17. mai i tradisjonsarkiva 

Mange i landet vårt har faste tradisjonar 17. mai, og slikt blir det ofte sterke minner av. Nokre av tradisjonane har halde seg ved like sidan dagen vart ålmennfeiring, og like opp til våre dagar. Samlingane våre speglar den historiske breidden til feiringane, og når vi no går inn i vårt andre år med avgrensa markeringar, er det ekstra stas å oppdage songhefter frå 1840-talet, lese om feiringa i mellomkrigstida, og variasjonen i 2020.

Foto av barnetog 2020 sendt inn til NEG si spørjeliste 272 gjennom minner.no.

17. mai-songar frå 1843  

Hannaas-samlinga hjå EFA speglar Torleiv Hannaas (1874-1929) si breie interesse som samlar og granskar av målføre og folkeminne, men også hans interesse i å samle eldre litteratur og gamle printEi av mappene (EFA Hannaas 98)kalla «Bergens-småprent» i katalogen til Bergens Museums folkeminnesamling frå tidleg 1930-talet, inneheld blant anna songhefte med 17.-maisongar frå tidsrommet 1843-1849. I dette tidsrommet endra 17. mai-feiringa i Bergen seg frå å vera ei privathending i herreklubbane i byen, til å bevege seg ut på gata og å inkludere fleire av byens befolkningBjørn-Arvid Bagge frå Spesialsamlinga ved UiB har skrive om 17. mai-feiringa i Bergen frå den fyrste markeringa i 1814 og framover mot vår tid. Han skriv at det fyrste steget mot den folkefesten som me i dag forbinder med 17. mai vart tatt i 1847, med kapproing, musikkorps, den fyrste planlagde prosesjonen og fyrverkeri. Song gjorde dei nok også, slik desse prenta vitnar om. 17. maiprentai EFAer trykt hjå forskjellige boktrykkeri i Bergen, og inneheld 2-3 songar kvar. Songane har nyskriven tekst, gjerne til kjende melodiar, som for eksempel «Aa kjøre vatten, aa kjøre ved» (og kjent med teksten «Å, tenk at Gråpus har fire små» av Margrethe Munthe).

«Nu er her lifligt i Norges Dal» står det i dette songheftet frå 1840-talet. (Foto av songhefta: Silje Teigland Røstøen)

Om kongen og naturen 

Nokre har tekstar i høve festdagen, der den norske naturen blir framheva; «Hvor det er rigthvor det er skjønt i Norges dybe Dale!»Nokre har egne songar til kongen, som me på denne tida delte med Sverige. Songane legg vekt på at minnet om våren 1814 skal bevarast: «Gid Mindet om din glade Vaar, Os aldrig udaf Minde gaaer, Men at jo mere Aar for Aar, Det iblandt Folket leve». Ein skål for landet blir det også oppfordra om; «En Skaal vi nu udtømme vil, Derpaa hurra udbryde» og «Paa Norges elskte Frihedsdag. Op! Normænd da, og Bæg’ret tømmer, Som det en Norrigs Søn sig sømmer, For Konge, Fædreland og Flag!».  

Gjøk, potetsetjing og nye sko 

Tre eldre traktorar pynta med bjørkeris og norske flagg, og menn med fine hattar og flagg. Fjord og fjelllandskap i bakgrunnen.

Foto sendt inn med spørjelistesvar på NEG si spørjeliste nr 272, om 17. maifeiring i 2020.

Ein mann, fødd i 1909, fortalde i 1992 til Norsk etnologisk gransking om korleis 17. mai kunne bli feira i Lindås i sin barndom. Ikkje til alt for stor skilnad frå korleis mange vel å nyte dagen i dag: 

10 år gamal flytta me so «heim» til Lindås kyrkjestad. Her var det fast 17. maihøgtiding med flaggstong, talar, skodespelleikar m.m. Om kvelden var det låvedans, til ungdomshuset vart teke i bruk 17. mai 1934. Talen for dagen vart/vert halden ute dersom veret tilleg det. Elles i Tinghuset, seinare skulen. Før krigen tok ein til på ettermiddagen, senare med gudstenesta kl. 10. Tradisjonen med 17.mai fest er frå før hundreårsskiftet og hev stort set vore same opplegget. Før 17. mai burde ein ha høyrt gauken, og ein burde vera ferdig med torvtaking og potetsetjing.. Til den 17. fekk ungane «gummisko» (tennissko) (NEG 161 30363). 

Ei annaleis feiring 

Andre 17-maitradisjonar er heller av nyare dato, og særleg var 2020 året for å løyse folkefesten på nye måtar. Les korleis dei på Grimo i Hardanger valde å feire: 

Saman med nokre veteranbilar og andre traktorar køyrde dei gjennom bygda frå Velure til Langesæter mens Norge i rødt hvitt og blått vart spela. Det var stopp på utvalde plassar der Nasjonalsongen vart spela, mens publikum vinka frå veranda og tun (NEG 0272/00046 Minner). 

Gratulerer med dagen, uansett korleis de skulle feire han! 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *