Vogga

Av Lars Smaaberg.

Den fyrste song eg høyra fekk
var mor sin song ved vogga.

Denne fyrste setninga av Per Sivle sitt kjende dikt vekkjer minne i mange av oss. Og ikkje så rart, mange har enno gamle barnevogger heime- som ei nesten dagleg påminning om alle som har halde sine fyrste stunder der.

Vogger har ofte ei ganske interessant soge ved seg, og om ikkje anna, ei svært personleg ei. I 1952 spurte Norsk etnologisk gransking om desse voggene, men frå ein litt meir etnologisk ståstad: korleis vart dei eldste voggene i bygda laga? 128 svar kom inn frå om lag like mange herad spreidd over heile landet. Me har teke eit utval vogger i denne teksta, basert på kven som hadde gjort gode skisser.

Vår meddelar, Ivar A. Streitlien fødd 1892, skreiv at den eldste vogga i Tynset var «Ei trekasse som står på meier. I eine enden (Hovudenden) måla dei på namna og fødedag og år til dei ungane som låg i vogga».

Utsnitt av spørrelistesvar om vogger, tekst og tegning i svarthvitt.
Vogga – ei trekasse på meier.

Skal ein tru Streitlien, er det med andre ord ei relativt simpel vogge med meiene på tvers av vogga slik han teiknar den. I Elverum og Våler derimot, skreiv ein annan medelar, Olav Furuset daud 1961, at dei eldste voggene er ei meivogge, og ei slengevogge som «hang i Slinna». Han har fått opplysingane sine av Olea Skirbekk fødd 1867. Som biletet under syner, går meiane på vogga langsmed. Han skriv at «det skulle rett og slett vera farleg at meiane gjekk på tvert», men at dei fleste likevel hadde det.

Utsnitt av spørrelistesvar om vogger, tekst og tegning i svarthvitt.
Meier på langs (venstre).

Om ein byrjar å lure på korleis i alle dagar vogga kunne henge slik, kan ein sjå til Ola Rudvin fødd 1899 i Hemsedal. Han fortalde mellom anna at han låg i ei hengevogge laga av «ihop-sinka fjøler», og at «botnen var festa på tvers og med mellomrom så vogga vart luftigare og madrassen kunne turke lettare om barnet vætte seg». Vogga vart hengt nær ved senga slik at ho lett kunne voggast medan ein låg i senga.

Utsnitt av spørrelistesvar om vogger, tekst og tegning i svarthvitt.
Vogge hengt nær senga.

Olav Bakken fødd 1896 fortel om ei vogge i Seljord som «er laga som ei seng i miniatyr med skeia stolpar og tverre brugdur og utskorne kniktar og strykja listar og einsfarga måling (orange). Ho stend nedfeld i grovkrota voggemeiar, botnen utgjer 4 lange fjølar». Likevel hadde folk [i 1953] allereie byrja å setje desse på loftet til fordel for kjøpt barnevogn:

Utsnitt av spørrelistesvar om vogger, tekst og tegning i svarthvitt.
Vogge med grovkrota voggemeiar.

Ein kan her legge merke til voggebandet ein kan dra i for å vogge. Slike vogger fanst det over heile landet, slik som frå Hidra i Vest-Agder. Denne skissa syner ei «langmeivogge» og ei «tværmeivogge»:

Utsnitt av spørrelistesvar om vogger, tekst og tegning i svarthvitt.
«Langmeivogge» og ei «tværmeivogge».

Det vart stilt fleire spørsmål til meddelarane om vogga i denne innsamlinga. For hadde dei høyrt om vogger som var uthola av tre?

Av dei aller fleste som svara til denne innsamlinga, var dette heilt uhøyrt. Likevel kom det fram fleire forteljingar og minne, både frå samiske og norske område. Her har me valt ut tre.

Carl Løvlimo fortalde at den samiske komsa var i bruk i Meråker. Han skildrar komsa som «en uthullet trekubbe». Han skriv vidare at denne «var overtrækt med barket skind og hadde en slaks ‘klesje’ over barnets hovud. Forran denne var det en del forskjellige glassperler på skindreme, til pryd og leketøi for barnet. En skindrem var fæstet i enderne og kunde bæres på ryggen i denne. Da barnet skulde sove blev vogga ophængt og slynget frem og tilbake. Denne vogga kaldes ‘komse’ men her i bygden kades den ‘stokk’». Interessant er det også at det lenger nord har vore brukt fleire ord om uthola vogger, til dømes bánno og kjerris.

Utsnitt av spørrelistesvar om vogger, tekst og tegning i svarthvitt.
Uthola vogge frå Hadsel i Nordland.

Også frå Bø i Telemark kan Olav Nordbø fortelje om noko liknande, vel kanskje noko mindre utsmykka: «Fyrst vogge-typen folk veit om og kjenner til var ei vogge uthola av ein trekubbe».

Hjalmar Jensen kan fortelja litt meir detaljert om korleis ein kunne lage og bruke ein slik uthola vogge frå Hadsel i Nordland: «Den elste voge jeg har hørt om var laga av træ uten meier låg unde som en flatbunt båt men til jenjel var der syd sjind over den et støke på ver side med lerrem efter miten. Så det var let og reipe den samen når barnet var lagt nedi den. Så var dete en solid rem frå den ene ende av voga til den andre. Når kvinderne gjik i skogen hengte dem voga over skulderen og kunde strike om di bar barnet. Når di jete hengte dem våga over en gren efter lerremen. Di var da siker for dyr og andet slig som hugorm. På samme tid som de vert øiblik hade tilsyn med barnet. Dise vågene kaltes kjer og har en liket med dem som reinfolket i finmark har brukt».

Det er også mykje meir spennande å oppdage om vogger i denne samlinga. Over heile landet skal det ha vore vanleg å putte små born i ymse oppbevaringsgjenstander. Til dømes skal det ha vore vanleg å legge ungen i ‘dryftetroget’ (drøftetrau). I Spydeberg skal det ha vore ålment brukt når mor måtte vera med på utearbeid, til dømes på jordet.

Andre stader, i heile landet, vart mellom anna vedkorg, kommode, skuffe, ‘bakstetrog’, og ‘kakutrog’ brukt. Iblant nedteikningane om vogger kan ein også til dømes finne eit gamalt barnerim frå Strandvik i Hordaland etter Kari Haga:

Hyssa, byssa tullo – ligg no gått i lullo.
Inkje grina – inkje gråta,
me har rubmagraut i tåta.
Inkje vera mo å mødd,
me har grisen stor å jødd,
stuten feit i flor’n,
øykjen sterk i fjor’n.
Me har glø på gruo,
søll å gudl i buo,
å adle kjiste æ fudle –
søv no vettla gudle.

Utsnitt av spørrelistesvar om vogger, tekst og tegning i svarthvitt.
Gamalt barnerim frå Strandvik i Hordaland.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *