Author Archives: johanmilde

Dei forsvunne skrivebøkene

Av Angun Sønnesyn Olsen

Denne lappen låg der ei skrivebok frå ei av Torleiv Hannaas sine innsamlingsreiser i Sogn skulle ha vore. Det dukka opp fleire slike då me skulle registrere Hannaas-samlinga og gjere den klar for digitalisering. Dette gjorde oss nysgjerrige. Kvar hadde dette materialet tatt vegen?
Å få orden på samlinga var ein av dei tinga som stod øvst på lista her i Etno-folkloristisk arkiv (EFA) då arbeidet med SAMLA starta for litt over tre år sidan. Det er viktig for eit velordna digitalarkiv at også det fysiske arkivet er i orden, og det vart fort klart at det var mykje å nøste opp i når det gjaldt Hannaas-samlinga.

Heldigvis hadde me to katalogar å gå ut i frå som begge gav god informasjon om innhaldet. Nummereringa frå Brynjulv Alver sin katalog frå tidleg 1950-talet viste at det var store hol i samlinga. Dei største hola viste til ei oppdeling av Hannaas-samlinga på 1970-talet, då Etno-folkloristisk institutt og Etno-folkloristisk arkiv vart oppretta. Den delen som innehaldt mest folkeminne vart med på flyttelasset, resten stod att på Institutt for Nordisk der samlinga hadde høyrd til sidan opprettinga av universitetet. Ved hjelp av gode kollegaar på Spesialsamlinga vart desse lokalisert og flytta over til EFA, slik at samlinga kunne digitaliserast i si heilheit.

Ein vidare gjennomgang av katalogane viste at det framleis var material som mangla. I nokre arkivmapper låg det berre ein lapp liknande den på biletet over. Katalogen frå 1930, laga av Hannaas sin arvtakar som leiar for Bergens Museums Folkeminnesamling, Gustav Indrebø, viste meir detaljar om dette manglande materialet. Denne katalogen synleggjorde også to heile seksjonar som mangla; Viseprent og Stadnamn. Desse var ikkje kome med i Alver si nummerering.

Kva hadde skjedd her? Kvar kunne dette materialet ha tatt vegen? Med den eine lappen om manglande material fann me eit spor. Det låg nemleg ei spørjeliste om stadnamn til skuleborn i Kyrkjebø herad i same mappe.

Kunne det ha seg slik at noko av dette materialet hadde forvilla seg inn i Stadnamnarkivet ved Bergens Museum, seinare UiB? Leiar for Folkeminnesamlingi på 1930-talet, Gustav Indrebø jobba mykje med stadnamnforsking, og var ei tid leiar for både Folkeminnesamlingi og Stadnamnarkivet. Me tok kontakt med våre kollegaar i Språksamlinga ved UiB– men det var ingen ting som dukka opp i det materialet som då var ordna.

Men ein dag i februar tikka det inn ei melding frå Kristin Kjos på Språksamlinga. I leitinga etter material om filolog Per Hovda sitt arbeid med Norske Fiskeméd (1961) hadde det dukka opp nokre skrivebøker. Kanskje dette var noko av det me leita etter? Spente reiste me bort og fekk kikka oppi nokre boksar med skrivebøker. Og der, blant anna stadnamnmateriale, fann me 8 bøker førd i pennen av Hannaas med den kjente katalogføringa med romartal frå Indrebø si hand på framsida.

EFA Hannaas 463. Foto: Angun Sønnesyn Olsen.

Kva hadde skjedd med desse bøkene? Det viste seg at materialet har vore med på ei spanande reise, som viser til forskjellige forståelsar av tilhøyrigheit og eigarskap av arkivmaterial. Me antar at på eit tidspunkt etter Hannaas si tid har noko av stadnamn-materialet til Hannaas kome saman med Stadnamnarkivet, som Gustav Indrebø, og seinare Per Hovda jobba med. Difor hamna materialet midt i ein strid mellom vitskapsmenn i Oslo og Bergen i 1944. Einar Ådland har skrive utfyllande om denne striden i Årbok for Bergen Museum (1997). Kort fortalt gjaldt strida kvar Norsk Stadnamnarkiv høyrde heime. Gustav Indrebø var den fyrste styraren for arkivet i Oslo, men då han flytte til Bergen for å ta over professoratet etter Torleiv Hannaas og leiinga for Bergens Museums Folkeminnesamling i 1930 stod arkivet utan styrar. I 1939 vart Indrebø igjen satt inn som styrar, og arkivet skulle ha arbeidsstaden sin i Bergen. Indrebø såg arbeidet sitt med stadnamna og Folkeminnesamlinga under eitt, og av pengar Bergens Museum løyvde til Folkeminnesamlinga gjekk mykje til stadnamnforskinga. Då Indrebø døydde i 1942 vart Per Hovda konstituert som ny styrar for begge samlingane. I 1944 tok Olai Skulerud over stillinga til Indrebø.

