Bergens Museums Folkeminnesamling 100 år!

Av: Angun Sønnesyn Olsen og Silje Teigland Røstøen

14. juni 2021 er det 100 år sidan Bergens Museums Folkeminnesamling vart skipa, og det feirar me her i Bergen! På Statsarkivet i Bergen finn ein fleire historiske kjelder om Bergen Museum. 

Foto: Silje Teigland Røstøen

I «Forhandlinger i bestyrelsen 1906-1927»  kan me i referatet etter møtet den 14. juni 1921 lesa:   

VII. Forslag fra professor Hannaas om at den samling av sproglige, litterære og kulturhistoriske folkeminder, som han har faat istand, kaldes :  “Bergens Museums folkeminnesamling”, og at han ansættes som samlingens styrer.   

Dette ser ut til å ha gått glatt igjennom. På neste side står det: 

ad VII. Der opprettes en særegen “Bergens Museums folkeminnesamling” med professor Hannaas som styrer.   

Foto: Silje Teigland Røstøen

Som me før har nemnd her på bloggen, kom Torleiv Hannaas (1874-1929) til Bergen Museum i 1914 som stipendiat, og vart tilsett som den fyrste professoren i Vestnorsk dialektsgransking i 1918. Han hadde i fleire år samla inn folkeminne og folkemål ved sida av lærarjobben sin, og dette kunne han som stipendiat, og seinare professor, vie mykje meir tid til. Då folkeminnesamlinga vart skipa, var den basert på det Hannaas hadde «i løpet av den tid han har arbeidet ved museet faat istand av sproglige, literære og kulturhistoriske folkeminder» (Bergen Museum Årbok 1921, s. 53). I årsberetninga frå 1922 skriv Hannaas: «Samlinga er ny og liti, men etter kvart som det vert kjent at Bergens Museum hev ei serskild samling for spraaklege, litterære og kulturelle folkeminne, sig det inn tilfang av ymist slag. Serleg hev det kome inn mange mindre samlinger av norske gaator» (s.50).

Då Gustav Indrebø (1889-1942) tok over stillinga som styrar av Folkeminnesamlingi i 1930, katalogiserte han samlinga, og sette både det Hannaas sjølv hadde samla, og mykje av det som var kome inn til samlinga i hans tid ved museet under Hannaas sitt namn. Før Hannaas døydde i 1929 gav han også alle dei private samlingane han hadde frå tida før han kom til Bergen til museet, og alt dette utgjer i dag ein stor del av det materialet som skal digitaliserast i SAMLA-prosjektet her i Etno-Folkloristisk Arkiv. 

I «Folkemaal og folkemaals-gransking», den fyrste forelesninga som Hannaas holdt ved Bergen Museum etter tilsettinga i 1918, seier han: «Folkemaal er berre det som liver paa tunga hjaa folk flest, serleg hjaa dei som lite les og lite skriv- det maalet som ungdomen veks upp i og fører utan skulegang» (EFA Hannaas 302, også trykt i Syn og Segn i 1919, vol. 25). I «Folkeminnesamlingi», særprent frå Bergens Museum i 1925, skriv han: «Eg hev aldri kunna slege meg til ro med den reint filologiske målgranskingi. Eg må òg taka med det reale innhaldet i folkemålet, og få serleg det som hev vorte støypt i fast kunst-form, som visor, gåtor, ordtøke, eventyr og segner» (s. 12). Dette gjev eit bilete av korleis Hannaas definerte det materialet han inkluderte i Folkeminnesamlinga.  

Joachim Frieles gate 1. Foto: Silje Teigland Røstøen

Då samlinga vart skipa hadde Hannaas kontor i Joachim Frieles gate 1. Her var samlinga fram til ho i 1931 vart flytt til det historisk-antikvariske delen av museet. Ho har sidan vore flytta fleire gonger, både for å koma i sikkerheit under andre verdskrigen, og for å fylgja med på lasset under omstrukturering innan museet og seinare universitetet. Hannaas hadde ein visjon om at samlinga skulle vera meir tilgjengeleg «(…) Men den dag er vonom ikkje langt undan då me kann flytja inn i større og laglegare rom, og faa ordna og sett upp samlingane soleis at dei kann verta tilgjengelege for kven som helst» («Folkeminnesamlingi» s.13). Og, no 100 år etter, så kan snart kven som helst få tilgang til dette materialet gjennom SAMLA. 

One comment

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *