Norske Argus og innsamling

Har du hørt om Norsk Argus? 

Norske Argus var det fyste avisutklippsbyrået i Noreg, grunnlagt i 1898. Avisutklippbyrå leverte utklipp av artiklar – på oppdrag frå ulike aktørar, tråla dei aviser etter artiklar som oppdragsgivarane var ute etter. Her hjå Etno-folkloristisk arkiv finner me ei rekke avisutklipp, innsamla av Norske Argus.  

Arkivboksar, fire stk som står ved sidan av kvarandre.

Foto: Silje Teigland Røstøen

Aviser har vore brukt til innsamling av folkeminner på fleire måtar. I materialet etter Hannaas ser ein blant anna at han brukte aviser til å oppfordre folk til å sende inn material til Bergens Museum. Ein av dei fyrste oppgåvene han gjekk i gang med, etter at han kom til Bergen Museum, var å sende brev til fleire aviser over heile landet med oppmoding om å sende inn gåter. Breva stod på trykk i 1916 og gav Hannaas ei rik gåtesamling frå heile landet. Aviser har også vore ein plattform  for folkeminnesamlarar i forbindelse med publisering av innsamla material, ofte for det lokal samfunnet dei samla frå. Hannaas tok vare på relevante artiklar frå aviser om tema innan både folkeminne og målføre. Her har Norske Argus vore til god hjelp. Ein kan sjå at han har brukt tenesta deira til å samle inn materiale til forskjellige tider og av forskjellige tema. Den største samlinga er nok utklipp som omtalar segn og soga. 

Avisutklipp merka med Norske Argus.

Slik ser eit skanna eksempel om soge i Etno-folkloristisk arkiv ut.

Avisutklipp spreidd utover der saker som 'Huldrekyr" og 'Ola Paals saga' er døme på overskrifter.

Avisutklipp motteke frå Norske Argus. Foto: Silje Teigland Røstøen.

Bruk av Norsk Argus som leverandør av avisutklipp finn ein og i material om barnetradisjonar frå 1980-talet her i EFA. Felles for materialet innsendt av Norske Argus, er at alle avisutklyppa er merka med ein lapp med Norske Argus, samt namn på avisa og dato for publikasjonen. 

Avisutklipp

Foto: Silje Teigland Røstøen

I nesten hundre år hadde Norske Argus nærsagt monopol som presseklippleverandør og mediaovervakar. Dette har forandra seg i tråd med utviklinga innan media, og særleg etter at internett kom, og det er no fleire aktørar som leverer tenester innan medieovervaking.  Avisovervaking er kanskje hakket enklare i dag, med digitale løysningar og søkemotorar. Likevel, no når dette avismaterialet skal digitaliserast, så kan det gjenspeile både korleis metodane for innsamling har utvikla seg, og seie noko om kva innsamlarane har interessert seg for gjennom tidene.  

Svart-hvitt foto av to menn og en dame

Tov og Kjetil Aslaksson Flatin

Av Mari Ringnes Gløtberget

Brødrene Tov (1878-1945) og Kjetil Aslaksson Flatin (1881-1916) har begge bidratt med materiale til Norsk Folkeminnesamling. Brødrene var fra Seljord i Telemark og var begge utdannet lærere. 

Mann i fotografstudio. Uniform med hatt og kniv i beltet. Lyst hår og hud.
Kjetil A. Flatin. Foto: Ragnvald Nyblin.

Det er gjerne eldstebroren Tov vi kjenner best til, da Kjetil døde tidlig, før fylte 35 år. Dog rakk også Kjetil å gjøre seg bemerket som folkeminnesamler, i tillegg til å arbeide som lærer og gårdbruker. Hans innsamlede folkeminner ble først tilgjengeliggjort som utklippsbøker i aviser, senere utgitt i Gamle hermennar fraa Telemork i 1916 og i slektssagaene Rokkerova og Ættir fraa Selgjord etter hans død. I 1913 sendte Kjetil Flatin inn et trykk av «Trolldom og tussar. Gamalt fraa Telemork» til Norsk Folkeminnesamling. Samtidig søkte han om stipend til videre innsamling av folkeminner i Telemark. Det innsendte materialet ble i 1930 utgitt av Norsk Folkeminnelag, med forord av broren Tov: 

«Det er med folkeminnesamling og ættegransking Kjetil hev sett seg eit minne. Naar ein kjem ihug koss han maatte hange i med tungarbeid er det mest ei gaate at han kunde faa tid til aa samle og skrive upp so mykje som han gjorde. Det var ein trott som var nærpaa makalaus». 

Tov Flatin. Foto: Bolette Berg og Marie Høeg.

Kjetil Flatins henvendelse til Norsk Folkeminnesamling v/ Moltke Moe, 22. februar 1913. (NFS Flatin K., Norsk Folkeminnesamling, Universitetet i Oslo).
Ein yngre mann, og ein eldre mann og ei kvinne som sit ute ved eit bord med skrivne ark på. Alle er vendt mot kamera.
Kjetil A. Flatin og foreldrene Aslak Endresen Flatin og Margit Tovsdatter Flatin (NFL 21, Tussar og trolldom, Norsk Folkeminnelag 1930).

Tov Flatin virket det meste av sitt voksne liv i Flesberg i Numedal. Her var han aktiv i kommunepolitikken og lokale lag, hvor han hadde flere verv, blant annet som ordfører og som leder i Numedal sogelag og Lyngdal venstrelag. I 1918 ble han statsstipendiat i «folkeminnesamling og bygdesogegransking», og fikk med det 100 kroner i årlig stipend for innsamling av folkeminner. Noe av motivasjonen var knyttet til å løfte fram og føre videre arbeidet etter broren Kjetil. Tov ga ut en rekke lokalhistoriske publikasjoner, hvor bygdebøkene for Seljord og Flesberg regnes som hovedverkene. Tov forholdt seg tett til tradisjonsmateriale i utgivelsene sine. I Norsk Folkeminnesamling finner vi det trykte heftet «Nokre gamle truir og anna fraa Selgjord». Trykksaken er utdatert, men inneholder blant annet folkeminner fortalt av brødrene Flatins foreldre Aslak Endresen Flatin og Margit Tovsdatter Flatin. Disse knytter seg til folketro, råd og skikker blant annet rundt fødsler og stell av spedbarn. Heftet inneholder også eventyr som «Bjørn aa reven», «Guten, som kappslom æ Fa’n» og «Kjerringjo, som kasta bort kjyri hine».

 

Utdrag fra Tov Flatins «Nokre gamle truir og anna fraa Selgjord» (NFS Flatin T., Norsk Folkeminnesamling, Universitetet i Oslo).

  

Kilder: 

NFS Flatin K. Norsk Folkeminnesamling, Universitetet i Oslo. 

NFS Flatin T. Norsk Folkeminnesamling, Universitetet i Oslo. 

Kjetil A. Flatin (1881–1916) – lokalhistoriewiki.no 

Kjetil Aslaksson Flatin – Store norske leksikon (snl.no) 

Tov Flatin (1878–1945) – lokalhistoriewiki.no 

Tov Flatin – Norsk biografisk leksikon (snl.no) 

 

Nokre tankar kring hyttekos 

Av Lars Smaaberg

Hyttelivet i Noreg har gått gjennom store forandringar dei seinaste ti-åra. Frå gamle enkle hytter og eldre stølar utan innlagt vatn og straum, til store hyttefelt til fjelles med nyare kjøkken enn heime og skjærgårdidyller med vinskåp stilt etter føretrekt temperatur. Me har kanskje røyrd oss vekk frå den opphavlege tydinga av det lågtyske ordet hütte: lite og fattigsleg hus, gjerne i tre. Frå ein 40-åring i Harstad vart det fortald om den nybygde hytta (i 1986) som har balkong ut mot sjøen: 

Badet har fliser og varmekabel i gulv, dusj og 100l bereder. Vegger i stue og kjøkken har liggende rundtømmerpanel 4″ (..). Kjøkkeninnrediningen er hyttepreget med påmontert smijernbeslag. (..). Det er innlagt strøm, men vi har av koselige grunner basert oss på peisvarme og parafinlamper. (NEG 148 28248) 

Fotografi levert med spørjelistesvar 28248 som viser den nybygde hytta. 

For harstadværingen er det element av «det gamle» som gjev hyttekosen. Dette perspektivet kan utfordrast, for nokre tenkjer at «element» ikkje er nok. For mange formast måten ein tenkjer kring hytte på etter korleis ein minnast oppveksten. Ein 69 år gamal krigspensjonist frå Hedmark (f. 1918) fortel om at ikkje ein gong sjølvbygde hytter greier å konkurrere ut vene barndomsminne: 

Om det er hyggelig å komme til sin egen, sjølbygde hytte, er det allikevel ikke som inntrykkene fra min barndoms seter, som nå eies av min bror. Hytteliv i moderne forstand er ett, det gamle seterlivet med budeier og krøtter, noe annet. Jeg synes å se det for meg: Buskap, bjølleklang og kulokk. Hesteskoen over døra i seterselet, og sigden over fjøsdøra. En forgangen kultur -desverre. (NEG 148 27613) 

Dette fotografiet vart sendt inn i lag med eit anna spørjelistesvar, nr. 28160.

Ein kan også tydeleg legge merkje til nasjonalromantiske sentiment, ikkje uvanleg i kjeldematerialet knytt til hytte og hytteliv. Det er vel noko mange som har eller har vore på besøk på ei hytte kan kjenne seg att i også i dag. Og om «det gamle» viskast ut, kan hyttelivet for nokon til og med bli uinteressant. Det kan godt vere at minnet om selskapet som denne 72 år gamle buskerudværingen (f. 1915) pleidde å ha med seg  på setra, var delaktig i avgjersla han tok. Likevel står utsegnet som ei påminning om både korleis vårt forhold til hytter tilsynelatande har forandra seg, og at det finst ulike måtar å tenkje rundt fritidsboligar på: 

Jeg har ikke hytte og har aldri hatt interesse av noen. Desuten har ikke økonomien vært slik at en har kunnet tenke på noen. Vi fikk ordnet oss eget hus og det ble det store «løftet» for oss. 
Mens kona levet var vi endel på en gammel seter i Hemsedal. Denne setra var i drift med kuer og det var meget trivelig der. Seterbua var meget gammel og jeg synes den var koselig.
Foe et par år siden traff jeg eieren i et selskap og han ba meg komme å besøke dem. «Jeg har modernisert og pusset opp seterbua», sa han. Så nå vill du nesten ikke kjenne deg igjen». «Nei, det vil jeg ikke», sa jeg «Jeg vil bevare minne om setra slik den var.» Jeg tror ikke han forsto meg… (NEG 148 27710) 

I 1987 vart det gjennom spørjeliste «NEG 148 – Hytte og hytteliv» spurt om folks knytnad til og tankar kring hytta, landstaden, eller ferieboligen om ein vil kalle det det. Saman med eit eige «Fritids og hytteprosjekt» samla inn mellom 1987 og 1994 og «Ung i fjellet» gjennom minner.no frå 2018, sit NEG på eit stort og unikt kjeldemateriale som omfattar dei fleste type hytter og hyttefolk i heile landet. Hytteprosjektet gjennomførte også meir omfattande feltarbeid i særskilde områder, som på Ål i Hallingdal, i Finnmark, og i Oslo-området. Sjå meir på arkivportalen.no og på minner.no, og les kva det vart spurt om i 1987 her. 

“Vegg-visa”

Av Angun Sønnesyn Olsen

Skal du bytte kledning på eit gamalt hus i sommar? Ver merksam på at det kan dukke opp spennande skattar i veggen! Tidleg på 1970-talet, ein stad i Vest-Agder, vart det funne ei gamal handskriven vise inni veggen på eit hus då dei skulle bytte kledninga. Denne visa vart sendt inn til Etno-Folkloristisk Arkiv, og er no bevart i samlinga her. Kven som har skrive ned visa, eller når den vart skriven ned, veit me ikkje. Helge Johnsen, ein ivrig bidragsytar til transkribering av handskrive material på EFA på 1970-talet, skriv i ein kommentar til hans transkribering av visa: «Denne kjempevise antas å være skrevet av etter et gammelt håndskrift. Avskriveren har nemlig nyttet bokstavtegn som var i bruk på 1600 og 1700-tallet. (…) Håndskriften forövrig synes å være fra mitten av det forrige årh.» Johnson daterer såleis denne handskrivne visa til midten av 1800-talet.  

Visa er ein versjon av balladen «Kong Diderik i Birtingsland», og har truleg sitt utspring i Didriksagaen (lenke Didriks saga – Store norske leksikon (snl.no)). Sven Grundtvig (1853) skriv at visa ikkje er å finne i nokon andre eldre overleveringar av Didriksagnet, og at det kan virke som den er ei samanslåing av fleire viser. Balladen fortel om Kong Diderik som skryt på seg at ingen kan slå han i verden. Ein av mennene hans nemner Kong Isak av Birtingsland, og akkurat då kjem der ein beskjed frå Kong Isak at Kong Diderik må betale skatten han skulder han. Diderik reiser i veg for å ta Kong Isak. Han bryt seg inn i slottet hans saman med to av sine hjelparar, og  dei drep kong Isak og alle hans menn. Kongemora prøver å sleppe unna ved å forvandle seg til ein trane, men heller ikkje ho overlever kampen.   

«Kong Diderik av Britingsland» er prenta i Sven Grundtvig’s Danmarks Gamle Folkeviser (1853) som nummer 8, og kategorisert som E7 i The Types of the Scandinavian Medieval Ballad (Jonson, Solheim, Danielson 1978). Grundtvig inkluderte berre to versjonar av denne visa i samlinga si. Den eine er frå Rentzel’s handskrift og den andre frå Anders Vedel si bok Hundreviseboka (1591), seinare tatt med i Tohundreviseboka (1695), Peder Syv si utviding av Vedel si visebok. Kjeldene til Vedel sin publikasjon var fire bind handskrivne bøker, der Vedel og hjelparane hadde skrive inn viser. Tre av desse kjeldene eksisterer i dag, og Rentzell, som er den handskrivne kjelda til Grundtvig, er ei av desse. Studie gjort av Vedel si visebok viser at han retta på teksten, både når det gjeld skrivemåte, stiltrekk og rim (Solberg 2021). Litt redigering har han nok også gjort på denne visa. Grundtvig skriv i sin kommentar til balladen: «hans Afvigelser fra vor Text kun ere at betragte som hans vilkaarlige Tillæg og Forbedringer» (1853:123). 

Bildetekst: Peder Syvs Tohundreviseboka, utgåve frå 1787. 

Olav Solberg skriv at «Vedels og Syvs visebøker er sjølvsagt først og fremst viktige danske verk. Men sidan desse bøkene kom ut i dansketida, då alt vesentleg som skjedde på litteraturens og kulturens område vart avgjort i København, høyrer dei også med i norsk litteraturhistorie» (2021:136-137). Bøkene vart populære også i Norge, og var saman med Bibelsk Visebok frå 1711 av Petter Dass, ei av dei mest populære visebøkene her i landet på 17- og 1800-talet. At dei hadde så stor utbreiing resulterte og i at dei hadde stor påverknad på den norske balladetradisjonen. Både bøkene og skillingstrykka som bygde på desse, sirkulerte i bygdene og vart kopierte og lært utanåt (Solberg 2021). Dei fungerte som referanseverk, ikkje berre for songarane sjølve, men også for innsamlarane. Torleiv Hannaas, som kjent mannen bak Bergens Museums Folkeminnesamling, refererer fleire gonger til Peder Syv i sine feltnotatar, ofte som ein kommentar til om viseteksten liknar versjonen som er trykt i «Peder Syvs», eller som referanse til å finne resten av ein tekst der han berre har notert ein tittel eller eit vers.  

Bildetekst: Knudesen, Nilsen & Schiørring Danmarks Gamle Folkeviser XI, 1976: A 3. 

I melodibillaget til Danmarks Gamle Folkeviser finn ein nokre færøyske melodiar til «Diderik i Britingsland», men kva melodi dei song til den i huset visa vart funnen veit me ikkje. Visa er ikkje med i dei norske balladeverka, så lang eg veit, og ut i frå at Grundtvig berre hadde to kjelder til denne, der den eine truleg er ei redigert utgåve av den andre, kan ein spekulere i at den kanskje ikkje var så utbreidd. Spennande er det då at den dukka opp i ein vegg i Vest-Agder på 70-talet. Kanskje den vart spredd her til lands med dei mange opptrykka av Vedel eller Syv sine visebøker, eller kanskje den kom som eit skillingstrykk? Ut i frå Helge Johnsen sine kommentarar kan det tenkast at den har vore overlevert via avskrift heller enn ved munnleg tradisjon.

Send oss gjerne ei melding om du skulle sitte inne med noko meir informasjon om «Diderik i Britingsland», eller om du sjølv finn ein skatt i kledninga på eit gamalt hus! 

Alle foto: Silje Teigland Røstøen.

Kjelder:  

Grundtvig, Svend Hersleb 1853. Danmarks Gamle Folkeviser Volum 1 København : Selskabet til den danske Literaturs Fremme ; København : Otto B. Wroblewskis Boghandel ; København : Gyldendalske Boghandel ; København : J. H. Schultz ; København : Universitets-Jubilæets danske Fond,  

Jonson, Bengt R., Solheim, Svale & Eva Danielson 1978. The Types of the Scandinavian Medieval Ballad Oslo : Universitetsforlaget. 

Knudsen, Thorkild, Nilsen, Svend & Nils Schiørring 1976. Danmarks gamel Folkeviser XI: Melodier. Tillæg A: Færøske Melodier til danske Kæmpeviser (ved Hjalmar Thuren & H. Grüner-Nielsen. B. Den uafsluttede udgave af DgF XI (1935-59). Akademisk Forlag 

Solberg, Olav 2021. Harpe og Sverd. Litteraturhistoriske essay om den norske balladen Cappelen Damm Akademisk 

Syv, Peder 1695. Et Hundrede Udvalgte Danske Viser / Om Allehaande merkelige Krigs-Bedrivt og anden selsom Eventyr / Som sig her udi Riget Ved Gamle Kæmper / Navnvkundige Konger / og ellers fornemme Personer begivet haver / af Arilds Tid til denne nærværende Dag. Forøgede med det Andet Hundrede Viser OM Danske Konger / Kæmper og Andre / Samt hosføjede Antegnelser / Til Lyst og Lærdom. Joh. Phil. Bockenhoffer. Kiøbenhavn  

Vedel, Anders 1591. It Hundrede udvaalde Viser om allehaande Merckelige Krigs Bedrifft oc anden seldsom Eventyr som sig her udi Riget ved Gamle Kemper Naffnkundige Konger oc ellers forneme Personer begiffuet haffuer aff arilds tid indtil denne nerværendis Dag. Kiøbenhavn 

Norge som turistland

Av Mari Ringnes Gløtberget

Norgesferie er atter høyaktuelt. I år som i fjor kommer de fleste av oss til å være turister i eget land denne sommeren, kanskje til Runde på Sunnmøre, eller andre steder. Historisk er Norge som turistland noe som i hovedsak blir et fenomen i andre halvdel av 1800-tallet og utover 1900-tallet. Da begynte blant annet skandinaver, engelskmenn, tyskere og sveitsere å fatte interesse for norsk natur, som område for jakt, fiske og fjellklatring. Utenlandsk interesse for Norge speiles gjennom stiftelsen av Den Norske Turistforening i 1868 og opprettelsen av Forening for Reiselivet i Norge i 1903. I samme periode bygges også flere jernbanestrekninger, som ga nye måter å reise på (turisme i Norge, 2021). 

Blant materialet i Norsk Folkeminnesamling finner vi folkeminner samlet av legen Paul Bukier (1875-1957). I «Norsk stilebog» fra 1911 skriver Bukier om Norge som turistland, og hva det er som lokker utenlandske turister hit. Da som nå var det særlig norsk natur som dannet fundamentet for turisme i Norge: 

 

Norge som turistland 

Der er et herligt land, 

Et sted i kolde nord, 

et skjønt og herligt land, 

som faa paa denne jord! 

Norge er ligesom Schweiz, men maask- 

ke i en endnu høiere grad, en af 

de mest besøgte turistlande i Eu- 

ropa. Lige indtil for faa aar siden 

var Norge næsten ubekjendt; men 

nu er der gjort meget for at lokke 

fremmede til landet, og dette er lyk- 

kes meget godt, da Norge har man- 

 

ge betingelser, som gjør det skikket 

til turistland. Vor natur er stor- 

artet og skjøn, og den rene og friske 

luft paa vore fjelde er ofte lægende 

for mange sygdomme. Adgangen til 

jagt og fiskeri er ogsaa paa mange 

steder let, og dette har især lokket 

de sportslystne englændere, hvis an- 

tal nu aar for aar tiltager stærkt. 

Alle utlændinger, af hvad nation de 

end er, priser i høi grad vor herlige  

natur med de mange afvekslende 

landskaber, de dybe dale og de høie 

svimlende fjeldtoppe, de mørkegrønne 

 

naaleskove og de hvide skinnende 

isbræer; men alle er enige om, at 

vi har for lidet samfærdselsmidler, 

saadom jernbaner, der slet ikke ek- 

sisterer i de mest turistrige egne  

af vort land. Blev der bygget fler 

jernbaner, vilde ogsaa utvilsomt 

turisternes antal vokse. 

 

Bukier poengterer at turisme i Norge er noe ganske nytt, men at «Norge har mange betingelser, som gjør det skikket til turistland». De som i all hovedsak hadde tid, overskudd og penger til å reise var overklassen. Det storartede, uberørte landskapet som villmarken bød på stod i kontrast til bylivet og den temmede naturen. I motsetning til bøndene, som hadde et rent nyttebetont syn på naturen, kunne eliten benytte skogen og fjellet til rekreasjon for både kropp og sinn (Christensen, 2015, s. 29). «Vor natur er stor-artet og skjøn, og den rene og friske luft paa vore fjelde er ofte lægende for mange sygdomme», skriver Bukier. Dette viser hvordan turismen hadde flere aspekter; den skulle tilfredsstille eventyrlysten og gi opplevelser, og samtidig være helsebringende.  

Nye, gamle stier 

Tore Olsen Eide (1878-?) fra Olden i Stryn var bonde og aktiv i Den Norske Turistforening. I materiale sendt inn til Norsk Folkeminnesamling en gang i etterkrigstiden beskriver han hvordan «Turistane kjem til Olden» i andre halvdel av 1800-tallet. Skildringene viser hvordan kulturlandskapet, de gamle ferdselsårene gjennom skog, over fjell og isbreer, tas over av eventyrlystne turister: 

Folket paa baae sider av Jostedalsbreden hadde i mange hundrad aar fare over breden i ymse erend. Men etter at dampskipi kom og det vart lettare aa nytta andre vegar, hadde dei gamle brederæsene vorte glöymde. Det var her som i Jotunheimen, bygdafolket hadde fare her, men byfolket hadde lite og inkje kjennskap til den fjellverdi som vart kalla «Justedalens iisbræer». Rett nok hadde lektor Bohr vore paa Lodals-kaapa i 1819, studentane Keilhau og Boeck hadde sett bredane under turen gjenom Jotunheimen, maalaren Dahl hadde maala Nigardsbreden, men for vanlege folk stod denne isverdi som eit uklaart eventyr. 

Det var moderniseringen av jordbruket og infrastrukturen som muliggjorde turistenes overtakelse av de gamle stiene og veiene til fjells og til skogs. Nye transportalternativer som bil, tog og båt, gjorde forflytning over større avstander enklere. Samtidig gikk de gamle ferdselsårene fra å være en livsnødvendig framkomstvei for distriktsbefolkningen, til å bli utgangspunkt for turgåere og hytteeieres rekreasjonsopphold (Christensen, 2015, s. 46). 

Videre skriver Eide om utviklingen av turismen som grunnlag for næringsvirksomhet i Olden, hvor lokalbefolkningen kjørte skytteltrafikk med turister og sengetøy. Fra tidligere hadde det også vært vanlig at lokale folk fulgte og guidet turister til fjells, slik Eide skriver om at «Ole Roÿsheim fraa Bæverdalen, som var ein av dei fyrste som fylgde framande turister til fjells, gjekk opp att dei gamle vegane over Jostedalsbreden…». Dette viser hvordan de gamle veiene, som tidligere primært hadde vært brukt av bøndene til transportformål, fikk endret betydning og nå inngikk i en ny sammenheng. 

Eide avslutter med å trekke fram Briksdalsbreen som utgangspunktet for turismen i Olden, samtidig som han gjør det mulig for oss å bringe teksten hans inn i en dagsaktuell kontekst: 

Det er Briksdalsbreden, ein av dei störste og vænaste i landet, som hev skapt ferdsla i Olden. Om kort tid vil denne vera vekke. Kva verknad det vil ha paa turistferdsle i bygdi, kan ingen segja noko om i dag. 

