Nokre tankar kring hyttekos 

Av Lars Smaaberg

Hyttelivet i Noreg har gått gjennom store forandringar dei seinaste ti-åra. Frå gamle enkle hytter og eldre stølar utan innlagt vatn og straum, til store hyttefelt til fjelles med nyare kjøkken enn heime og skjærgårdidyller med vinskåp stilt etter føretrekt temperatur. Me har kanskje røyrd oss vekk frå den opphavlege tydinga av det lågtyske ordet hütte: lite og fattigsleg hus, gjerne i tre. Frå ein 40-åring i Harstad vart det fortald om den nybygde hytta (i 1986) som har balkong ut mot sjøen: 

Badet har fliser og varmekabel i gulv, dusj og 100l bereder. Vegger i stue og kjøkken har liggende rundtømmerpanel 4″ (..). Kjøkkeninnrediningen er hyttepreget med påmontert smijernbeslag. (..). Det er innlagt strøm, men vi har av koselige grunner basert oss på peisvarme og parafinlamper. (NEG 148 28248) 

Fotografi levert med spørjelistesvar 28248 som viser den nybygde hytta. 

For harstadværingen er det element av «det gamle» som gjev hyttekosen. Dette perspektivet kan utfordrast, for nokre tenkjer at «element» ikkje er nok. For mange formast måten ein tenkjer kring hytte på etter korleis ein minnast oppveksten. Ein 69 år gamal krigspensjonist frå Hedmark (f. 1918) fortel om at ikkje ein gong sjølvbygde hytter greier å konkurrere ut vene barndomsminne: 

Om det er hyggelig å komme til sin egen, sjølbygde hytte, er det allikevel ikke som inntrykkene fra min barndoms seter, som nå eies av min bror. Hytteliv i moderne forstand er ett, det gamle seterlivet med budeier og krøtter, noe annet. Jeg synes å se det for meg: Buskap, bjølleklang og kulokk. Hesteskoen over døra i seterselet, og sigden over fjøsdøra. En forgangen kultur -desverre. (NEG 148 27613) 

Dette fotografiet vart sendt inn i lag med eit anna spørjelistesvar, nr. 28160.

Ein kan også tydeleg legge merkje til nasjonalromantiske sentiment, ikkje uvanleg i kjeldematerialet knytt til hytte og hytteliv. Det er vel noko mange som har eller har vore på besøk på ei hytte kan kjenne seg att i også i dag. Og om «det gamle» viskast ut, kan hyttelivet for nokon til og med bli uinteressant. Det kan godt vere at minnet om selskapet som denne 72 år gamle buskerudværingen (f. 1915) pleidde å ha med seg  på setra, var delaktig i avgjersla han tok. Likevel står utsegnet som ei påminning om både korleis vårt forhold til hytter tilsynelatande har forandra seg, og at det finst ulike måtar å tenkje rundt fritidsboligar på: 

Jeg har ikke hytte og har aldri hatt interesse av noen. Desuten har ikke økonomien vært slik at en har kunnet tenke på noen. Vi fikk ordnet oss eget hus og det ble det store «løftet» for oss. 
Mens kona levet var vi endel på en gammel seter i Hemsedal. Denne setra var i drift med kuer og det var meget trivelig der. Seterbua var meget gammel og jeg synes den var koselig.
Foe et par år siden traff jeg eieren i et selskap og han ba meg komme å besøke dem. «Jeg har modernisert og pusset opp seterbua», sa han. Så nå vill du nesten ikke kjenne deg igjen». «Nei, det vil jeg ikke», sa jeg «Jeg vil bevare minne om setra slik den var.» Jeg tror ikke han forsto meg… (NEG 148 27710) 

I 1987 vart det gjennom spørjeliste «NEG 148 – Hytte og hytteliv» spurt om folks knytnad til og tankar kring hytta, landstaden, eller ferieboligen om ein vil kalle det det. Saman med eit eige «Fritids og hytteprosjekt» samla inn mellom 1987 og 1994 og «Ung i fjellet» gjennom minner.no frå 2018, sit NEG på eit stort og unikt kjeldemateriale som omfattar dei fleste type hytter og hyttefolk i heile landet. Hytteprosjektet gjennomførte også meir omfattande feltarbeid i særskilde områder, som på Ål i Hallingdal, i Finnmark, og i Oslo-området. Sjå meir på arkivportalen.no og på minner.no, og les kva det vart spurt om i 1987 her. 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *