Månedlige arkiver: juni 2021

Bergens Museums Folkeminnesamling 100 år!

14. juni 2021 er det 100 år sidan Bergens Museums Folkeminnesamling vart skipa, og det feirar me her i Bergen! På Statsarkivet i Bergen finn ein fleire historiske kjelder om Bergen Museum. 

Foto: Silje Teigland Røstøen

I «Forhandlinger i bestyrelsen 1906-1927»  kan me i referatet etter møtet den 14. juni 1921 lesa:   

VII. Forslag fra professor Hannaas om at den samling av sproglige, litterære og kulturhistoriske folkeminder, som han har faat istand, kaldes :  “Bergens Museums folkeminnesamling”, og at han ansættes som samlingens styrer.   

Dette ser ut til å ha gått glatt igjennom. På neste side står det: 

ad VII. Der opprettes en særegen “Bergens Museums folkeminnesamling” med professor Hannaas som styrer.   

Foto: Silje Teigland Røstøen

Som me før har nemnd her på bloggen, kom Torleiv Hannaas (1874-1929) til Bergen Museum i 1914 som stipendiat, og vart tilsett som den fyrste professoren i Vestnorsk dialektsgransking i 1918. Han hadde i fleire år samla inn folkeminne og folkemål ved sida av lærarjobben sin, og dette kunne han som stipendiat, og seinare professor, vie mykje meir tid til. Då folkeminnesamlinga vart skipa, var den basert på det Hannaas hadde «i løpet av den tid han har arbeidet ved museet faat istand av sproglige, literære og kulturhistoriske folkeminder» (Bergen Museum Årbok 1921, s. 53). I årsberetninga frå 1922 skriv Hannaas: «Samlinga er ny og liti, men etter kvart som det vert kjent at Bergens Museum hev ei serskild samling for spraaklege, litterære og kulturelle folkeminne, sig det inn tilfang av ymist slag. Serleg hev det kome inn mange mindre samlinger av norske gaator» (s.50).

Då Gustav Indrebø (1889-1942) tok over stillinga som styrar av Folkeminnesamlingi i 1930, katalogiserte han samlinga, og sette både det Hannaas sjølv hadde samla, og mykje av det som var kome inn til samlinga i hans tid ved museet under Hannaas sitt namn. Før Hannaas døydde i 1929 gav han også alle dei private samlingane han hadde frå tida før han kom til Bergen til museet, og alt dette utgjer i dag ein stor del av det materialet som skal digitaliserast i SAMLA-prosjektet her i Etno-Folkloristisk Arkiv. 

I «Folkemaal og folkemaals-gransking», den fyrste forelesninga som Hannaas holdt ved Bergen Museum etter tilsettinga i 1918, seier han: «Folkemaal er berre det som liver paa tunga hjaa folk flest, serleg hjaa dei som lite les og lite skriv- det maalet som ungdomen veks upp i og fører utan skulegang» (EFA Hannaas 302, også trykt i Syn og Segn i 1919, vol. 25). I «Folkeminnesamlingi», særprent frå Bergens Museum i 1925, skriv han: «Eg hev aldri kunna slege meg til ro med den reint filologiske målgranskingi. Eg må òg taka med det reale innhaldet i folkemålet, og få serleg det som hev vorte støypt i fast kunst-form, som visor, gåtor, ordtøke, eventyr og segner» (s. 12). Dette gjev eit bilete av korleis Hannaas definerte det materialet han inkluderte i Folkeminnesamlinga.  

Joachim Frieles gate 1. Foto: Silje Teigland Røstøen

Då samlinga vart skipa hadde Hannaas kontor i Joachim Frieles gate 1. Her var samlinga fram til ho i 1931 vart flytt til det historisk-antikvariske delen av museet. Ho har sidan vore flytta fleire gonger, både for å koma i sikkerheit under andre verdskrigen, og for å fylgja med på lasset under omstrukturering innan museet og seinare universitetet. Hannaas hadde ein visjon om at samlinga skulle vera meir tilgjengeleg «(…) Men den dag er vonom ikkje langt undan då me kann flytja inn i større og laglegare rom, og faa ordna og sett upp samlingane soleis at dei kann verta tilgjengelege for kven som helst» («Folkeminnesamlingi» s.13). Og, no 100 år etter, så kan snart kven som helst få tilgang til dette materialet gjennom SAMLA. 

Martina Søylen og Johnstølen

En av folkeminnesamlerne representert i Norsk Folkeminnesamling er foreningskvinnen Martina Søylen, f. Tungeteigen (1884-1983). Søylen var fra Voss, og en kjent figur i lokalsamfunnet, som engasjerte seg i og var med på å stifte ulike foreninger. Derfor er det heller ikke overraskende at hun interesserte seg for historie, skikker og tradisjoner fra sitt hjemsted. 

