“Vegg-visa”

Av Angun Sønnesyn Olsen

Skal du bytte kledning på eit gamalt hus i sommar? Ver merksam på at det kan dukke opp spennande skattar i veggen! Tidleg på 1970-talet, ein stad i Vest-Agder, vart det funne ei gamal handskriven vise inni veggen på eit hus då dei skulle bytte kledninga. Denne visa vart sendt inn til Etno-Folkloristisk Arkiv, og er no bevart i samlinga her. Kven som har skrive ned visa, eller når den vart skriven ned, veit me ikkje. Helge Johnsen, ein ivrig bidragsytar til transkribering av handskrive material på EFA på 1970-talet, skriv i ein kommentar til hans transkribering av visa: «Denne kjempevise antas å være skrevet av etter et gammelt håndskrift. Avskriveren har nemlig nyttet bokstavtegn som var i bruk på 1600 og 1700-tallet. (…) Håndskriften forövrig synes å være fra mitten av det forrige årh.» Johnson daterer såleis denne handskrivne visa til midten av 1800-talet.  

Visa er ein versjon av balladen «Kong Diderik i Birtingsland», og har truleg sitt utspring i Didriksagaen (lenke Didriks saga – Store norske leksikon (snl.no)). Sven Grundtvig (1853) skriv at visa ikkje er å finne i nokon andre eldre overleveringar av Didriksagnet, og at det kan virke som den er ei samanslåing av fleire viser. Balladen fortel om Kong Diderik som skryt på seg at ingen kan slå han i verden. Ein av mennene hans nemner Kong Isak av Birtingsland, og akkurat då kjem der ein beskjed frå Kong Isak at Kong Diderik må betale skatten han skulder han. Diderik reiser i veg for å ta Kong Isak. Han bryt seg inn i slottet hans saman med to av sine hjelparar, og  dei drep kong Isak og alle hans menn. Kongemora prøver å sleppe unna ved å forvandle seg til ein trane, men heller ikkje ho overlever kampen.   

«Kong Diderik av Britingsland» er prenta i Sven Grundtvig’s Danmarks Gamle Folkeviser (1853) som nummer 8, og kategorisert som E7 i The Types of the Scandinavian Medieval Ballad (Jonson, Solheim, Danielson 1978). Grundtvig inkluderte berre to versjonar av denne visa i samlinga si. Den eine er frå Rentzel’s handskrift og den andre frå Anders Vedel si bok Hundreviseboka (1591), seinare tatt med i Tohundreviseboka (1695), Peder Syv si utviding av Vedel si visebok. Kjeldene til Vedel sin publikasjon var fire bind handskrivne bøker, der Vedel og hjelparane hadde skrive inn viser. Tre av desse kjeldene eksisterer i dag, og Rentzell, som er den handskrivne kjelda til Grundtvig, er ei av desse. Studie gjort av Vedel si visebok viser at han retta på teksten, både når det gjeld skrivemåte, stiltrekk og rim (Solberg 2021). Litt redigering har han nok også gjort på denne visa. Grundtvig skriv i sin kommentar til balladen: «hans Afvigelser fra vor Text kun ere at betragte som hans vilkaarlige Tillæg og Forbedringer» (1853:123). 

Bildetekst: Peder Syvs Tohundreviseboka, utgåve frå 1787. 

Olav Solberg skriv at «Vedels og Syvs visebøker er sjølvsagt først og fremst viktige danske verk. Men sidan desse bøkene kom ut i dansketida, då alt vesentleg som skjedde på litteraturens og kulturens område vart avgjort i København, høyrer dei også med i norsk litteraturhistorie» (2021:136-137). Bøkene vart populære også i Norge, og var saman med Bibelsk Visebok frå 1711 av Petter Dass, ei av dei mest populære visebøkene her i landet på 17- og 1800-talet. At dei hadde så stor utbreiing resulterte og i at dei hadde stor påverknad på den norske balladetradisjonen. Både bøkene og skillingstrykka som bygde på desse, sirkulerte i bygdene og vart kopierte og lært utanåt (Solberg 2021). Dei fungerte som referanseverk, ikkje berre for songarane sjølve, men også for innsamlarane. Torleiv Hannaas, som kjent mannen bak Bergens Museums Folkeminnesamling, refererer fleire gonger til Peder Syv i sine feltnotatar, ofte som ein kommentar til om viseteksten liknar versjonen som er trykt i «Peder Syvs», eller som referanse til å finne resten av ein tekst der han berre har notert ein tittel eller eit vers.  

Bildetekst: Knudesen, Nilsen & Schiørring Danmarks Gamle Folkeviser XI, 1976: A 3. 

I melodibillaget til Danmarks Gamle Folkeviser finn ein nokre færøyske melodiar til «Diderik i Britingsland», men kva melodi dei song til den i huset visa vart funnen veit me ikkje. Visa er ikkje med i dei norske balladeverka, så lang eg veit, og ut i frå at Grundtvig berre hadde to kjelder til denne, der den eine truleg er ei redigert utgåve av den andre, kan ein spekulere i at den kanskje ikkje var så utbreidd. Spennande er det då at den dukka opp i ein vegg i Vest-Agder på 70-talet. Kanskje den vart spredd her til lands med dei mange opptrykka av Vedel eller Syv sine visebøker, eller kanskje den kom som eit skillingstrykk? Ut i frå Helge Johnsen sine kommentarar kan det tenkast at den har vore overlevert via avskrift heller enn ved munnleg tradisjon.

Send oss gjerne ei melding om du skulle sitte inne med noko meir informasjon om «Diderik i Britingsland», eller om du sjølv finn ein skatt i kledninga på eit gamalt hus! 

Alle foto: Silje Teigland Røstøen.

Kjelder:  

Grundtvig, Svend Hersleb 1853. Danmarks Gamle Folkeviser Volum 1 København : Selskabet til den danske Literaturs Fremme ; København : Otto B. Wroblewskis Boghandel ; København : Gyldendalske Boghandel ; København : J. H. Schultz ; København : Universitets-Jubilæets danske Fond,  

Jonson, Bengt R., Solheim, Svale & Eva Danielson 1978. The Types of the Scandinavian Medieval Ballad Oslo : Universitetsforlaget. 

Knudsen, Thorkild, Nilsen, Svend & Nils Schiørring 1976. Danmarks gamel Folkeviser XI: Melodier. Tillæg A: Færøske Melodier til danske Kæmpeviser (ved Hjalmar Thuren & H. Grüner-Nielsen. B. Den uafsluttede udgave af DgF XI (1935-59). Akademisk Forlag 

Solberg, Olav 2021. Harpe og Sverd. Litteraturhistoriske essay om den norske balladen Cappelen Damm Akademisk 

Syv, Peder 1695. Et Hundrede Udvalgte Danske Viser / Om Allehaande merkelige Krigs-Bedrivt og anden selsom Eventyr / Som sig her udi Riget Ved Gamle Kæmper / Navnvkundige Konger / og ellers fornemme Personer begivet haver / af Arilds Tid til denne nærværende Dag. Forøgede med det Andet Hundrede Viser OM Danske Konger / Kæmper og Andre / Samt hosføjede Antegnelser / Til Lyst og Lærdom. Joh. Phil. Bockenhoffer. Kiøbenhavn  

Vedel, Anders 1591. It Hundrede udvaalde Viser om allehaande Merckelige Krigs Bedrifft oc anden seldsom Eventyr som sig her udi Riget ved Gamle Kemper Naffnkundige Konger oc ellers forneme Personer begiffuet haffuer aff arilds tid indtil denne nerværendis Dag. Kiøbenhavn 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *