Tag Archives: Folkeviser

Møy i Ulveham

Av Angun Sønnesyn Olsen

(Overskriftsbilde: NFS Bugge 8, 8de Samling (a), side 66.  Tittelen på versjonen etter Elen Rolleivstad er  «Jomfrua i Linden», noko som viser denne samanblandinga med TSB A 30. Elen Rolleivstad delte fleire balladar med Sophus Bugge då han besøkte ho i 1857 og 1859.)

Eit av måla med SAMLA er å legge til rette for forskjellig bruk av materiale ein finn i dei tre samlingane. Dette kan gjerast på fleire måtar. Eit eksempel på korleis ein kan nytte arkivmateriale kan ein i desse dagar høyre gjennom bandet Gåte si bruk av balladen Møy i Ulveham (TSB A 19) i deira deltaking i Melodi Grand Prix. Versjonen dei framfører i songkonkurransen er ei omarbeiding av balladeteksten. Den fyrste versjonen dei gav ut på EP’en Vandrar i 2023, har ein tekst som ser ut til å stamme frå Sophus Bugge sitt møte med songaren Elen Jensdatter Rolleivstad då han var i Fyresdal i 1857. Denne teksten er ein del av materialet etter Sophus Bugge i Norsk Folkeminnesamling. Songaren i Gåte, Gunnhild Sundli, seier sjølv om måten Gåte jobbar på i eit intervju til TV2: «Vi finner skjulte skatter i folkekulturen og får det opp igjen».

Gåte opptrer under finalen av Melodi Grand Prix 2024. Kilde: Wikimedia Commons. Fritt tilgjengelig under Creative Commons CC0 1.0.

Møy i Ulveham er ei ballade som inneheld to kjende motiv i folkediktinga: omskaping og den vonde stemora. Her møter me ei vond stemor som skapar om stedottera si til forskjellige objekt (nål, kniv, sverd). Desse objekta blir satt pris på av folk, noko stemora ikkje likar. Ho skapar difor om stedottera si til ein ulv. Forbannelsen gjer at ho må gå rundt i skogen heilt til ho drikk blodet til broren sin. Stemora blir etter ei stund med barn. Ein dag på veg til kyrkje får ulven tak i henne og drikk hjarteblodet hennar, og difor også blodet til den ufødde broren. Jomfrua vender soleis tilbake- like god. I nokre variantar skapar far til jomfrua ho om til ei lind når ho fortel kva som har hendt. Dette viser til ei samanblanding av balladen Møya i Linda (TSB A 30). Dei to balladane har nok opprinneleg vore to sjølvstendige balladar, men dei har vokse saman gjennom tradering. Same omkvedet er også nytta på desse to balladane.

Fleire medium har i samband med Gåte sin versjon omtalt teksten som over 1000 år gamal. Dette er nok å ta litt hardt i. Ein kjenner ikkje til versjonar som er så gamle. Sjølve balladesjangeren meinte den svenske balladeforskaren Bengt Jonsson kom til Noreg og Norden på 1200-talet gjennom dåtidas hovudstad Bergen (Solberg og Jonsson 2011). Ein av dei tidlegaste balladetekstane som er bevart i Noreg er i fylgje litteratur- og balladeforskar Olav Solberg frå slutten av 1400-talet (Solberg 2020). Dei fleste av balladane me kjenner i dag vart samla inn frå songarar på 1800-talet og tidleg på 1900-talet, og var då ein del av den munnlege tradisjonen. Mykje av innsamlinga på denne tida konsentrerte seg om Telemark, og der er der alle dei ni versjonane me kjenner av balladen i Noreg i dag er i frå. Dette betyr ikkje nødvendigvis at balladen berre fanst i Telemark.

Dei fyrste versjonane av Møy i Ulveham me kjenner frå Noreg er frå Sophus Bugge si samlarferd i Telemark i 1857, men det er grunn til å tru at dei hadde vore i omløp ei stund før dette. Balladen finst i ei dansk balladesamling frå slutten av 1500-talet. På samlarferda skreiv Bugge ned seks variantar av Møy i Ulveham, i tillegg til den før nemnde oppskifta etter Elen Rolleivstad. Endå ein versjon samla han inn i 1864, då han besøkte Gunnhild Kjetilsdotter Sundsli i Fyresdal. Ho var svigerinna til Elen Rolleivstad. Rikard Berge samla inn to variantar til i Fyresdal og Kvitseid i 1913. Den eine frå Jorunn Storelid, som var dotter til Elen Rolleivstad, og den andre var Torbjørg Heidi, dottera til Margraet Brauti frå Skafså, som var ei av songarane Sophus Bugge også samla balladen frå i 1857. Slekt hadde mykje å seie for balladetradisjonen på 1800-talet.

Balladen er kategorisert som ei naturmytisk ballade fordi den handlar om omskaping og er knytt til gamal folketru om varulvar. Den skil seg frå andre balladar der forteljinga ofte blir fortald i tredje person. Her er det eg-form, og me høyrer historia fortalt av den unge jomfrua sjølv. I den danske folkloristen Svend Grundtvig si Danmarks Gamle Folkeviser band 2 frå 1856, har balladen fått nummeret DgF 55. Grundtvig hadde berre ein tekst med. Denne er frå Karen Brahes foliohåndskrift, ei dansk balladesamling frå slutten av 1500-talet. I bind 3 frå 1862 finn ein eit tillegg på fire tekstar som Sophus Bugge sendte til Grundtvig, der i blant versjonen etter Elen Rolleivstad. Den svenske versjonen av balladen, «Den förtrollade riddaren» vart fyrst skrive ned på slutten av 1600-talet. Her er det ein mann som er hovudpersonen. Handlinga og motiva er elles mykje det same.

Kjelder:

Grundtvig, Svend, Axel Olrik m. fl. (red.). [1853–1863] 1966. Danmarks gamle Folkeviser I–XII. København. Gyldendalske Boghandel.
Jonsson, Bengt R. og Olav Solberg. 2011. «Vil du meg lyde». Balladsångare i Telemark på 1800-talet. Oslo. Novus
Solberg, Olav. 2020. Harpe og Sverd. Litteraturhistoriske essay om den norske balladen. Cappelen Damm Akademisk, Oslo.

https://gaate.bandcamp.com/album/vandrar https://www.dokpro.uio.no/ballader/lister/alfa_titler/tittel_208.html https://www.hf.uio.no/ikos/tjenester/kunnskap/samlinger/norsk-folkeminnesamling/folkeminnesamlere/bugge/
https://www.tv2.no/underholdning/gate-avslorer-endring-for-eurovision-mange-reaksjoner/16558258/