Har du hørt om Norsk Argus?
Norske Argus var det fyste avisutklippsbyrået i Noreg, grunnlagt i 1898. Avisutklippbyrå leverte utklipp av artiklar – på oppdrag frå ulike aktørar, tråla dei aviser etter artiklar som oppdragsgivarane var ute etter. Her hjå Etno-folkloristisk arkiv finner me ei rekke avisutklipp, innsamla av Norske Argus.
Aviser har vore brukt til innsamling av folkeminner på fleire måtar. I materialet etter Hannaas ser ein blant anna at han brukte aviser til å oppfordre folk til å sende inn material til Bergens Museum. Ein av dei fyrste oppgåvene han gjekk i gang med, etter at han kom til Bergen Museum, var å sende brev til fleire aviser over heile landet med oppmoding om å sende inn gåter. Breva stod på trykk i 1916 og gav Hannaas ei rik gåtesamling frå heile landet. Aviser har også vore ein plattform for folkeminnesamlarar i forbindelse med publisering av innsamla material, ofte for det lokal samfunnet dei samla frå. Hannaas tok vare på relevante artiklar frå aviser om tema innan både folkeminne og målføre. Her har Norske Argus vore til god hjelp. Ein kan sjå at han har brukt tenesta deira til å samle inn materiale til forskjellige tider og av forskjellige tema. Den største samlinga er nok utklipp som omtalar segn og soga.
Bruk av Norsk Argus som leverandør av avisutklipp finn ein og i material om barnetradisjonar frå 1980-talet her i EFA. Felles for materialet innsendt av Norske Argus, er at alle avisutklyppa er merka med ein lapp med Norske Argus, samt namn på avisa og dato for publikasjonen.
I nesten hundre år hadde Norske Argus nærsagt monopol som presseklippleverandør og mediaovervakar. Dette har forandra seg i tråd med utviklinga innan media, og særleg etter at internett kom, og det er no fleire aktørar som leverer tenester innan medieovervaking. Avisovervaking er kanskje hakket enklare i dag, med digitale løysningar og søkemotorar. Likevel, no når dette avismaterialet skal digitaliserast, så kan det gjenspeile både korleis metodane for innsamling har utvikla seg, og seie noko om kva innsamlarane har interessert seg for gjennom tidene.