Per Hovda jobba i 1944 saman med professor Magnus Olsen og embetsmann Sigvat Heggstad for å få flytta Norsk Stadnamnarkiv tilbake til Oslo. Det vart strid mellom desse og Bergens Museum. I juni same år pakka Per Hovda stadnamnarkivet i kasser og tok det med på toget til Oslo. Olai Skulerud var i Masfjorden på samlarferd, og rakk ikkje heim att før Hovda var reist. Til Oslo fekk Hovda også med seg mykje av det stadnamnmaterialet som høyrde til Folkeminnesamlinga. I fylgje Ådland vart Indrebø si samling med stadnamn samla av skuleborn ført tilbake til Bergens Museum i 1946 (Ådland 1997). Men mykje av det andre materialet, deriblant arbeidet etter Torleiv Hannaas vart verande hjå Per Hovda, fram til det igjen vart flytta frå Oslo til Universitetet i Bergen for nokre år sidan i samband med at UiB overtok ansvaret for Norsk Ordbok. No er dei endeleg komne tilbake til Hannaas-samlinga og snart digitalisert og tilgjengeleg gjennom SAMLA.

Me er framleis på jakt etter viseprenta som manglar. Kanskje dei også dukkar opp og har ei historie å fortelje? Følg med!

Kjelder

Hovda, Per. 1961. Norske fiskeméd. Oslo
Ådland, Einar. 1997. Ein krig i krigen. Striden om Norsk Stadnamnarkiv i Bergen. Bergen: Årbok for Bergen museum. s.54–60.

Møy i Ulveham

Av Angun Sønnesyn Olsen

(Overskriftsbilde: NFS Bugge 8, 8de Samling (a), side 66.  Tittelen på versjonen etter Elen Rolleivstad er  «Jomfrua i Linden», noko som viser denne samanblandinga med TSB A 30. Elen Rolleivstad delte fleire balladar med Sophus Bugge då han besøkte ho i 1857 og 1859.)

Eit av måla med SAMLA er å legge til rette for forskjellig bruk av materiale ein finn i dei tre samlingane. Dette kan gjerast på fleire måtar. Eit eksempel på korleis ein kan nytte arkivmateriale kan ein i desse dagar høyre gjennom bandet Gåte si bruk av balladen Møy i Ulveham (TSB A 19) i deira deltaking i Melodi Grand Prix. Versjonen dei framfører i songkonkurransen er ei omarbeiding av balladeteksten. Den fyrste versjonen dei gav ut på EP’en Vandrar i 2023, har ein tekst som ser ut til å stamme frå Sophus Bugge sitt møte med songaren Elen Jensdatter Rolleivstad då han var i Fyresdal i 1857. Denne teksten er ein del av materialet etter Sophus Bugge i Norsk Folkeminnesamling. Songaren i Gåte, Gunnhild Sundli, seier sjølv om måten Gåte jobbar på i eit intervju til TV2: «Vi finner skjulte skatter i folkekulturen og får det opp igjen».

Gåte opptrer under finalen av Melodi Grand Prix 2024. Kilde: Wikimedia Commons. Fritt tilgjengelig under Creative Commons CC0 1.0.

Møy i Ulveham er ei ballade som inneheld to kjende motiv i folkediktinga: omskaping og den vonde stemora. Her møter me ei vond stemor som skapar om stedottera si til forskjellige objekt (nål, kniv, sverd). Desse objekta blir satt pris på av folk, noko stemora ikkje likar. Ho skapar difor om stedottera si til ein ulv. Forbannelsen gjer at ho må gå rundt i skogen heilt til ho drikk blodet til broren sin. Stemora blir etter ei stund med barn. Ein dag på veg til kyrkje får ulven tak i henne og drikk hjarteblodet hennar, og difor også blodet til den ufødde broren. Jomfrua vender soleis tilbake- like god. I nokre variantar skapar far til jomfrua ho om til ei lind når ho fortel kva som har hendt. Dette viser til ei samanblanding av balladen Møya i Linda (TSB A 30). Dei to balladane har nok opprinneleg vore to sjølvstendige balladar, men dei har vokse saman gjennom tradering. Same omkvedet er også nytta på desse to balladane.

Fleire medium har i samband med Gåte sin versjon omtalt teksten som over 1000 år gamal. Dette er nok å ta litt hardt i. Ein kjenner ikkje til versjonar som er så gamle. Sjølve balladesjangeren meinte den svenske balladeforskaren Bengt Jonsson kom til Noreg og Norden på 1200-talet gjennom dåtidas hovudstad Bergen (Solberg og Jonsson 2011). Ein av dei tidlegaste balladetekstane som er bevart i Noreg er i fylgje litteratur- og balladeforskar Olav Solberg frå slutten av 1400-talet (Solberg 2020). Dei fleste av balladane me kjenner i dag vart samla inn frå songarar på 1800-talet og tidleg på 1900-talet, og var då ein del av den munnlege tradisjonen. Mykje av innsamlinga på denne tida konsentrerte seg om Telemark, og der er der alle dei ni versjonane me kjenner av balladen i Noreg i dag er i frå. Dette betyr ikkje nødvendigvis at balladen berre fanst i Telemark.

Dei fyrste versjonane av Møy i Ulveham me kjenner frå Noreg er frå Sophus Bugge si samlarferd i Telemark i 1857, men det er grunn til å tru at dei hadde vore i omløp ei stund før dette. Balladen finst i ei dansk balladesamling frå slutten av 1500-talet. På samlarferda skreiv Bugge ned seks variantar av Møy i Ulveham, i tillegg til den før nemnde oppskifta etter Elen Rolleivstad. Endå ein versjon samla han inn i 1864, då han besøkte Gunnhild Kjetilsdotter Sundsli i Fyresdal. Ho var svigerinna til Elen Rolleivstad. Rikard Berge samla inn to variantar til i Fyresdal og Kvitseid i 1913. Den eine frå Jorunn Storelid, som var dotter til Elen Rolleivstad, og den andre var Torbjørg Heidi, dottera til Margraet Brauti frå Skafså, som var ei av songarane Sophus Bugge også samla balladen frå i 1857. Slekt hadde mykje å seie for balladetradisjonen på 1800-talet.

Balladen er kategorisert som ei naturmytisk ballade fordi den handlar om omskaping og er knytt til gamal folketru om varulvar. Den skil seg frå andre balladar der forteljinga ofte blir fortald i tredje person. Her er det eg-form, og me høyrer historia fortalt av den unge jomfrua sjølv. I den danske folkloristen Svend Grundtvig si Danmarks Gamle Folkeviser band 2 frå 1856, har balladen fått nummeret DgF 55. Grundtvig hadde berre ein tekst med. Denne er frå Karen Brahes foliohåndskrift, ei dansk balladesamling frå slutten av 1500-talet. I bind 3 frå 1862 finn ein eit tillegg på fire tekstar som Sophus Bugge sendte til Grundtvig, der i blant versjonen etter Elen Rolleivstad. Den svenske versjonen av balladen, «Den förtrollade riddaren» vart fyrst skrive ned på slutten av 1600-talet. Her er det ein mann som er hovudpersonen. Handlinga og motiva er elles mykje det same.

Kjelder:

Grundtvig, Svend, Axel Olrik m. fl. (red.). [1853–1863] 1966. Danmarks gamle Folkeviser I–XII. København. Gyldendalske Boghandel.
Jonsson, Bengt R. og Olav Solberg. 2011. «Vil du meg lyde». Balladsångare i Telemark på 1800-talet. Oslo. Novus
Solberg, Olav. 2020. Harpe og Sverd. Litteraturhistoriske essay om den norske balladen. Cappelen Damm Akademisk, Oslo.

https://gaate.bandcamp.com/album/vandrar https://www.dokpro.uio.no/ballader/lister/alfa_titler/tittel_208.html https://www.hf.uio.no/ikos/tjenester/kunnskap/samlinger/norsk-folkeminnesamling/folkeminnesamlere/bugge/
https://www.tv2.no/underholdning/gate-avslorer-endring-for-eurovision-mange-reaksjoner/16558258/

Æventyr fortalde av M.J. Mathiassen Skou

Av Angun Sønnesyn Olsen

(Overskriftsbilde: EFA Hannaas 50. Foto: Silje Teigland Røstøen)

Å gje tilgang til tradisjonsarkiva gjennom ein felles digital plattform vil gjere det mogleg å søke på tvers av arkiva, noko som opnar opp for nye måtar å sjå materialet. Det opnar også opp for, og gjer det enklare, å sjå samanhengar mellom arkiva og aktørane som har bidratt til innsamling og forsking. Nokre personar dukkar opp fleire plassar i materialet; nokre kjelder har fått besøk av fleire samlarar og nokre aktørar har vore aktive på fleire område. Me har tidlegare skrive om Arne Garborg si bekymring for arbeidsmengda til Moltke Moe og ynskje om ei foreining «til Moltke Moes Beskyttelse». Arne Garborg var også mykje i kontakt med Hannaas på Folkeminnesamlinga ved Bergens Museum, ikkje minst om bidrag til Norsk Årbok som Hannaas styrde frå 1921. Men, Garborg dukkar også opp som samlar.

Då eg leita etter informasjon om ein av eventyrforteljarane Hannaas møtte på Stord i 1912, viste det seg at Arne Garborg også hadde skrive ned eventyr frå same kjelde, om lag 50 år tidlegare. Denne kjelda, Martin Johan Mathiassen Skou (1849-1919), var av romanislekt, og kom frå ein av familiane som vart tilbydt Eilert Sundts program for å få eit bufast liv. Skou skreiv sjølv om dette i biografien «På Fantestien» frå 1893. Han vart som ung gut sendt til fostring på Jæren. Der gjennomførte han skulen og konfirmasjonen med gode skussmål, og fekk hjelp til å gå vidare på lærarskule på Time i 1866. Han fekk rom på loftet i klokkarbustaden og budde der saman med Arne Garborg (Totland 2011).

Garborg og Skou kjende kvarandre frå før, men det var kanskje her Garborg vart kjend med eventyrforteljaren Skou. Ved lærarskulen var det fleire kulturelt interesserte ungdomar, og saman skipa dei både diskusjonslag, lærarlag og laga og redigerte handskrivne blad. Folkeminne var blant interessefelta, og Garborg skreiv blant anna ein artikkel om dei norske folkeeventyra. Her viste han at han fylgde med på dei då rådande teoriane om eventyra, og at han var godt oppdatert på arbeidet til Asbjørnsen og Moe (Kvideland 1968).

I 1867, etter å ha høyrd at P. Chr. Asbjørnsen var ute etter eventyr frå Jæren, sende Arne Garborg han åtte eventyr etter Martin Johan Mathiassen Skou. Garborg noterte at eventyra nok ikkje kom frå Jæren, men at dei var fortalt i den lokale forteljarstilen. Han syns sjølv det var ein del forvirring i forteljingane: «snart synes de sammenrørte i hinanden, snart opspædde med Sager frå andre Kilder» (NFS Garborg 1, s. 89). Derfor hadde han prøvd å redigere dei både i innhald, form og språk (Kvideland 1968). Som honorar for eventyra uttrykte Garborg i brev til Asbjørnsen at han håpa å motta «ti-tyve Daler» (NFS Garborg 1, brev datert 28.10.1867). Asbjørnsen sendte han 5 spesidaler, som oppmuntring til «at samle mere, endskjønt lidet er brugeligt» (NFS Garborg 1). Garborg sendte ikkje fleire eventyr til Asbjørnsen. Sjølv om Garborg hadde redigert eventyra slik han trudde Asbjørnsen ville ha dei, så var ikkje Asbjørnsen fornøgd. Garborg hadde nytta «den sædvanlige Skolemestermanér» noterte han (Liestøl 1921:7).

(Brev frå Garborg til Asbjørnsen, NFS Garborg 1)
(NFS Garborg 1)

Martin Johan Mathiassen Skou jobba ei tid som lærar etter at han var ferdig på lærarseminaret i Time, men tok seinare til å reise rundt att. I 1912 var han på Stord, og der møtte han Torleiv Hannaas som då var lærar på lærarskulen der. Hannaas skreiv ned to eventyr frå Skou og la ved ei liste med titlar på 6 til, med notat om at Garborg tidlegare hadde skrive ned desse. Han noterte at Skou hadde desse eventyra frå far sin, Matthias Halvorsen. Dei to eventyra er bevart i to skrivebøker, med arkivreferanse EFA Hannaas 50 i Etno-folkloristisk arkiv, UiB. I notatboka til Hannaas er der, i tillegg til eventyra, nokre biografiske notatar om Skou. Her har Hannaas notert at det var grunna kjærleiken til jente frå same bakgrunn at han gav opp lærarjobben og byrja å reise att. Ein finn også eit notat om då Skou var med Garborg på friarferd.