I arkivet finnes omkring 40 håndskrevne sider, sendt inn av Søylen i 1952-1953. Store deler av materialet er nedtegnelser av fortellinger fra moren, Kristi Davidhaug, og bestefaren, Lars Torsteinson (f. 1821). Innholdet spenner fra dagligliv og stølsliv, til års- og livshøytider, herunder jul og bryllup. Det meste av materialet skrevet med en blanding av nynorsk og vossamål. 

Teksten under er bestefarens fortelling om sommerstevnet på Johnstølen i forbindelse med slåtten. Bestefaren Lars Torsteinson var fra gården Davidhaugen, og Johnstølen (også omtalt som Jonsstølen) var sommerstøl for gården. 

Martina Søylen har evnet å fange bestefarens levende skildringer fra stølslivet på papiret; om hvordan arbeidet foregikk, klærne de gikk i og maten de spiste, landskapet rundt, samt skikker knyttet til fest, dans og musikk. Skildringene kan du lese i Martinas egen håndskrift, eller i transkribert versjon under.

Johnstølen 

På denne stølen var 10-12 budeier i gamle dagar. 

Fyrste tida om våren var det dei unge gjentene 

som stellte krøteri. Dei som åtte støla der var frå 

tjukkebygdi, Kytesgrendi, Klyvsgrendi og Raundalen. 

Og dei unge gjentene kunde vera endå meir lang- 

vegs ifrå. Det hende dei kom frå Sogn og Harang 

for å tena hjå bøndene på Voss og so kom dei 

til å vera på stølen ein 3 vekor om våren 

For folki i bygdene på Voss vekkjer tanken om 

Johnstølen gode gamle minne. Det får gamle bes- 

tefar til å verte fjern og drøymande i blikket. 

Høgt og fritt låg sætrane med utsyn yver snó- 

fjell og skogsåsar og blinkande vatn. 

Her var det frå eldgamal tid vore årleg tradisjon 

å samlast til sumarstevne, då kom beilarane 

til [turgmóerne] og andre kjempekarar, for dei 

hadde dans på leikarvollen, glupe slåskjem- 

par troppa også gjerne op – ja når det er rett lenge 

nok sidan så var det gjerne ein og annan av 

«hittfolket» også med. Haugkallen for og svinsa 

i sine blå sylvknappa klær og kasta fårlege 

augo på dei fagraste gjentene, og huldri song 

så hildrande vent ved midnatstider, når må- 

nen kom blank yver åskanten. Det høyrdest 

mest ut som ho lengta, sa dei som hev høyrt 

henne. Den fjerde sundagen etter St. Hans var  

stevnedagen. Det var ei høveleg tid for bygdefolki 

for veka hadde vore slåtteveka på stølen, og alle 

mann kom til fjells. [I] bygdi var audt og folketomt 

 

Laurdagskvellen er det siste høyet berga i hus og sen- 

gehalmen i bua er bytt ut med duftande nyslege 

høy. Det låglafta selet er fyllt med den krydra angen 

av høgfjellsblomster. Slåttegrauten beres fram, 

det er reine høgtida i dag, og husbonden sjølv 

skjenker ein dram til kvar av arbeidsfolket 

Det er høgsumar. Gauken er komen heilt inn på sæter- 

vollen og sit å gjel så undarleg klårt. Gamle bestefar 

kikkar på han og segjer: «Ja, denne helgi fær han att, 

og så tek sumaren til halla». På robben går ungane 

og plukkar krekling, og inne i selet set dei gamle og les 

dagens tekst i Johan Arndt’s «Sande Christendom». 

Det lid mot kvell og dansen byrja på leikvollen. 

Feletonane ljoma utyver og karane diskuterar kven 

som kan vera den sprekaste no. Det var Vosserull 

og springar som var mest i vinden. Ein og annan 

prøvde seg på Hallingkast (av karane). 

Par etter par trippar inn i ringen, jentene i sine 

fargerike drakter med kvite sjorter. Joragjenta ho 

Kari Urdland hadde jamen 20 skåler i sylja si! 

Ugifte kvinner var no vanleg dei hadde berre 18 – 

Det var måte på stormannsgalskap og – . 

Burti bjærkeskogen har nokon av mennene gjøymt 

brennevinsbuttane sine, og ein og annan tek ein  

tur dit – Då vert blikki sjelmske og meir får- 

lege og det hendte det enda med slagsmål – . 

Det var Eirik og Ola som begge var gla i henne 

Brita Bø, eller Arve og Kjell som elska ho Anna 

Bere og endå fekk ingen av dei henne 

«Nei, gaumingen er ikkje god å koma [undao], segjer bestefar – . 

Martina Søylen 

 

Kilder: 

Martina Søylen – lokalhistoriewiki.no 

 

Vossaboki. 3 : Gardssoga, 2 : Vinjar og Bøjar åttungar (https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2008041404099)