

Noko liknande heiter det frå Jølster i Sunnfjord, å sette stål. Der la dei også med Bibelen for å verne om ølet: 

«I gamle dagar når dei bryggja laut dei jamt setja stål i røstene. Då sette dei 2 kniva i røstene og so laut dei leggje bok med Guss-ord i attmed. Dei måtte inkje blåse i varmen elde svie seg i håret. Då vart det ovenskap av øle i lagja. Hellest va da no ikkje godt øl tykte dei, darso dar inke va nokon so slost i lagje. Når nokon kom heim frå lag va da (is at dei so sat heime sa: “Velkomen atte el go dagå! Var der mange so slost?” Svarte dei nei, so var da altid: “Dårleg øl då”». (NFS Sandnes 2) 

Liknande heiter det frå Lavik «Når ein fær smaka ‘sódt’ skal ein ikkje laate vel og ikkje takka, fordi at daa vil ólet verta kraftlaust» (EFA Hannaas 61). 

Svartkvit foto av utstyr til brygging av øl merka med tal skriven med blott, 1-4.
Tekst: «1. Vørterkar 2. Øltunne 3. Øltreft. Den brukre dei når ølet skulle på Tønna 4. Lagga brendevinsdunke.» Fra N. Søberg i Heradsbygda. Nå på Glåmdalsmuseet. 

Å sette ut ølet 

«Når man hadde brygget øl på en gard, måtte det settes ut en bolle øl til huldrene. Innholdet forsvandt bestandig. På en gård hendte det en gang at det lå sølvknapper som vederlag i bollen. Under ølbryggingen var det heldig å kaste en del av det beste vørteret til alle fire hjørner. Det blev ofte praktisert. Av skummet over ølet kunde en få vite adskillig. Men det var en vanskelig kunst å se rett, meget vanskeligere enn t. d. å spå i kaffegrud, noe som mange befattet sig med». 

Å brygge øl til jol har tradisjonar heilt tilbake til førkristen tid i Noreg. Skikkane som er skildra over er eit utdrag frå “Folkeminne frå Ryfylke; Aardal”, samla av Tor Skiftun. Å sette ut ølet til huldra, vetter, nisser eller goebonden m.fl. har også vore ein ganske vanleg skikk rundt om i landet. Frå Vestre Slidre i Valdres vert det til dømes fortald at ein gjerne slo ut litt av jóleølet til ‘tøltebonda’. Tøltebonden forestiller her ein attergangar av den fyrste bonden som dreiv garden. I dette tilfellet slo dei det ut i veggen: 

«Joleølet maatte bryggjast slik at det kunne «skakast» Imbereftan siste laurdagen før jól. Det er ikkje meir enn umlag 75 aar sidan Jørend Egge ofra øl til tøltebonden. Det heitte um han: 

Gjere du tøltebonda imot:
so faar du snart ein klene fot,
men gjere du tøltebonda te lags,
so faar du lykke te alleslags». 

Vintersolkvervdagen og Mongsmesse (13. desember) 

Dagane mellom 9. og 21. desember har mange stader vorte kalla ‘bryggjardøgra’, dei dagane ein brygga til jol. Det var likevel ein særskild dag av desse ein ikkje skulle bryggje: «Vintersolkvervdagen maatte ingen gjera arbeid som gjekk rundt, og heller lkkje bryggje. Gjorde ein det vart ølet skjemt og tynnejulid’n sprang av øltynna» heitte det i Valdres. 

