Av: Angun Sønnesyn Olsen
I ein artikkelen om Folkeminnesamlinga ved Bergens Museum i 1925, skriv Torleiv Hannaas at samlinga «vart bygd på gamal grunn» (1925:1). Her refererer Hannaas til arbeidet til ein av grunnleggarane av Bergen Museum, W. F. K. Christie (1778-1849), som var «ein av dei fyrste her i landet som hadde auga for det vitskaplege og kulturelle verd i folkemålet» (1925:1). Christie, som du kan lese meir om her var kanskje mest kjend som medlem av riksforsamlinga på Eidsvoll og president i dei fyrste stortinga, men han dreiv også «trottugt på med å samla og granska vestlandske bygdemål og folkeminne» (Hannaas 1925:1).
Originalmaterialet etter W.F.K Christie i Etno-folkloristisk arkiv, vart gitt i gåve til Folkeminnesamlinga i 1924, etter å ha vore i privat eige hjå Christie-familien. Det meste av dette materialet er gåter, men her er også ei ballade skrive ned av Christie i 1843. Denne balladen, Kraakevisa, også kjend som Bonden og Kråka eller Mannen og Kråka (TSB f 58) er kanskje ei av dei mest kjende skjemtevisene me har her til lands, og «som gjeng vide verdi yver» i fylgje Hannaas (EFA Hannaas 6, 5).
I balladearkivet til dokumentasjonsprosjektet ved UiO finst 131 tekstar, og i Norske Middelalderballadar Melodier, Bind 3, finn ein om lag 100 melodiar. Variasjonen både i tekst og melodi skildrar at visa har vore populær rundt om i landet. Visa fortel om ein mann som skal ut i skogen for å hogge ved. Der møter han ei stor kråke. Han blir redd, skyt kråka, og etterpå utnyttar han kråkekroppen godt. Dei forskjellige versjonane fortel om dei utrulegaste tinga han finn på å lage av den, slik som sko av skinnet, julemat av kjøtet, vindauga av auga, kyrkjebåt av nebbet og så vidare.
Hannaas samla inn fleire variantar av visa. På Stord fekk han også høyre ei historie som skildrar at visa har vore kjend der lenge: ««Jei har vel nogen lunde kunnet læse i bog. Men denne skjittevisen kommer jei ikkje udav det med» sa presten Palundal, han kom ut i buo hjå [Per] Vatne og fekk sjaa Kråkaviso i glaset» (EFA Hannaas 449:56). Dette skal vera fortalt til Hannaas av Ola Sogneset, ein av songarane han samla mykje hjå på Stord. Hannaas skriv at den danske presten Hans Palundal var prest på Stord i 1768, og dette viser at Kråkevisa fanst i lausprint i Noreg på andre halvdel av 1700-talet (EFA Hannaas 6,5).
Hannaas publiserte eit stykke om Kraakevisa i For Bygd og By sitt julehefte «Jol 1919». Her skriv han: “Av alle (dei) norske skjemtevisor(ne) er det vel ingi som er so vida kjend som Kraakevisa. Ho finst i mange uppskrifter og mange prent og ho liver enno paa folketunga baade i by og bygd. So det er ikkje noko nytt eg kjem med naar eg her legg fram eit brigde av Kraakevisa» (EFA Hannaas 6,5). Men han forsvarar at han dreg den fram likevel ved å påpeike at dette er ei av dei eldste norske oppskriftene av visa, og attpåtil frå Nordmøre, der ein ikkje er samla så mykje norsk folkedikting før. Og ikkje minst, «so er visa uppskrivi av ein merkeleg mann, stiftsamtmann W.F.K Christie, præsidenten fraa dei fyrste stortingi, grunnleggjaren av Bergens Museum» (EFA Hannaas 6,5). Hannaas skriv at Christie hadde sett ein versjon av Kraakevisa i eit svensk tidsskrift i 1843. Soleis, foreslår Hannaas, har Christie kome på visa og skrive den ned i form frå Nordmøre, truleg slik han hugsa den frå sin eigen barndom i Kristiansund. «Men maalformi maa han ha vølt paa noko lite» (EFA Hannaas 6,6).
Kraakevisa, oppskrive av W.F.K Christie
I skogen ein Bondmann kom gangande,
-Tralallala tralallala, –
saa kom der ej Kraaka hoppande,
-Tralallala tralallala,
Saa spændt» han Riffla før sit Kne
aa skout te Kraaka saa ho dat ne.
Saa satt» han Riffla før sin Fot,
da skote va Kraaka ti Hjerterot
Saa kom der Bu fra Kongjens Gar:
Kvar gjor» du taa Kraaka, du skout i gaar?
Taa Houe æg gjor» ein Kjørkjeknap,
taa Næbbe æg fik meg ein Ølltynn Tap.
Me Fjøra tækt» æg all» min» Huus;
taa Talgjen æg støpt eit Bismarpunn Ljus.
Taa Skinne gjor» æg tolv Par Skoe,
oframt eit Par Toffla, æg ga» ho Moer.
Kjøte æg salta i Tynne aa Karr
oframt ej Stejk, æg ga» han Faer.
Taa Skrotten færigt eit Skip æg fik,
de best» som i Kongjens Flaate gik.
Taa Tarmann gjor» æg Segl aa Rejp,
aa Beinen dem blej te eit Møkagreip.
Ti Gompen fann’s ejn nyttig rund Ting,
aa deraav æg gjor» ein Skræddar=Syring.
No sku du full tru, ha Visa va Tant;
det svær æg saa dyrt, at alt e sannt.
Litteratur
Hannaas, Torleiv. 1925 «Folkeminnesamlingi» i Bergen Museum 1925. En historisk fremstilling redigert av professorkollegiet. Bergen Museum s. 1-13
Ressem, Astrid Nora. 2015 Norske Middelalderballader Melodier Skriftlege kilder Bind 3 Skjemteballader. Norsk Folkeminnelagsskrifter 169/ Scandinavian Academic Press