Tag Archives: Sogn

Dei forsvunne skrivebøkene

Av Angun Sønnesyn Olsen

Denne lappen låg der ei skrivebok frå ei av Torleiv Hannaas sine innsamlingsreiser i Sogn skulle ha vore. Det dukka opp fleire slike då me skulle registrere Hannaas-samlinga og gjere den klar for digitalisering. Dette gjorde oss nysgjerrige. Kvar hadde dette materialet tatt vegen?
Å få orden på samlinga var ein av dei tinga som stod øvst på lista her i Etno-folkloristisk arkiv (EFA) då arbeidet med SAMLA starta for litt over tre år sidan. Det er viktig for eit velordna digitalarkiv at også det fysiske arkivet er i orden, og det vart fort klart at det var mykje å nøste opp i når det gjaldt Hannaas-samlinga.

Heldigvis hadde me to katalogar å gå ut i frå som begge gav god informasjon om innhaldet. Nummereringa frå Brynjulv Alver sin katalog frå tidleg 1950-talet viste at det var store hol i samlinga. Dei største hola viste til ei oppdeling av Hannaas-samlinga på 1970-talet, då Etno-folkloristisk institutt og Etno-folkloristisk arkiv vart oppretta. Den delen som innehaldt mest folkeminne vart med på flyttelasset, resten stod att på Institutt for Nordisk der samlinga hadde høyrd til sidan opprettinga av universitetet. Ved hjelp av gode kollegaar på Spesialsamlinga vart desse lokalisert og flytta over til EFA, slik at samlinga kunne digitaliserast i si heilheit.

Ein vidare gjennomgang av katalogane viste at det framleis var material som mangla. I nokre arkivmapper låg det berre ein lapp liknande den på biletet over. Katalogen frå 1930, laga av Hannaas sin arvtakar som leiar for Bergens Museums Folkeminnesamling, Gustav Indrebø, viste meir detaljar om dette manglande materialet. Denne katalogen synleggjorde også to heile seksjonar som mangla; Viseprent og Stadnamn. Desse var ikkje kome med i Alver si nummerering.

Kva hadde skjedd her? Kvar kunne dette materialet ha tatt vegen? Med den eine lappen om manglande material fann me eit spor. Det låg nemleg ei spørjeliste om stadnamn til skuleborn i Kyrkjebø herad i same mappe.

Kunne det ha seg slik at noko av dette materialet hadde forvilla seg inn i Stadnamnarkivet ved Bergens Museum, seinare UiB? Leiar for Folkeminnesamlingi på 1930-talet, Gustav Indrebø jobba mykje med stadnamnforsking, og var ei tid leiar for både Folkeminnesamlingi og Stadnamnarkivet. Me tok kontakt med våre kollegaar i Språksamlinga ved UiB– men det var ingen ting som dukka opp i det materialet som då var ordna.

Men ein dag i februar tikka det inn ei melding frå Kristin Kjos på Språksamlinga. I leitinga etter material om filolog Per Hovda sitt arbeid med Norske Fiskeméd (1961) hadde det dukka opp nokre skrivebøker. Kanskje dette var noko av det me leita etter? Spente reiste me bort og fekk kikka oppi nokre boksar med skrivebøker. Og der, blant anna stadnamnmateriale, fann me 8 bøker førd i pennen av Hannaas med den kjente katalogføringa med romartal frå Indrebø si hand på framsida.

EFA Hannaas 463. Foto: Angun Sønnesyn Olsen.

Kva hadde skjedd med desse bøkene? Det viste seg at materialet har vore med på ei spanande reise, som viser til forskjellige forståelsar av tilhøyrigheit og eigarskap av arkivmaterial. Me antar at på eit tidspunkt etter Hannaas si tid har noko av stadnamn-materialet til Hannaas kome saman med Stadnamnarkivet, som Gustav Indrebø, og seinare Per Hovda jobba med. Difor hamna materialet midt i ein strid mellom vitskapsmenn i Oslo og Bergen i 1944. Einar Ådland har skrive utfyllande om denne striden i Årbok for Bergen Museum (1997). Kort fortalt gjaldt strida kvar Norsk Stadnamnarkiv høyrde heime. Gustav Indrebø var den fyrste styraren for arkivet i Oslo, men då han flytte til Bergen for å ta over professoratet etter Torleiv Hannaas og leiinga for Bergens Museums Folkeminnesamling i 1930 stod arkivet utan styrar. I 1939 vart Indrebø igjen satt inn som styrar, og arkivet skulle ha arbeidsstaden sin i Bergen. Indrebø såg arbeidet sitt med stadnamna og Folkeminnesamlinga under eitt, og av pengar Bergens Museum løyvde til Folkeminnesamlinga gjekk mykje til stadnamnforskinga. Då Indrebø døydde i 1942 vart Per Hovda konstituert som ny styrar for begge samlingane. I 1944 tok Olai Skulerud over stillinga til Indrebø.

Per Hovda jobba i 1944 saman med professor Magnus Olsen og embetsmann Sigvat Heggstad for å få flytta Norsk Stadnamnarkiv tilbake til Oslo. Det vart strid mellom desse og Bergens Museum. I juni same år pakka Per Hovda stadnamnarkivet i kasser og tok det med på toget til Oslo. Olai Skulerud var i Masfjorden på samlarferd, og rakk ikkje heim att før Hovda var reist. Til Oslo fekk Hovda også med seg mykje av det stadnamnmaterialet som høyrde til Folkeminnesamlinga. I fylgje Ådland vart Indrebø si samling med stadnamn samla av skuleborn ført tilbake til Bergens Museum i 1946 (Ådland 1997). Men mykje av det andre materialet, deriblant arbeidet etter Torleiv Hannaas vart verande hjå Per Hovda, fram til det igjen vart flytta frå Oslo til Universitetet i Bergen for nokre år sidan i samband med at UiB overtok ansvaret for Norsk Ordbok. No er dei endeleg komne tilbake til Hannaas-samlinga og snart digitalisert og tilgjengeleg gjennom SAMLA.

Me er framleis på jakt etter viseprenta som manglar. Kanskje dei også dukkar opp og har ei historie å fortelje? Følg med!

Kjelder

Hovda, Per. 1961. Norske fiskeméd. Oslo
Ådland, Einar. 1997. Ein krig i krigen. Striden om Norsk Stadnamnarkiv i Bergen. Bergen: Årbok for Bergen museum. s.54–60.