(EFA Hannaas 50. Foto: Silje Teigland Røstøen)
(EFA Hannaas 50. Foto: Silje Teigland Røstøen)

Det er 46 år mellom oppskriftene til Garborg og Hannaas. Ei samanlikning av dei viser både forskjell i samlar sin innsamlingsmetode, og at Skou truleg hadde utvikla forteljarevna si i frå han som 17-18-åring fortalde dei til Garborg til han som 63-åring traff Hannaas på Stord (Kvideland 1968). Hannaas var opptatt av målet, og skreiv ned eventyret nær talemåten forteljaren formidla i si framføring. Han noterte at Skou fortalde på jærmål, men at det også var innblanda dansk (EFA Hannaas 50 I, s.1). Garborg sine oppskrifter vitnar om ei anna tid for det norske skriftspråket og eit anna syn på korleis ein skreiv ned folkeminne. Han, som sidan var aktiv målmann, skreiv eventyra på dansk og forma dei slik han trudde Asbjørnsen ville ha dei (Totland 2011).

I historia om eventyra etter Martin Johan Mathiassen Skou kan ein fylgje dei forskjellige perspektiva samlarar og folkloristar har hatt opp igjennom tida. Frå Garborg si oppfatning av at han måtte reinske vekk ting, Asbjørnsen si oppfatninga av at forma var rotete, at det var ei blanding av forskjellige eventyr og at eventyra ikkje norske nok, Moltke Moe si forundring over dei asiatiske og europeiske førestillingane han såg spor av i eventyra, og korleis dette gav meir meining for han då han fekk høyre at forteljaren kom frå romanislekt (NFS Garborg 1), til Knut Liestøl si oppfatninga av Martin Johan Skou som ein forteljar som ikkje var stød, og gav eit personleg preg på eventyra som var i det meste laget for folkloristen (Liestøl 1921). Folkloristen Reimund Kvideland, som såg på materialet om lag 45 år etter Liestøl, og som var del av eit forskingsmiljø som retta seg meir mot framføring og formidling, var meir opptatt av det nyskapande og det individuelle. Og vidare, korleis ein god forteljar kan sette eit personleg preg på forteljinga, sjølv om han held seg innan rammene tradisjonen og miljøet set. Han såg på Skou som ein av dei mest særmerkte eventyrforteljarane (Kvideland 1968).

Kvideland skreiv: «Ei nøyare samanlikning mellom desse oppskriftene kunne truleg føra til interessante resultat» (Kvideland 1968: 50). Det finst fleire slike tilfelle i samlingane som ventar på å bli forska på. Slike undersøkingar kan bli lettare å gjera når materialet blir tilgjengeleg gjennom SAMLA.no, og ein ved eit enkelt søk får opp materialet samla frå same kjelde side om side.

Kjelder og vidare lesing:

EFA Hannaas 50, UiB.

NFS Garborg 1, UiO.

Kvideland, Reimund. 1968. «Arne Garborgs Eventyroppskrifter- ei vurdering av samlar, forteljar og utgjevar» i Ætt og heim: lokalhistorisk årbok for Rogaland. s. 41-55.

Liestøl, Knut. 1921. «Eventyr / samlede og fortalte af Arne Garborg ; med innleiding av Knut Liestøl og merknader av Reidar Th. Christiansen» Særtrykk av: Syn og segn, 27. Det Norske Samlaget.

Skou, Martin J. Mathiassen. 1893. Paa Fantestien: Oplevelser og Erindringer fra Omstreiferlivet. Kristiania, B.T Mallings Boghandels Forlag.

Totland, Marit Elisabet. 2011. «Gamalt eventyr fram i dagen- takka vera gode arkiv» i Ætt og heim: lokalhistorisk årbok for Rogaland. s. 91- 106.

Totland, Marit Elisabet. 2014. Garborg og Skou – forskjell på folk? Commentum forlag.