Av Angun Sønnesyn Olsen og Silje Teigland Røstøen
10. oktober 2021 er det 172 år sidan W.F.K. Christie døydde. Christie er nok mest kjent som politikar og embetsmann, men her hjå EFA er det mål- og folkeminnemannen Christie me kjenner best, og det er han me vil dele litt om i dag. Kanskje klarer du å løyse ei av Christie-gåtene som dukkar opp i teksten?
«Vil de no høyra og veta tevissa, om den avgud’n so står i vår by» song Berent Lövland, skomakar frå Masfjorden, i skjemtevisa «Visa om Krististytta» (EFA Midtbø 05). Samla inn på fyrste del av 1900-talet, viser dette at W. F. K. Christie har sett spor etter seg både i folkeminna og i historia om innsamling av folkminne.
W. F. K Christie var fødd i Kristiansund i 7. desember 1778. Allereie som tiåring starta han på latinskule i Bergen, og seinare begynte han studiar i København. Han blei verande i København heilt til 1809, då reiste han tilbake til vestlandet og vart sorenskrivar i Nordhordland. Under Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 var han representant for Bergen, og hadde rolla som sekretær under forhandlingane. Same år vart han valt inn som den fyrste stortingspresidenten. Christie blei seinare plaga med dårleg helse, og av den grunn trekte han seg frå livet i politikken. Han blei utnemnd til stiftamtmann i Bergen i 1815, og dette embetet hadde han fram til han fekk avskil i januar 1825. Men sjølv om han var sjuk så låg han ikkje på latsida. I april 1825 inviterte han til å «grunnleggja eit Museum «af Oldsager og Konstsager» og eit «Naturaliekabinet af indenlandske Naturalier» (Indrebø 1937:9). Dette vart starten på Bergens museum, med Christie og biskop Jacob Neumann (1772–1848) som to av grunnleggarane. Interessa for ei slik samling kjem fyrst fram i materialet etter Christie etter 1820. Private samlingar sto sterkt på byrjinga av 1800-talet, mens ideen om ei samling som ein offentleg institusjon truleg kom frå liknande prosjekt ute i Europa som Christie såg på reisene sine (Jordåen 2014).
Idéen om at eit museum skulle taka vare på materielle minne, og at vestlandske bygdemål og folkeminne ikkje høyrde heime her, stod sterkt hjå Christie og hans kollegaer (Hannaas 1925). Han hadde likevel ei brennande interesse for det immaterielle. Christie «(…) segjer sjølv at Muséet og målsamlingane hans var liksom systkin. Dei var borni hans båe og han ofra deim båe mykje av si tid og si umhug” (Hannaas 1925: 389). Christie brukte altså mykje av tida si på museumsrelevant arbeid, museet var livsverket hans, og etter hans død blei hans interesse for natur og arkeologi vidareført. Målgranskinga og folkeminnesamlinga vart ikkje jobba noko særleg meir med, før Torleiv Hannaas vart tilsett som stipendiat ved museet i 1914.
Christie fekk tidleg ei interesse for kultur og språk. Som 19-åring, i 1797, byrja han på eit manuskript om «Antiquiteter, Historie, de gamle Sprog etc.». I 1810-1811 jobba han med bygdemålsord frå Nordhordland, og i 1818 støtta han ein kjøpmann i Bergen med å skrive opp ordtak og vendingar på Bergensmålet (Indrebø 1937). Christie samla eit stort omfang av ord og uttrykk på folkemålet. Hannaas omtaler det som “utan samanlikning det største arbeid som var gjort i norskt folkemål på den tid” (1925:395). Ifølgje Gustav Indrebø, som gav ut Christies Norsk Dialect-Lexicon i 1937, inneheld denne mellom 18 og 19 000 oppslagsartiklar. Han sette «den «Bergenhusiske Dialekt og Udtale» svært høgt fordi han oppfatta den som nærmast islandsk og gammalnorsk (Indrebø 1937:80). Hannaas skriv at det var ei stor skade at Ivar Aasen og Christie ikkje fekk i gang eit samarbeid. Sjølv om dei møttest fyrste gong i 1843, var det ikkje før i 1848 at Aasen fekk lest noko av materialet. På den tida var Aasen kome så langt i sitt eige arbeid at han ikkje trengte hjelpa frå Christie (1925).
Indrebø skriv: «Interessa hans for folke-tradisjonar syner seg m.a. i at han kjøpte ei heil rad med folkeminnebøker (…) Likeins i at han tok med mykje folkeminne i ekscerptsamlingane sine. Men han samla og tradisjonar or folkemunn. Denne samlarverksemdi hans fell rett nok noko spreidt. Like vel er ho slik at Christie er verd å minnast millom dei eldre folkeminnesamlarane våre» (1937:26). Blant oppskriftene etter Christie finn ein skikk og folketru, segner, eventyr, ordtak og dikt. Slik som andre folkeminnesamlarar både på Christie si tid, og i åra etter, hadde han ei sterk oppleving av at dei var for seint ute med samlinga. Frå Indre Holmedal fekk han høyre frå prosten om ei gamal kone «som kunde en lang, uden Tvivl meget gammel og ægte norsk, Folke-Sang». Han oppmoda prosten til å skrive ned songen, men han fekk seinare beskjed om «at Sangen ej kunde faaes, da konen var død» (Indrebø 1937:27). Christie publiserte berre nokre få glimt frå samlinga si, men i manuskripta etter han er det fleire utkast til planlagde publikasjonar av folkeminne og språksamling. Stilen hans i å fortelja att tradisjonar minnar stort sett om Andreas Faye, med ein meir skulert og skriftleg gjengivnad av dei muntlege kjeldene enn det etterkomarane har hatt. Men, det er eitt unntak frå hans siste levetid, der han attgjev nokre segner i ein meir folkeleg forteljarstil (Indrebø 1937). Christie samla ikkje berre sjølv, men han inspirerte også andre til å gjere det same.
Mot slutten av livet starta han også ei meir systematisk innsamling. Truleg inspirert av ei svensk gåtesamling frå 1847, sendte han lærarar, embetsmenn og bønder eit opprop om å samle inn og sende han gåter (Hannaas 1925). Han fekk inn ei god samling, som broren, tollkasserar W.H. Christie, tok seg av etter at han døydde. W.H. Christie rådførte seg med Ivar Aasen om utgiving. Aasen skriv i brev til han, datert 30.03.1860: «At denne hæderlige Afdöde (…) imellem sine mange andre Arbeider har været i stand til at tilveiebringe en saa betydelig Samling som denne, er atter et nyt Mærke paa den særdeles Opmærksomhed, hvormed han omfatter alt, hvad der hörte folket til». Aasens hadde sjølv ei gåtesamling han prøvde å finne tid til å utgje, og skriv vidare: «Eg vil saaledes ikkje fraraade, at den foreliggende Samling maa blive udgiven særskilt; jeg skulde tvertimod have anseet det önskelig, om den allerede havde været utgiven» (EFA Christie 03). Eit utval av gåtene vart publisert av Kristoffer Janson i Bergen i 1868. Dei originale gåteoppskriftene til Christie vart gitt til Folkeminnesamlingi i 1924, etter å ha vore i privat eige hjå Christie-slekta. Den er no ein del av materialet her på Etno-folkloristisk Arkiv, og er skanna og klar for å bli tilgjengeleg for fleire gjennom SAMLA.
Mange av gåtene vitnar om skikk og bruk i tida då dei vart samla inn, og svara er kanskje ikkje heilt lette å finne for oss i dag. Nokre er meir tidlause. Her er to eksempel, moglegens frå Nordfjord (EFA Christie 22). Svara finner du nedst i teksten.
- Qva æ da so a brunt i Toppen aa kjukt mæ Botten,
Dæ kritla unde Aaklæa og jere godt
i Koppen? - Qva æ da so fære over Fjæl aa Dal, over Vand og Hav, igønnaa Høi [aa] Halm aa inkje tuska?
Det er i dag fleire spor etter Christie i Bergen. Frå Muséplassen framfor museet i Bergen, held Christie auge med Christies gate, og kanskje nokon av dykk har gått gjennom Christieparken på veg til Brann Stadion eller ete lunsj på Christie Café? Christiestøtta vart avduka i 1868, den gong plassert midt på Torgallmenningen. Den 17.mai 1868 var det ei staseleg avduking, og ingen andre enn Edvard Grieg hadde laga ei kantate til minne om Christie, med tekst av Andreas Munch. Høyr kantata her og her. Støtta var det aller fyrste portrettmonumentet i Noreg, skapt av Christopher Borgh og finansiert med innsamla midlar. I 1925 vart statuen flytta til Muséplassen, og året etter fekk Christie selskap av ei løve ved sokkelen av støtta.
Hannaas såg på seg sjølv som Christie sin arvtakar. Inspirert av gåtesamlinga til Christie og ved hjelp av frivillige over heile landet, sette Hannaas sjølv i gong ei omfattande samling av gåter i 1916. Han skriv: “Det hev vore meg ein stor hugnad at dei uppgåvone eg mest har sysla med, dei hev eg kunne rekna som eit beinveges framhald av Christies upptak” (1925:398). På denne måten set han Bergens Museums Folkeminnesamling, og EFA, i direkte link til opphavsmannen for Bergens Museum. Om du ynskjer å lese meir om Christie kan du sjekke ut litteraturen nedanfor. Me anbefaler også å ta turen til Universitetsmuseet i Bergen, Kulturhistorisk avdeling, sitt eige Christie-rom.
Litteratur
Hannaas, Torleiv (1925) Folkeminnesamlingi. I Bergens Museum 1925: En historisk fremstilling redigert av professorkollegiet. A/S John Griegs boktrykkeri, Bergen, s. 389-403.
Indrebø, Gustav (1937) W. F. K. Christie: Norsk Dialect-Lexicon og nokre folkeminne og brev. Bergens Museums Årbok, Historisk-antikvarisk rekke, Nr. 1. A.s John Griegs boktrykkeri, Bergen.
Jordåen, Runar (2014) Wilhelm F.K. Christie: Presidenten. Fagbokforlaget: Bergen.
Weidling, Tor R. (2021) Wilhelm Frimann Koren Christie. I: Store Norske leksikon. Wilhelm Frimann Koren Christie – Store norske leksikon (snl.no).
Svar på gåtene: 1. Det er naar det brygges Øl 2. Solen
2 comments