Likeins, i eit brev frå Olav Midtbø til Magnus Olsen i Norsk Folkeminnesamling, referer Midtbø til Henri Delgobe som i 1919 skriv i Maal og Minne om “Tallak med lagabøtto”. Vidare skriv Midtbø; “Dette staar sikkert nok i forbindelse med ølbryggingen til jul. “Lagelog” kaldte man den log man man slog over maltet i rosten og laget vyrkje av. (…) “Mongsmess” 13 Dec (Luciemesse) maatte ingen brygge, for da matte ingen ting gaa rundt”. (NFS Varia 23 nr. 142) 

Joledagsmorgon 

«Før lenge sidan var det mykje truer og skikkar med malt og øl. – Jóledagsmorgon fekk husdyre paaskesalt blanda med malt og lite øl vart blanda 1 drykken. Alt som var av «grøn» (korn) var raad mot usynlege og vonde makter. Det heitte: «Jólemalt og paaskesalt var godt for alt’». 

«Jolemorgonen naar dei gjekk aat fjøset og skulde ambætta, maatte dei ha eit staup med ól aat storúksen (…) Storúksen skulde staa seg mot granen (?) og bjørnen, dersom han fekk ól jolemorgonen». 

Og heil til sist, eit «Vers om øl frå hestemarknaden på Lindsheim i Skjaak: 

Stryningen bryggja so godt eit øl,
for ned over magen som eit merraføl,
upp i hovudet som ein humledott,
ut att um røve som eit børseskot». 

Kjelder: 

EFA Hannaas 61 s. 22- 23, Etno-Folkloristisk Arkiv, Universitetet i Bergen
EFA Hannaas 63. s. 13, Etno-Folkloristisk Arkiv, Universitetet i Bergen
NEG 7738 (Materiale frå Vestre Slidre) Norsk etnologisk gransking, Norsk Folkemuseum
NFS Sandnes 2. Norsk Folkeminnesamling, Universitetet i Oslo
NFS Skiftun 5, s. 51. Norsk Folkeminnesamling, Universitetet i Oslo
NFS Varia 23 nr. 142. Norsk Folkeminnesamling, Universitetet i Oslo

Litt om norsk tobakksdyrking og -produksjon

Av Lars Smaaberg

I 1962 sendte Norsk etnologisk gransking ut spørjeliste 92; ‘Bruk av tobakk’ for å undersøkje bruks- og tankjemåtar kring tobakk- og tobakkskultur i Noreg. Tobakksdyrking er kjend heilt tilbake til midten av 1600-talet i Noreg, då i frå Luster i Sogn. Det er også i dette området ein meir omfattande tobakksindustri vaks fram frå 1880-åra. Så kva ville du svara om du fekk spørsmålet: Fanst det tradisjon for å dyrke tobakk før 1900 i di heimbygd? Kva med under siste verdskrigen?  

Ein mann fortel at dei i Balestrand «… tok til å dyrka tobakk kring 1890. Det var amerikanarar som sende heim frø i posten. Men tobakksdyrking kravde sers god jord. Dei beste bygder i Midtre- og Indre Sogn tente på tobakksavl- til staten lagde skatt på uppmælt åker til tobakksavl- utan umsyn til hausten» (NEG 18520).  

Denne statsavgifta er blant fleire årsakar til at den norske kommersielle tobakksindustrien ikkje overlevde lenger enn kring 1920. Og då gjekk det ei stund før norsk tobakksdyrking att fekk ein oppsving, men då helst til eige bruk eller til svartbørsen. I 1942 vart det nemleg innført rasjonering av tobakk i Noreg. Omkring same tid fekk boka «Tobakk til eget bruk» frå 1941 eit kraftig byks i salstalet. Det er kanskje difor det vert fortalt om tobakksdyrking, eller forsøk på det, frå alle fylke i Noreg under 2. verdskrig? (Svar til NEG 92). 

Svartkvit bile av mann som held på med tørking av store blad ute.
Tobakkshaust, Luster 1934. Foto: Norsk Folkemuseum.

Eit mangfald av tobakksoppskrifter 

Frå Lom vert det fortald korleis tobakksproduksjonen kunne gå føre seg under krigen, etter plantene var ferdig turka: «Tobakken vart nok stelt på fleire måtar. Ein måte var å dusje over dei turka tobakksbladi med litt sukkervatn og då leggje bladi saman i pylsor med pergamentpapir utanpå og so surre desse godt isaman so dei vart som ein stein. So hengde dei pylsone upp ved omnen eller lagra dei ein stad der dei vart varme. Sume la dei i steikjeomnen ei stund, um ei tid vart dette godt brukbar tobakk» (NEG 17436).  

Ei anna tobakksoppskrift har me frå Borgund: «Blada vart tekne under tak og turka, så vart dei lagde i flå og pressa til mogning. Så sausa. Til dette nytta dei sukker, avkok av rosiner og plomme og somme hadde litt parfume i. Deretter gnidd eller skoren i smale strimlar» (NEG 17538). 

Og om turke- og fermenteringsprossesen gjekk for seg feil, då kunne det gå føre seg som i Hedmark: «Ja, en mann frå Løten forteller at det var noen gubber, som for ca. 40 år siden dyrka- og røkte den fordervelige bondetobakken, slik at de røkte til de stupte overende og at det lukta verre i nærheten av dem. De klarte ikkje noeslags fermentering og tobakken ble deretter» (NEG 17365).  

To menn og eit barn står i åker med tobakksplantar som når mennene til skuldrane.
Tobakksplantasje med skulderhøge plantar. Foto: Norsk Folkemuseum.

Krise- og krigstobakk  

Slik som under 2. verdskrigen, vert det fortald frå store delar av landet at det vart dyrka tobakk under 1. verdskrig (NEG svar til 92). Den store ‘tobakksnaudi’ som ho kan verte kalla. Også i tidlegare kriser kjenner ein til ei auke i tobakksproduksjonen: «Ja, sjølvsagt. I Østerdalen og Solør var det fleire storbønder som tok til med tobakkdyrke under blokadetida 1807-1814 t.d. storbruksbonden Ola Aaset i Åmot» (NEG 17345). 

Likevel var det nok vel så vanleg å søke seg substitutt til tobakken når importen svikta. Til dømes nemnast kvannerot, humle, mose, ryllik, einerbork (sprakebork), potetblader, sisselrot, hestelort. (NEG svar til 92). Ja det kan sjå ut til at mange røykte det ein kom over. Fleire nemner også at «retteleg god vart aldri den heimeavla [tobakken] (NEG 17717 m.fl.). Kanskje er det difor så få fortel Norsk etnologisk gransking om norsk tobakksproduksjon i tider der verdshandelen har gått som normalt? 

Sjå elles korleis ein tobakksplantasje kunne sjå ut under krigen i Østre Toten kommune under 2. verdskrig (foto frå Mjøsmuseet): 

Svartkvitt bilde med mann ute på ei mark med store blad som veks opp til skuldrane.
Sommaren 1944. Tobakksdyrking på garden Kraby østre, i Østre Toten. Mannen på bildet er Kåre Nøkleby. Foto: Sigurd Bernhard Røisli.

 

Kjelder og vidare lesing: 

Norsk etnologisk gransking – svar til spørjeliste 92 022yiVVXuMZa (dimu.org)
Blader av tobakkens historie : J.L. Tiedemanns Tobaksfabrik 1778-1978 (nb.no)
Dyrking og viderebehandling av tobakk til eget bruk – Nasjonalbiblioteket (nb.no)
En gang var det tobakksplantasjer i vårt nabolag … | Sogn kultur- og historielag (sognhistorielag.no)
Historisk oversikt over tobakk i Norge 1619-2021 – FHI
Ole Aaset – lokalhistoriewiki.no
Tobakksdyrkinga i Luster – Allkunne 

Faksimile fra trykksak

«Har De en god spøkelseshistorie?» 

Av Lars Smaaberg og Mari Ringnes Gløtberget

Skumle historier må sjølvsagt òg dokumenterast! Både Norsk etnologisk gransking og Norsk Folkeminnesamling har hatt fleire organiserte innsamlinger av historier om spøkelse, vardøger og attergangarar. For å sette stemninga til årets allehelgensaften og halloweenfeiring har vi plukka ut nokre av dei. Tør du lese vidare? 

Dei som går att 

«N.N. fortalte der var en stor kvæn de kaldte for gammel Sakarias. Denne var på tur til Finnmark med en otring. Alle hadde sauepelser på. Sakarias gikk frem i skotten og la sig å sove «halla sig». Han våkner med at han ser en kikke over båtripa, men bryr sig ikke om det. Litt efter ser han den fremmede på den andre side av båten. Han kommer opp i båten og tar Sakarias i bena og prøver å dra ham i sjøen. Sakarias krenget pesken av sig og tok den fremmede i fanget og kastet den fremmede ut i sjøen, men faldt selv uti på den andre side. Han fikk i farten tak i ripa og halte sig over bord. Han gikk atterut bak seglet og spurte hvorfor de ikke kom og hjælp ham når de hørte han sloss. De andre hadde ingenting hørt» (NEG 15851). 

I dette segnet vert Sakarias teken av ein attergangar. Rundt om i landet brukast også mellom anna dauding, skrømt, spøkelse, fòring, gjenganger, gjenferd og far om dei som går att. At nokre går att kan ha mange ulike årsakar. Til dømes at ein er kriminell, har kjærleikssorg eller døydde brått, men felles for dei fleste er at dei skulle ha noko uoppgjort dei ville freiste å få ordna før dei skulle få fred i grava.  

«N.N. fisket med N.N. utenfor Gryllefjord. De drev forsøksdrift ute i havet sammen med et par andre båta. En dag i stille og fint vær sat hele besetningen i lugaren og spiste. De hører en mann komme på dekk og kommer med kappa og setter seg i lugaren. De tror at det er en mann fra en annen driver. Mannen prater og spør om alt mulig. Han har stort skjegg og er ellers en velvoksen kar. Under samtalen sier skipperen at man er sluppet opp for rødsprit til fyrlampen og må gå inn til Gryllefjord til lensmannen for å få attest på rødsprit. Da sier mannen at han er kjøpmann Pedersen fra Gryllefjord og de kan bare gå i hans forretning og hilse fra ham at de skal ha rødsprit. Mannen går på dekk alene og blir borte. Da de kom til Gryllefjord gikk de i land og spurte 2 gamle menn om hvor Pedersens forretning var. De ser litt rart på dem. Den ene peker så på en pæl som står i fjæren og sier at der ser dere resten av Pedersens forretning. -Han var død 20 år i forveien. – Historien høres utrolig ut, men man påstod den var sann» (NEG 18841). 

At ikkje alle levande menneske hadde evna til å sjå attegangarar, gjorde at enkelte nokre stader vart kalla synske. -Og for særskilde kunne det verte riktig så plagsomt, slik som her frå Telemark: «Synske folk tala ofte med avdøde. Såve Guttormson Nordgarden var synsk f. 1773. Han budde på Sinnesodden i Seljord men såg i åndi Brynhild Varen som gjekk deildegast 3 mil undan. I Åmotsdal var ein attegangar så seint som i 1920 åri. Han synte seg for mange, men serskilt Kjetil R. var han i vegen for så ofte» (NEG 15866).  

Folkeminnesamlar og etnograf Yngvar Mejland skreiv ned dei to segna over om ein attergangar i Kvænangen og ein i Gryllefjord. Det vart sendt til Norsk etnologisk gransking i 1960 som svar til spørjeliste 81 «Attergangar og vardøger» saman med mange fleire utrulege forteljingar. 

 

Det som går føre og fylgjer 

NRK Nitimen gjorde ei liknande innsamling av forteljingar om vardøger på vegne av Norsk Folkeminnesamling i 1966. Vardøger, vardogl, fylgje, framfaring, førefar, vord m.fl. opptrer i folketrua på ulike måtar. Det kan vere ei vernande ånd som fylgjer alle menneske. Eit vardøger kan òg vere ei varslande ånd. Då ser eller høyrer ein gjerne ånda til ein person ei tid før personen sjølv innfinn seg, slik som i dette dømet: 

«(…) Det var under krigen, i dens begyndelse. Vi leide ut ett rum til en herre. (Navn vil jeg ikke si.) Jeg hadde vært ute en tur, og når jeg kom hjem, så var det noget jeg skulle ha i kjøkkenskapet –, der lå det en lapp på en av hyllene. På den sto det: Jeg går nu, blir borte en tid, har lånt det målet dit, men du skal få det tilbake, når jeg kommer i gjen, skal bruke det til drikkekopp. (Det målet var av aluminium). Han var med i hjemmefronten. Husker ikke nu hvor lenge han var borte, men en kveld vi hadde lagt oss, så hørte vi begge to at det tok hart i entrèdøren, da sier min mann, i kveld kommer han hjem. Og en god tid tid efterpå kom han hjem en tur. Da sier min mann, vi visste du ville komme i kveld. Han blev forskrekket, og lurte på hvordan vi kunne vite det. Jo, vi hadde hørt varslet hans. Vi hadde hørt det før også når han kom hjem fra arbeidet (…)» (NFS NRK Nitimen, 1966). 

Slåttekaren og attegangaren 

I 1953 gjorde tidsskriftet Verden idag ei innsamling av spøkelseshistorier i samband med Norsk Folkeminnesamling. Folk frå heile landet sendte sitt bidrag, og i alt kom det inn omkring 70 historier. Eit utval vart trykt i ei fast spalte i tidsskriftet. Historia under vart av redaksjonen vurdert som ei av dei betre. 

 «For 60-70 år tilbake hadde mine foreldre en slottekar ved navn Tokle. En aften de alle hadde spist kvelds, fortalte han følgende historie: I sine unge dage hadde han været dreng på en gård sørpå, hvor han opholt sig i fem år. En nat han skulle gå ut et litent erend for sig selv fik han se noe som han og få andre har set eller aldrig får se. Det var julemåned og oplyst som ved juledag. Søvnig gik han over gårdspladsen og bak fjøsnova stanser han. Da fik han se at en av syllestenene i fjøsmuren beveget sig som på hengsler og åpnet sig fra de andre som en dør. Forundret med skrek stod han å så på. Da kom der springende frem fra det opne hul et nyføt nakent barn, det tok en runde bortover vollen og kom så tilbake og gik inn i hullet igjen. Da lokket steinen sig atter og gled inn på samme plas som før. Tokle hadde åndsnærværelse nok til å merke sig nøiaktig hvor steinen lå i muren, før han gik inn å la sig igjen. Om morgenen mens han og husbonden sat med kaffen fortalte han hvad han hadde set om natten og resultatet blev at efter kaffen gik de bak fjøsnova for nermere og undersøke saken sammen. Det viste sig da at den samme stein var let å ta ut fra sylla og bak den lå der et barneskjelett. Noe mer kan jeg ikke huske mine foreldre fortalte; men det er mulig at den tragedie som var foregåt forut ikke var noe for barnesind.» (NFS Verden i dag, 1953). 

Nokre tankar kring hyttekos 

Av Lars Smaaberg

Hyttelivet i Noreg har gått gjennom store forandringar dei seinaste ti-åra. Frå gamle enkle hytter og eldre stølar utan innlagt vatn og straum, til store hyttefelt til fjelles med nyare kjøkken enn heime og skjærgårdidyller med vinskåp stilt etter føretrekt temperatur. Me har kanskje røyrd oss vekk frå den opphavlege tydinga av det lågtyske ordet hütte: lite og fattigsleg hus, gjerne i tre. Frå ein 40-åring i Harstad vart det fortald om den nybygde hytta (i 1986) som har balkong ut mot sjøen: 

Badet har fliser og varmekabel i gulv, dusj og 100l bereder. Vegger i stue og kjøkken har liggende rundtømmerpanel 4″ (..). Kjøkkeninnrediningen er hyttepreget med påmontert smijernbeslag. (..). Det er innlagt strøm, men vi har av koselige grunner basert oss på peisvarme og parafinlamper. (NEG 148 28248) 

Fotografi levert med spørjelistesvar 28248 som viser den nybygde hytta. 

For harstadværingen er det element av «det gamle» som gjev hyttekosen. Dette perspektivet kan utfordrast, for nokre tenkjer at «element» ikkje er nok. For mange formast måten ein tenkjer kring hytte på etter korleis ein minnast oppveksten. Ein 69 år gamal krigspensjonist frå Hedmark (f. 1918) fortel om at ikkje ein gong sjølvbygde hytter greier å konkurrere ut vene barndomsminne: 

Om det er hyggelig å komme til sin egen, sjølbygde hytte, er det allikevel ikke som inntrykkene fra min barndoms seter, som nå eies av min bror. Hytteliv i moderne forstand er ett, det gamle seterlivet med budeier og krøtter, noe annet. Jeg synes å se det for meg: Buskap, bjølleklang og kulokk. Hesteskoen over døra i seterselet, og sigden over fjøsdøra. En forgangen kultur -desverre. (NEG 148 27613) 

Dette fotografiet vart sendt inn i lag med eit anna spørjelistesvar, nr. 28160.

Ein kan også tydeleg legge merkje til nasjonalromantiske sentiment, ikkje uvanleg i kjeldematerialet knytt til hytte og hytteliv. Det er vel noko mange som har eller har vore på besøk på ei hytte kan kjenne seg att i også i dag. Og om «det gamle» viskast ut, kan hyttelivet for nokon til og med bli uinteressant. Det kan godt vere at minnet om selskapet som denne 72 år gamle buskerudværingen (f. 1915) pleidde å ha med seg  på setra, var delaktig i avgjersla han tok. Likevel står utsegnet som ei påminning om både korleis vårt forhold til hytter tilsynelatande har forandra seg, og at det finst ulike måtar å tenkje rundt fritidsboligar på: 

Jeg har ikke hytte og har aldri hatt interesse av noen. Desuten har ikke økonomien vært slik at en har kunnet tenke på noen. Vi fikk ordnet oss eget hus og det ble det store «løftet» for oss. 
Mens kona levet var vi endel på en gammel seter i Hemsedal. Denne setra var i drift med kuer og det var meget trivelig der. Seterbua var meget gammel og jeg synes den var koselig.
Foe et par år siden traff jeg eieren i et selskap og han ba meg komme å besøke dem. «Jeg har modernisert og pusset opp seterbua», sa han. Så nå vill du nesten ikke kjenne deg igjen». «Nei, det vil jeg ikke», sa jeg «Jeg vil bevare minne om setra slik den var.» Jeg tror ikke han forsto meg… (NEG 148 27710) 

I 1987 vart det gjennom spørjeliste «NEG 148 – Hytte og hytteliv» spurt om folks knytnad til og tankar kring hytta, landstaden, eller ferieboligen om ein vil kalle det det. Saman med eit eige «Fritids og hytteprosjekt» samla inn mellom 1987 og 1994 og «Ung i fjellet» gjennom minner.no frå 2018, sit NEG på eit stort og unikt kjeldemateriale som omfattar dei fleste type hytter og hyttefolk i heile landet. Hytteprosjektet gjennomførte også meir omfattande feltarbeid i særskilde områder, som på Ål i Hallingdal, i Finnmark, og i Oslo-området. Sjå meir på arkivportalen.no og på minner.no, og les kva det vart spurt om i 1987 her.