Dåsakvelden 

Lars Smaaberg 

Det er knytt mange truer og skikkar til høgtidsdagane våre, og skjærtorsdag er ikkje eit unnatak. Denne kvelden er nokre stader gjenstand for skyting med børse og å gå påskekjerring, medan andre stader måler ein egg eller kokar blåskjel.  

Ein skikk me i år ynskjer å lyfte fram er lokalt knytt til Ål i Hallingdal. ‘Dåsakvelden’ som skjærtorsdags kvelden heiter der, let seg best fortelja slik ho vart fortald til arkivet i 1982: 

«Skikken gjekk ut på å lure til seg ei dås utan at eigaren visste om det».  

Om de er i tvil, ei ‘dås’ (nynorsk: dos fl. doser) i Ål og mange andre stader tyder stakken på bunaden. Vidare vert det fortald om dåsakvelden: 

«I natten mørke vart så denne dåsa hengt opp i ei bjørk eller ein stad som var godt synleg i bygdi. I Øvreål var ei svær bjørk kalla ‘Kvarvebjørki’. Den var synleg frå heile grende. Min mor (født 1874) kunne fortelja at det fyrste dei gjorde langfredagsmorgon, var ut å sjå kor mange slike plag det hang i bjørki. Dei som var eigar måtte no helst henta at dåse si. Men helst so ingen såg det, då det helst var litt skam at dei var lurt». 

Korleis denne gamle skikken har oppstått og blitt halden i hevd slik lokalt er vanskeleg å seia. Men sjølve ordet skjærtorsdag tyder reinsetorsdag, og skal koma av at Jesus vaska føtene til disiplane sine om kvelden dei hadde det siste måltidet. I Noreg og andre land var det ikkje uvanleg å tru at sjølve lufta denne kvelden hadde reinsande kraft, og mange stader var det vanleg å henge ut gang- og sengeklede denne dagen. 

Dagen etterpå var heller ikkje naudsynleg heilt trygg for dei som hadde vorte fråstelt dosene sine. For langfredag skulle gutane ut i skogen for å skaffe bjørkeris, som dei mot kveldinga kunne gøyme bak ryggen på veg inn døra til grannen, men det er ei anna soge. 

Litteratur og kjelder 
Aal bygdesoge. Utg. Aal Sparebank. Ål. 1955 
Spørjelistesvar NEG 25897. Norsk etnologisk gransking. Upubl. 1987 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.