Eide viser til hvordan breen smeltet raskt i perioden 1930-1950 (Briksdalsbreen, 2020). Samtidig sier hans tekst i sin helhet oss noe om hvordan naturen kan danne grunnlag for næringsvirksomhet, slik som turisme, og om hvordan endringer i naturen – skapt av mennesker eller naturen selv – endrer premissene for slik aktivitet. Norsk natur har fra starten av vært, og er fremdeles, et essensielt grunnlag for turismen her til lands. Samtidig står masseturismen og slitasje på landskapet i stor kontrast til 1800-tallets romantiske idé om den norske, urørte villmarken. 

Kilder: 

NFS Bukier 1, Norsk Folkeminnesamling, Universitetet i Oslo 

NFS Eide, T. O., Norsk Folkeminnesamling, Universitetet i Oslo 

Christensen, Arne Lie. (2015) Ut i det fri. Oslo: Pax Forlag A/S. 

turisme i Norge (2021) i Store norske leksikon. Tilgjengelig fra turisme i Norge – Store norske leksikon (snl.no) (Hentet: 28.06.2021). 

Briksdalsbreen (2020) i Store norske leksikon. Tilgjengelig fra Briksdalsbreen – Store norske leksikon (snl.no) (Hentet 28.06.2021). 

Sankthansbål med mennesker rundt

Sankthans, jonsok og midtsommer

Av Mari Ringnes Gløtberget

Sankthans eller jonsok, 24. juni, er en katolsk festdag til minne om døperen Johannes’ fødselsdag. Navnet dagen har fått i Norge, kommer av at han her ble kalt Hans eller Jon. «-ok» viser til vaken som tradisjonelt ble holdt før religiøse minnedager. Dette forklarer dermed hvorfor det gjerne er kvelden og natten i forveien, den 23. juni, som feires. 

Det at sankthans faller rundt midtsommer og sommersolverv; årets lengste dag, kommer til uttrykk i flere av tradisjonene knyttet til dagen. Gjennom båltenning skulle man styrke sola. Bålet skulle også beskytte mot onde ånder. På slutten av 1800-tallet brente man noen steder papirhekser på bålet for å symbolisere dette. I tillegg har skikken med å plukke blomster og urter på sankthansnatten vært vanlig, da planter skulle være særskilt virksomme rundt denne tida. Den logiske forklaringen på dette er at planter er fullmodne rundt midtsommer. Samtidig kan det være interessant å spørre seg om det har vært andre forestillinger knyttet til sankthans som gjorde at plukkingen skulle foregå nettopp på den kvelden. 

Tradisjoner knyttet til sankthans er noe som går igjen i arkivmaterialet i Norsk Folkeminnesamling. Lærer, lokalhistoriker og museumsbestyrer Kristian Bugge har nedtegnet folkeminner fra Hadeland og Larvik på tidlig 1900-tallet. Her beskrives flere praksiser knyttet til blomsterplukking; 

  1. Sankt Hans gik somme kjærringer og plukket blommer som de brukte til medicin eller til tryllemidler. Folk kalte dem hekser 
  2. St. Hanskvelden skal man plukke 12 forskjellige blomster, hvorunder der ikke maa snakkes. Blomstene lægges under hodeputen, hvorefter det gaar i opfyldelse som man drømmer om». 

(…) 

  1. St. Hanskvelden skal en plukke blomster paa tre forkjellige eiendommer og lægge dem under hodeputen. Saa vil en komme til at drømme om sin tilkommende 

Videre beskrives det i materialet etter folkeminnesamler Anders Kvaløy en skikk hvor man gikk rundt åkrene og sang, og med det ba om «godt år og signing». Kvaløy har samlet i sin hjembygd Leka i Nord-Trøndelag. Skikken «må vera ut-gamal – ja, kanskje tilbake til heidensk grøde-kultus», skriver Kvaløy. Dette peker på hvordan sankthans har blitt regnet som utsprunget fra en før-kristen midtsommertradisjon. 

 

I Norge i dag regner vi gjerne sankthans som en folkelig midtsommerfest, framfor en kirkelig høytid. Feiringen som beskrives i materialet til samleren Aagot Skavlan Holst kan nok til dels være gjenkjennelig for mange. Her skildres St. Hans-fest ved Fossum i Bærum på tidlig 1900-tall: 

 

Der var stor fest St. Hans natt. De som vilde være med betalte akkurat 1 kr og 7 øre pr. par. (Mand og kone eller unggutt m. dame). Man tok mat med. Der blev spist kl. 12 natt. Saa var det punsjebolle – og saa kom humøret opp. Det blev dans. Der var lagt dansegulv, bygget bevertningsbod og musikpaviljong. Materialerne hadde de faatt av baronen. Alt dette blev lagt og bygget hvor der nu er et vandbassin. Man holdt det gaaende natten igjennem helt til kl. 6 morgen. Der ble skudt med dynamit. «Det smalt bra». De som ikke vilde være med her, la pengene tilside. St. Hans dag var helligdag. Saa var det fest igjen om eftermiddagen 5-12. De som vilde være med paa dette ogsaa, betalte ekstra 1 kr per par. 

Uansett hvordan du skal feire kvelden (og natten?) håper vi den blir slik du ønsker; om det så er med bålbrenning, å drømme om din hjertens kjær med blomster under hodeputa, eller med punsj, dynamitt og revestreker i sommernatta. 

 

Kilder: 

NFS Bugge 6 s. 206, Norsk Folkeminnesamling 

NFS Varia 14, 68 Jonsok, Norsk Folkeminnesamling 

NFS Holst 7 s. 6-7, Norsk Folkeminnesamling 

sankthans – Store norske leksikon (snl.no) 

Jonsok – Norsk Folkemuseum 

Sankthans – Wikipedia 

Bergens Museums Folkeminnesamling 100 år!

Av: Angun Sønnesyn Olsen og Silje Teigland Røstøen

14. juni 2021 er det 100 år sidan Bergens Museums Folkeminnesamling vart skipa, og det feirar me her i Bergen! På Statsarkivet i Bergen finn ein fleire historiske kjelder om Bergen Museum. 

