Skjermbilde av database

SAMLA digitalisering: samtykke og kontekst

Av Hans-Jakob Ågotnes og Line Grønstad

Digitalisering og tilgjengeleggjering av innhaldet i tradisjonsarkiva i SAMLA forsterkar (potensielt) ein del forskingsetiske problemstillingar, på same tid som det styrkar relevansen til materialet ved å legge til rette for meir omfattande bruk. Eit sentralt spørsmål er kva kriteria som bør vera oppfylte for å offentleggjera materiale som inneheld personopplysningar.

I SAMLA sin etikkmanual gjer vi greie for korleis SAMLA handterer ulike forskingsetiske problemstillinger. Dette blogginnlegget tar utgangspunkt i delar av manualen. Dei siste tiåra har eit ideal om “frivillig, informert og utvetydig samtykke” som “bør være dokumenterbart” vakse fram innanfor forskingsetikken når det gjeld innsamling av forteljingar av og om personar (NESH 2021:17. Sjå også personvernforordninga artikkel 4 nr 11 og artikkel 7 nr 1 om juridisk samtykke). NESH sine retningslinjer fungerer også styrande for SAMLA, ikkje minst gjennom at NEG, NFS og EFA høyrer til institusjonar som driv med forsking og eit hovudformål med SAMLA-prosjektet er å etablera eit forskingsarkiv.

For nyare materiale er krav om samtykke normalt tatt omsyn til, og Samla vil forhalde seg til avtalane som er gjort med meddelarar/informantar. SAMLA opnar for å kontakte meddelarar eller etterkommarar for samtykke i visse tilfelle der dette er uklart, der det manglar eller det er ønskeleg med ei meir omfattande tilgjengeleggjering enn det gitte samtykket gjeld for.

NESH sine forskingsetiske retningslinjer opnar for å vurdera i kva grad samtykke er naudsynt, og nemner fire faktorar som spesielt relevante: “ytringens offentlighet og kontekst, informasjonens sensitivitet, de berørtes sårbarhet og forskningens interaksjon og konsekvenser” (NESH 2021:20). Det er særleg nyinnsamling retningslinjene er laga for. Nokre av desse punkta kan likevel vere viktige å ta omsyn til i vurderinga av om allereie innsamla materiale bør offentleggjerast, ikkje minst der det av ulike årsaker ikkje finst samtykke.

SAMLA inkluderer materiale frå ein periode som går over fleire hundre år. Prinsipielt bør vurdering av føremål med innsamlingane sjåast i samband med ideala i tida dei vart gjort i. Dette er likevel ikkje uproblematisk, sidan makta over situasjonane er ulikt fordelt mellom meddelar, innsamlar, samlingsforvaltar, brukar – og etter kvart eit meir engasjert publikum når materialet blir lettare tilgjengeleg. Etiske retningslinjer handlar om omsyn til personar, omsyn til grupper og institusjonar og omsyn til samfunnet gjennom formidling (NESH 2021:9). Det er eit overordna omsyn at integriteten og omdømmet til personar og grupper ikkje blir krenka. Samstundes skal samfunnets behov for kunnskap ivaretakast.

Sentrale spørsmål til kontekst blir mellom anna kven som har samla inn noko, og ut frå kva perspektiv. Det er normer og verdiar i innsamlingsprosessen, i materialet, i bruken og i utvalet som blir gjort tilgjengeleg. Kontekst kan handle om sjølve forteljinga/innhaldet, forteljarsituasjonen, innsamlinga, arkivet/samlinga, og formidling av materiale/fragment mellom anna.

Berørte personar treng ikkje vere berre informantar, nære slektningar eller omtala personar, men kan også vere medlemmar av grupper som materiale i samlingane omtalar.

Ein del tema som blir oppfatta som sensitive blir gjerne knytt til kvinnesfæren, kropp eller sårbare posisjonar. Det er ei fare for at det som blir sett som sensitivt og dermed gjort mindre tilgjengeleg kan vere med på å auke førestillinga om at det ikkje finst. Ved å la slike tema bli haldne utanfor er det fare for at visse grupper eller tema blir systematisk ekskludert. Det som er tilgjengeleg kan gje inntrykk av tilsynelatande koherens, ein ide om EI forteljing eller samanhengande historie, som gjer det vanskeleg å sjå hol og stemmer som manglar. Også av den grunn bør vi vere restriktive med å halde tilbake materiale.

Kva som kan forståast som sensitivt av materialet endrast over tid og på tvers av område, mellom anna i språkbruk, tonen i materialet, uttrykka nytta, og politisk ladde ord og omgrep. I tillegg til at det endrar seg over tid, vil det også variere mellom individ og grupper. Nokre døme kan vere samlingar med jødevitsar og Biafravitsar, eller andre former for omtale av grupper og hendingar. Ved publisering av slike former for innhald vil SAMLA kombinere det med leserettleiingar som forklarer kva kulturell kontekst materialet blei skapt innafor, og kvifor vi har valt å publisere det.

Dette handlar også om å førebu brukarar av materiale som kan identifisere seg med innhaldet, til dømes gjennom at brukaren har tilhøyrsle til etniske eller seksuelle minoritetar som blir omtala frå eit majoritetsperspektiv og som kan oppleve det som krenkande. Det vil vera naudsynt å følgje med på desse samlingane for å samle erfaring og eventuelt gjere justeringar i leserettleiingane og tilgang.

Materiale som dette kan ha høg kjeldeverdi gjennom at det seier noko om kva tema som har vore på dagsorden, korleis kategoriar av menneske og aktivitetar har blitt rangert i samfunnet og korleis kvardagslege relasjonar mellom menneske og grupper har vore prega av symbolsk makt. Det er også eit viktig etisk omsyn å gjera kjelder til denne sida av historia tilgjengeleg, og generelt må publisering av kjelder sjølvsagt halda ein vitskapleg standard i form av trufast attgjeving av innhaldet slik det er i originalmaterialet.

Dette inneber at SAMLA vil gi høve til å søke opp ord og omgrep i det publiserte materialet som ikkje lenger er akseptable i bruk. Det er viktig å kunne forske på endring i språkbruk, og å hindre høve til å søke på visse ord vil kunne føre til skeivskap i bruken av materialet. Det er ikkje ønskeleg å skjønnmale det som har vore. Men også her blir det viktig å publisere materialet saman med kontekst.

Dei etiske retningslinjene er under utarbeiding, og vi tar gjerne i mot innspel til utdraga i dette blogginnlegget!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *