Litt om norsk tobakksdyrking og -produksjon

I 1962 sendte Norsk etnologisk gransking ut spørjeliste 92; ‘Bruk av tobakk’ for å undersøkje bruks- og tankjemåtar kring tobakk- og tobakkskultur i Noreg. Tobakksdyrking er kjend heilt tilbake til midten av 1600-talet i Noreg, då i frå Luster i Sogn. Det er også i dette området ein meir omfattande tobakksindustri vaks fram frå 1880-åra. Så kva ville du svara om du fekk spørsmålet: Fanst det tradisjon for å dyrke tobakk før 1900 i di heimbygd? Kva med under siste verdskrigen?  

Ein mann fortel at dei i Balestrand «… tok til å dyrka tobakk kring 1890. Det var amerikanarar som sende heim frø i posten. Men tobakksdyrking kravde sers god jord. Dei beste bygder i Midtre- og Indre Sogn tente på tobakksavl- til staten lagde skatt på uppmælt åker til tobakksavl- utan umsyn til hausten» (NEG 18520).  

Denne statsavgifta er blant fleire årsakar til at den norske kommersielle tobakksindustrien ikkje overlevde lenger enn kring 1920. Og då gjekk det ei stund før norsk tobakksdyrking att fekk ein oppsving, men då helst til eige bruk eller til svartbørsen. I 1942 vart det nemleg innført rasjonering av tobakk i Noreg. Omkring same tid fekk boka «Tobakk til eget bruk» frå 1941 eit kraftig byks i salstalet. Det er kanskje difor det vert fortalt om tobakksdyrking, eller forsøk på det, frå alle fylke i Noreg under 2. verdskrig? (Svar til NEG 92). 

Svartkvit bile av mann som held på med tørking av store blad ute.

Tobakkshaust, Luster 1934. Foto: Norsk Folkemuseum.

Eit mangfald av tobakksoppskrifter 

Frå Lom vert det fortald korleis tobakksproduksjonen kunne gå føre seg under krigen, etter plantene var ferdig turka: «Tobakken vart nok stelt på fleire måtar. Ein måte var å dusje over dei turka tobakksbladi med litt sukkervatn og då leggje bladi saman i pylsor med pergamentpapir utanpå og so surre desse godt isaman so dei vart som ein stein. So hengde dei pylsone upp ved omnen eller lagra dei ein stad der dei vart varme. Sume la dei i steikjeomnen ei stund, um ei tid vart dette godt brukbar tobakk» (NEG 17436).  

Ei anna tobakksoppskrift har me frå Borgund: «Blada vart tekne under tak og turka, så vart dei lagde i flå og pressa til mogning. Så sausa. Til dette nytta dei sukker, avkok av rosiner og plomme og somme hadde litt parfume i. Deretter gnidd eller skoren i smale strimlar» (NEG 17538). 

Og om turke- og fermenteringsprossesen gjekk for seg feil, då kunne det gå føre seg som i Hedmark: «Ja, en mann frå Løten forteller at det var noen gubber, som for ca. 40 år siden dyrka- og røkte den fordervelige bondetobakken, slik at de røkte til de stupte overende og at det lukta verre i nærheten av dem. De klarte ikkje noeslags fermentering og tobakken ble deretter» (NEG 17365).  

To menn og eit barn står i åker med tobakksplantar som når mennene til skuldrane.

Tobakksplantasje med skulderhøge plantar. Foto: Norsk Folkemuseum.

 

Krise- og krigstobakk  

Slik som under 2. verdskrigen, vert det fortald frå store delar av landet at det vart dyrka tobakk under 1. verdskrig (NEG svar til 92). Den store ‘tobakksnaudi’ som ho kan verte kalla. Også i tidlegare kriser kjenner ein til ei auke i tobakksproduksjonen: «Ja, sjølvsagt. I Østerdalen og Solør var det fleire storbønder som tok til med tobakkdyrke under blokadetida 1807-1814 t.d. storbruksbonden Ola Aaset i Åmot» (NEG 17345). 

Likevel var det nok vel så vanleg å søke seg substitutt til tobakken når importen svikta. Til dømes nemnast kvannerot, humle, mose, ryllik, einerbork (sprakebork), potetblader, sisselrot, hestelort. (NEG svar til 92). Ja det kan sjå ut til at mange røykte det ein kom over. Fleire nemner også at «retteleg god vart aldri den heimeavla [tobakken] (NEG 17717 m.fl.). Kanskje er det difor så få fortel Norsk etnologisk gransking om norsk tobakksproduksjon i tider der verdshandelen har gått som normalt? 

Sjå elles korleis ein tobakksplantasje kunne sjå ut under krigen i Østre Toten kommune under 2. verdskrig (foto frå Mjøsmuseet): 

Svartkvitt bilde med mann ute på ei mark med store blad som veks opp til skuldrane.

Sommaren 1944. Tobakksdyrking på garden Kraby østre, i Østre Toten. Mannen på bildet er Kåre Nøkleby. Foto: Sigurd Bernhard Røisli.

 

Kjelder og vidare lesing: 

Norsk etnologisk gransking – svar til spørjeliste 92 022yiVVXuMZa (dimu.org)
Blader av tobakkens historie : J.L. Tiedemanns Tobaksfabrik 1778-1978 (nb.no)
Dyrking og viderebehandling av tobakk til eget bruk – Nasjonalbiblioteket (nb.no)
En gang var det tobakksplantasjer i vårt nabolag … | Sogn kultur- og historielag (sognhistorielag.no)
Historisk oversikt over tobakk i Norge 1619-2021 – FHI
Ole Aaset – lokalhistoriewiki.no
Tobakksdyrkinga i Luster – Allkunne 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.