Foto: Silje Teigland Røstøen

I «Forhandlinger i bestyrelsen 1906-1927»  kan me i referatet etter møtet den 14. juni 1921 lesa:   

VII. Forslag fra professor Hannaas om at den samling av sproglige, litterære og kulturhistoriske folkeminder, som han har faat istand, kaldes :  “Bergens Museums folkeminnesamling”, og at han ansættes som samlingens styrer.   

Dette ser ut til å ha gått glatt igjennom. På neste side står det: 

ad VII. Der opprettes en særegen “Bergens Museums folkeminnesamling” med professor Hannaas som styrer.   

Foto: Silje Teigland Røstøen

Som me før har nemnd her på bloggen, kom Torleiv Hannaas (1874-1929) til Bergen Museum i 1914 som stipendiat, og vart tilsett som den fyrste professoren i Vestnorsk dialektsgransking i 1918. Han hadde i fleire år samla inn folkeminne og folkemål ved sida av lærarjobben sin, og dette kunne han som stipendiat, og seinare professor, vie mykje meir tid til. Då folkeminnesamlinga vart skipa, var den basert på det Hannaas hadde «i løpet av den tid han har arbeidet ved museet faat istand av sproglige, literære og kulturhistoriske folkeminder» (Bergen Museum Årbok 1921, s. 53). I årsberetninga frå 1922 skriv Hannaas: «Samlinga er ny og liti, men etter kvart som det vert kjent at Bergens Museum hev ei serskild samling for spraaklege, litterære og kulturelle folkeminne, sig det inn tilfang av ymist slag. Serleg hev det kome inn mange mindre samlinger av norske gaator» (s.50).

Då Gustav Indrebø (1889-1942) tok over stillinga som styrar av Folkeminnesamlingi i 1930, katalogiserte han samlinga, og sette både det Hannaas sjølv hadde samla, og mykje av det som var kome inn til samlinga i hans tid ved museet under Hannaas sitt namn. Før Hannaas døydde i 1929 gav han også alle dei private samlingane han hadde frå tida før han kom til Bergen til museet, og alt dette utgjer i dag ein stor del av det materialet som skal digitaliserast i SAMLA-prosjektet her i Etno-Folkloristisk Arkiv. 

I «Folkemaal og folkemaals-gransking», den fyrste forelesninga som Hannaas holdt ved Bergen Museum etter tilsettinga i 1918, seier han: «Folkemaal er berre det som liver paa tunga hjaa folk flest, serleg hjaa dei som lite les og lite skriv- det maalet som ungdomen veks upp i og fører utan skulegang» (EFA Hannaas 302, også trykt i Syn og Segn i 1919, vol. 25). I «Folkeminnesamlingi», særprent frå Bergens Museum i 1925, skriv han: «Eg hev aldri kunna slege meg til ro med den reint filologiske målgranskingi. Eg må òg taka med det reale innhaldet i folkemålet, og få serleg det som hev vorte støypt i fast kunst-form, som visor, gåtor, ordtøke, eventyr og segner» (s. 12). Dette gjev eit bilete av korleis Hannaas definerte det materialet han inkluderte i Folkeminnesamlinga.  

Joachim Frieles gate 1. Foto: Silje Teigland Røstøen

Då samlinga vart skipa hadde Hannaas kontor i Joachim Frieles gate 1. Her var samlinga fram til ho i 1931 vart flytt til det historisk-antikvariske delen av museet. Ho har sidan vore flytta fleire gonger, både for å koma i sikkerheit under andre verdskrigen, og for å fylgja med på lasset under omstrukturering innan museet og seinare universitetet. Hannaas hadde ein visjon om at samlinga skulle vera meir tilgjengeleg «(…) Men den dag er vonom ikkje langt undan då me kann flytja inn i større og laglegare rom, og faa ordna og sett upp samlingane soleis at dei kann verta tilgjengelege for kven som helst» («Folkeminnesamlingi» s.13). Og, no 100 år etter, så kan snart kven som helst få tilgang til dette materialet gjennom SAMLA. 

Martina Søylen og Johnstølen

Av: Mari Ringnes Gløtberget

En av folkeminnesamlerne representert i Norsk Folkeminnesamling er foreningskvinnen Martina Søylen, f. Tungeteigen (1884-1983). Søylen var fra Voss, og en kjent figur i lokalsamfunnet, som engasjerte seg i og var med på å stifte ulike foreninger. Derfor er det heller ikke overraskende at hun interesserte seg for historie, skikker og tradisjoner fra sitt hjemsted. 

I arkivet finnes omkring 40 håndskrevne sider, sendt inn av Søylen i 1952-1953. Store deler av materialet er nedtegnelser av fortellinger fra moren, Kristi Davidhaug, og bestefaren, Lars Torsteinson (f. 1821). Innholdet spenner fra dagligliv og stølsliv, til års- og livshøytider, herunder jul og bryllup. Det meste av materialet skrevet med en blanding av nynorsk og vossamål. 

Teksten under er bestefarens fortelling om sommerstevnet på Johnstølen i forbindelse med slåtten. Bestefaren Lars Torsteinson var fra gården Davidhaugen, og Johnstølen (også omtalt som Jonsstølen) var sommerstøl for gården. 

Martina Søylen har evnet å fange bestefarens levende skildringer fra stølslivet på papiret; om hvordan arbeidet foregikk, klærne de gikk i og maten de spiste, landskapet rundt, samt skikker knyttet til fest, dans og musikk. Skildringene kan du lese i Martinas egen håndskrift, eller i transkribert versjon under.

Johnstølen 

På denne stølen var 10-12 budeier i gamle dagar. 

Fyrste tida om våren var det dei unge gjentene 

som stellte krøteri. Dei som åtte støla der var frå 

tjukkebygdi, Kytesgrendi, Klyvsgrendi og Raundalen. 

Og dei unge gjentene kunde vera endå meir lang- 

vegs ifrå. Det hende dei kom frå Sogn og Harang 

for å tena hjå bøndene på Voss og so kom dei 

til å vera på stølen ein 3 vekor om våren 

For folki i bygdene på Voss vekkjer tanken om 

Johnstølen gode gamle minne. Det får gamle bes- 

tefar til å verte fjern og drøymande i blikket. 

Høgt og fritt låg sætrane med utsyn yver snó- 

fjell og skogsåsar og blinkande vatn. 

Her var det frå eldgamal tid vore årleg tradisjon 

å samlast til sumarstevne, då kom beilarane 

til [turgmóerne] og andre kjempekarar, for dei 

hadde dans på leikarvollen, glupe slåskjem- 

par troppa også gjerne op – ja når det er rett lenge 

nok sidan så var det gjerne ein og annan av 

«hittfolket» også med. Haugkallen for og svinsa 

i sine blå sylvknappa klær og kasta fårlege 

augo på dei fagraste gjentene, og huldri song 

så hildrande vent ved midnatstider, når må- 

nen kom blank yver åskanten. Det høyrdest 

mest ut som ho lengta, sa dei som hev høyrt 

henne. Den fjerde sundagen etter St. Hans var  

stevnedagen. Det var ei høveleg tid for bygdefolki 

for veka hadde vore slåtteveka på stølen, og alle 

mann kom til fjells. [I] bygdi var audt og folketomt 

 

Laurdagskvellen er det siste høyet berga i hus og sen- 

gehalmen i bua er bytt ut med duftande nyslege 

høy. Det låglafta selet er fyllt med den krydra angen 

av høgfjellsblomster. Slåttegrauten beres fram, 

det er reine høgtida i dag, og husbonden sjølv 

skjenker ein dram til kvar av arbeidsfolket 

Det er høgsumar. Gauken er komen heilt inn på sæter- 

vollen og sit å gjel så undarleg klårt. Gamle bestefar 

kikkar på han og segjer: «Ja, denne helgi fær han att, 

og så tek sumaren til halla». På robben går ungane 

og plukkar krekling, og inne i selet set dei gamle og les 

dagens tekst i Johan Arndt’s «Sande Christendom». 

Det lid mot kvell og dansen byrja på leikvollen. 

Feletonane ljoma utyver og karane diskuterar kven 

som kan vera den sprekaste no. Det var Vosserull 

og springar som var mest i vinden. Ein og annan 

prøvde seg på Hallingkast (av karane). 

Par etter par trippar inn i ringen, jentene i sine 

fargerike drakter med kvite sjorter. Joragjenta ho 

Kari Urdland hadde jamen 20 skåler i sylja si! 

Ugifte kvinner var no vanleg dei hadde berre 18 – 

Det var måte på stormannsgalskap og – . 

Burti bjærkeskogen har nokon av mennene gjøymt 

brennevinsbuttane sine, og ein og annan tek ein  

tur dit – Då vert blikki sjelmske og meir får- 

lege og det hendte det enda med slagsmål – . 

Det var Eirik og Ola som begge var gla i henne 

Brita Bø, eller Arve og Kjell som elska ho Anna 

Bere og endå fekk ingen av dei henne 

«Nei, gaumingen er ikkje god å koma [undao], segjer bestefar – . 

Martina Søylen 

 

Kilder: 

Martina Søylen – lokalhistoriewiki.no 

 

Vossaboki. 3 : Gardssoga, 2 : Vinjar og Bøjar åttungar (https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2008041404099) 

 

17. mai i tradisjonsarkiva 

Av: Angun Sønnesyn Olsen og Lars Smaaberg

Mange i landet vårt har faste tradisjonar 17. mai, og slikt blir det ofte sterke minner av. Nokre av tradisjonane har halde seg ved like sidan dagen vart ålmennfeiring, og like opp til våre dagar. Samlingane våre speglar den historiske breidden til feiringane, og når vi no går inn i vårt andre år med avgrensa markeringar, er det ekstra stas å oppdage songhefter frå 1840-talet, lese om feiringa i mellomkrigstida, og variasjonen i 2020.

Foto av barnetog 2020 sendt inn til NEG si spørjeliste 272 gjennom minner.no.

17. mai-songar frå 1843  

Hannaas-samlinga hjå EFA speglar Torleiv Hannaas (1874-1929) si breie interesse som samlar og granskar av målføre og folkeminne, men også hans interesse i å samle eldre litteratur og gamle printEi av mappene (EFA Hannaas 98)kalla «Bergens-småprent» i katalogen til Bergens Museums folkeminnesamling frå tidleg 1930-talet, inneheld blant anna songhefte med 17.-maisongar frå tidsrommet 1843-1849. I dette tidsrommet endra 17. mai-feiringa i Bergen seg frå å vera ei privathending i herreklubbane i byen, til å bevege seg ut på gata og å inkludere fleire av byens befolkningBjørn-Arvid Bagge frå Spesialsamlinga ved UiB har skrive om 17. mai-feiringa i Bergen frå den fyrste markeringa i 1814 og framover mot vår tid. Han skriv at det fyrste steget mot den folkefesten som me i dag forbinder med 17. mai vart tatt i 1847, med kapproing, musikkorps, den fyrste planlagde prosesjonen og fyrverkeri. Song gjorde dei nok også, slik desse prenta vitnar om. 17. maiprentai EFAer trykt hjå forskjellige boktrykkeri i Bergen, og inneheld 2-3 songar kvar. Songane har nyskriven tekst, gjerne til kjende melodiar, som for eksempel «Aa kjøre vatten, aa kjøre ved» (og kjent med teksten «Å, tenk at Gråpus har fire små» av Margrethe Munthe).

«Nu er her lifligt i Norges Dal» står det i dette songheftet frå 1840-talet. (Foto av songhefta: Silje Teigland Røstøen)

Om kongen og naturen 

Nokre har tekstar i høve festdagen, der den norske naturen blir framheva; «Hvor det er rigthvor det er skjønt i Norges dybe Dale!»Nokre har egne songar til kongen, som me på denne tida delte med Sverige. Songane legg vekt på at minnet om våren 1814 skal bevarast: «Gid Mindet om din glade Vaar, Os aldrig udaf Minde gaaer, Men at jo mere Aar for Aar, Det iblandt Folket leve». Ein skål for landet blir det også oppfordra om; «En Skaal vi nu udtømme vil, Derpaa hurra udbryde» og «Paa Norges elskte Frihedsdag. Op! Normænd da, og Bæg’ret tømmer, Som det en Norrigs Søn sig sømmer, For Konge, Fædreland og Flag!».  

Gjøk, potetsetjing og nye sko 

Tre eldre traktorar pynta med bjørkeris og norske flagg, og menn med fine hattar og flagg. Fjord og fjelllandskap i bakgrunnen.
Foto sendt inn med spørjelistesvar på NEG si spørjeliste nr 272, om 17. maifeiring i 2020.

Ein mann, fødd i 1909, fortalde i 1992 til Norsk etnologisk gransking om korleis 17. mai kunne bli feira i Lindås i sin barndom. Ikkje til alt for stor skilnad frå korleis mange vel å nyte dagen i dag: 

10 år gamal flytta me so «heim» til Lindås kyrkjestad. Her var det fast 17. maihøgtiding med flaggstong, talar, skodespelleikar m.m. Om kvelden var det låvedans, til ungdomshuset vart teke i bruk 17. mai 1934. Talen for dagen vart/vert halden ute dersom veret tilleg det. Elles i Tinghuset, seinare skulen. Før krigen tok ein til på ettermiddagen, senare med gudstenesta kl. 10. Tradisjonen med 17.mai fest er frå før hundreårsskiftet og hev stort set vore same opplegget. Før 17. mai burde ein ha høyrt gauken, og ein burde vera ferdig med torvtaking og potetsetjing.. Til den 17. fekk ungane «gummisko» (tennissko) (NEG 161 30363). 

Ei annaleis feiring 

Andre 17-maitradisjonar er heller av nyare dato, og særleg var 2020 året for å løyse folkefesten på nye måtar. Les korleis dei på Grimo i Hardanger valde å feire: 

Saman med nokre veteranbilar og andre traktorar køyrde dei gjennom bygda frå Velure til Langesæter mens Norge i rødt hvitt og blått vart spela. Det var stopp på utvalde plassar der Nasjonalsongen vart spela, mens publikum vinka frå veranda og tun (NEG 0272/00046 Minner). 

Gratulerer med dagen, uansett korleis de skulle feire han! 

 

Om Etno-folkloristisk arkiv

Av: Angun Sønnesyn Olsen og Silje Teigland Røstøen

Etno-folkloristisk arkiv (EFA) er eit kulturhistorisk forskingsarkiv/ tradisjonsarkiv ved kulturvitskap, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, Universitetet i Bergen.

Arkivskap med skuffer det står Hannaas på.
Foto: Silje Teigland Røstøen

Historien til EFA byrjar i Bergen Museum, det som no er Universitetsmuseet i Bergen. Museet, eit av dei eldste i Norge, var velkjent som ein samlings- og forskningsinstitusjon. I 1914 vart Torleiv Hannaas (1874-1929) tilsett som stipendiat, og vart såleis fritatt frå lærarstillinga si på Stord, slik at han kunne vie tida si til innsamling og gransking av språk og folkeminne. I 1918 fekk han den nyoppretta stillinga som professor i «Vestlandsk dialektforsking». Hannaas hadde sidan ungdomen samla inn folkeminne frå heimfylket Agder, men også frå store delar av Vestlandet, noko som seinare skulle danna grunnlaget for etableringa av folkeminnesamlinga i 1921.

Foto: Silje Teigland Røstøen

«Bergen Museums Folkeminnesamling er ei samling av språklege, litterære og kulturhistoriske folkeminne» skriv Hannaas i eit særtrykk frå Bergen Museum i 1925. Dette viser til eit folkeminnebegrep som favna vidt, og som i tillegg til fortellingar og songar også inkluderte dialektord, stadnamn, folkenamn, kunamn og slektshistorie. I tillegg hadde Hannaas ei stor interesse for gåter, noko han delte med andre språkforskarar. Noko av det fyrste han gjorde etter tilsettinga ved Bergen Museum, var å sette i gang ei innsamling av gåter, noko han såg på som ei vidareføring av arbeidet etter W.F.K Christie, ein av grunnleggarane av museet. Christie samla og granska folkeminne og bygdemål, og inspirert av ei svensk gåtesamling frå 1847, sette han i gang ei innsamling av gåter i 1848. I 1924 fekk Hannaas denne samlinga av ein av Christie’s etterkommarar, og den er no ein del av materialet i EFA. Hannaas-samlinga består av, i tillegg til det materialet han sjølv samla, innsendt material frå andre folkeminnesamlarar. Det eldste materialet er ein svensk «Järteckens postilla» frå det 15. århundret, funne på ein gard i Setesdal kring 1845.

Eksempel på Christie sine gåter. Foto: Silje Teigland Røstøen

Då Universitetet i Bergen vart oppretta i 1946, vart Folkeminnesamlingi flytta til Institutt for nordisk filologi. Her var det fram til 1972-1973, då Etno-folkloristisk institutt vart oppretta. Då samlinga flytta denne gongen, ser det ut til at den vart delt i to: Språk- og stadnamnmaterialet vart att på Nordisk Institutt, medan folkeminnematerialet vart med til det nye instituttet. Dette førde til at Hannaas si eigen samling vart delt opp, og folkeminneomgrepet fylgde no ei liknande definering som den ein kan sjå hjå Norsk Folkeminnesamling. Nokre skilnader var det. Blant anna inneheldt samlinga lydopptak samla inn av spelemannen og folkemusikksamlaren Arne Bjørndal. Denne delen av samlinga vart overført til Griegakademiet på 1990-talet.

Då Etno-folkloristisk institutt vart etablert på 1970-talet, hadde forskinga eit meir performans- og kommunikasjonsorientert preg. Dette førde også med seg nye innsamlingsprosjekt som no utgjer ein stor del av materialet i EFA. Sentrale folkloristar her var mellom anna Reimund Kvideland, Brynjulf Alver og Bente Gullveig Alver, men også arbeidet etter studentar er å finne i samlinga. Blant dette materialet finn ein barneleikar, barnetradisjonar, flaue vitsar, – og brev til julenissen frå heile verda. Desse samlingane inneheld også store mengder lydband, intervju og anna feltarbeidsmaterialet, og indikerer eit skifte frå å sjå på folkeminna som artefakt til også å sjå på dei som framføringar.

I 1975 sendte Julie brev til «Father Xmas, Oslo, Norway». Foto: Line Grønstad

I denne fyrste delen av SAMLA-prosjektet er det materialet etter dei namngjevne folkeminnesamlarane fram mot 1970-talet me skal arbeide med. EFA ber preg av at materialet har blitt flytta på, delt opp og lånt ut i dei siste hundre åra, og me har så langt i prosjektet jobba med å få ei oversikt over både historikken til samlinga og sjølve materialet. Me gler oss til at materialet i EFA blir tilgjengeleg for fleire og til at det får ein plass i det digitale universet!