Av: Angun Sønnesyn Olsen
No er me i gang med registrering av metadata, og materialet flyttar seg eit steg nærare skjermen din!
I fyrste omgang registrerer me opplysningar om samlar, medieform, format, kopieringsstatus, språk, type dokument og liknande. I neste omgang skal me i gang med metadata som går nærare på innhaldet i materialet. Denne informasjonen skal gjere det enklare for brukarar å søke opp det materialet dei er ute etter.
Registreringa bli gjort gjennom Goobi. Det er eit registreringsverktøy for arkiv- og biblioteksdata som gjer det mogeleg å knytte sjølvdefinerte metadata til biletfiler. Goobi vart utvikla i Tyskland, og blir i dag brukt av museum, arkiv og bibliotek over heile verda, men mest i Tyskland og Europa elles.
SAMLA-teamet på Universitetsbiblioteket i Bergen har gjort ein stor jobb med å skreddersy Goobi for våre tradisjonsarkiv. Sidan Goobi har open kjeldekode, blir alt av utvikling gjort innanfor SAMLA også tilgjengeleg for andre brukarar av Goobi. Slik bidrar tilpassinga til våre behov, til at også andre kan nytte seg av dei praktiske løysingane vi kjem fram til når dei digitaliserer sine arkiv og samlingar.
Her er Etno-folkloristisk arkiv i gang med å registrere ei stevbok etter Torgeir Hallvorsson Røysland. Han var født i 1891, og fall i slaget ved Marne, september 1914. Steva skreiv Torgeir Røysland ned i 1907. Både denne stevboka, og ei stevbok etter systera hans, Jorunn Hallvorsdotter Røysland, har etter dette funne vegen til Hannaas-samlinga, og dermed Etno-folkloristisk arkiv.
Meir om Goobi kan du finne her, på produsenten Intranda sine nettsider: https://www.intranda.com/en/digiverso/goobi/goobi-overview/