Category Archives: foto

Om Norsk etnologisk gransking

Av: Lars Smaaberg

Her presenterer vi Norsk etnologisk gransking (NEG), eit av dei tre tradisjonsarkiva som er del av SAMLA-prosjektet. Dei andre er Norsk Folkeminnesamling (NFS) og Etnofolkloristisk arkiv (EFA).

NEG er eit norsk tradisjonsarkiv- og ein forskingsinstitusjon som høyrer til Norsk Folkemuseum. Arkivet er i hovudsak bygd opp av spørjelister og spørjelistesvar som omhandlar ulike kulturhistoriske emne. Praksisen har heile vegen vore at eit nasjonalt nettverk av privatpersonar og institusjonar, også kalla meddelarar har delt eigne erfaringar, kunnskapar og minner, eller intervju av andre med NEG.  

Bilete: Svar på spørsmål kring garvarhandtverket. Hans S. Hanssen fortel detaljar om ein garvarprosedyre frå Stor-Elvdal i gamle Hedmark fylke (NEG 134, 25539). 

Føremålet med verksemda til institusjonen er å samle, forvalte, formidle og å forske på beretningar frå historia til dagleglivet i Noreg, samt å vere eit nasjonalt ressurssenter for å samle inn personlege minner. Den fyrste spørjelista NEG sendte ut hadde tema «transport av høy» i 1946 og den siste, som vart sendt ut i 2016, hadde tema «lek»Same året vart nettstaden minner.no teken i bruk, og folk kunne frå då av sende inn minner digitalt til fordel for den gamle metoden med “brev i posten”. I løpet av desse 69 åra har NEG sendt ut totalt 259 omfattande spørjelister og 68 noko mindre omfattande særemner. Alle spørjelistene kan du allereie no lese på Norsk Folkemuseum sine nettsider. 

Her er det korntørking, eit tema NEG spurte om i 1956.

I tillegg til å svare skriftleg på spørjelister, har mange meddelarar valt å sende med bilete av situasjonar, tema og anna dei skildrer i tekstane sine eller som det vert spurt om i listene.  

Variasjonsbreidda i fotoarkivet er stort. Her er fotografi av bjørnejakt, tilfeldige personar, skip m.m. (Foto: Tinna Ludviksdottir). 

Norsk etnologisk gransking vart stifta i august i 1946 som ein sjølvstendig institusjon lokalisert i lokala til Norsk Folkemuseum på BygdøyDet var leiar Hilmar Stigum (1897-1976) som sendte ut spørjelista «Ard og plog» i februar året etter. Dette ikoniske fyrste emnet genererte heile 265 svar, dog med ulik grad av utfyllande informasjon. 

Teikningar frå den ikoniske spørjelista nr. 1 Ard og plog sendt ut av Hilmar Stigum i 1947. 

 I 1974 tok Universitetet i Oslo over drifta av NEG, noko som markerer slutten på NEG som sjølvstendig institusjon. Same året flytta NEG inn i lokala til institutt for folkelivsgransking hjå UIO-eigde Norsk Sjøfartsmuseum. Etter å ha flytta lokala til Blindern i 1996, vart NEG på ny sameina med Stiftelsen Norsk Folkemuseum i 2005. 

Les meir om historia til Norsk etnologisk gransking i Spørre og grave i 50 år, utgjeve i samband med NEG sitt 50-års-jubileum i 1996. NEG som forskings- og arkivinstitusjon byggjer på ideane til Nils Lid (1890-1958) og innsamlingsarbeidet i tidsskriftet Ord og Sed (1934-1947). Ord og Sed sendte heile 131 spørjelister det fyrste tiåret dei opererte. Det er heller ikkje berre idear NEG har teke frå Ord og Sed. Også heile kontaktnettverket, som jamnleg svarte på listene til Ord og Sed, vart overført til NEG ved oppstart. Det gav dei ein «flying start»Den fyrste spørjelista som vart sendt ut i Noreg, stod derimot den tyske folkloristen Wilhelm Mannhardt og folkloristen og filologen Sophus Bugge bak allereie i 1866.  

Spørjelister som hovudmetode for innsamling av folkekulturhistoriske kjelder sett NEG inn i den større europeiske forskingstradisjonen «Wörter und Sachen», som vart svært populær rundt fyrste tiåret på 1900-talet. Til dømes byrja Undersökningen av svenska folkmål i Sverige, i dag Institutet för språk och folkminnen (ISOF), å sende ut «frågelistor» i 1910.