Et ulv banan? 

Av: Line Grønstad 

Etter den norske finalen i Melodi grand prix 19 februar 2022, gjekk halve Noreg rundt og song «Give that wolf a banana». Den norske vinnaren Subwoolfer sitt bidrag til den internasjonale Eurvision-finalen tar utgangspunkt mellom anna i delar av forteljinga om Rødhette og ulven. 

Rødhette og ulven er eit gammalt europeisk eventyr. Den fyrste skriftlege versjonen kom i 1697 i ei samling med eventyr av franske Charles Perrault. Her blir Rødhette bedt av mora om å gå til sjuke bestemor med kaker og smør. På vegen møter ho ein ulv. Ho fortel ulven kor ho skal, og ulven tar snarvegen heim til bestemora som han så et. Når Rødhette kjem, et han henne også. Over 100 år seinare deler forteljaren Jeanette Hassenpflug dette eventyret med Grimm-brødrene i Tyskland. No var jegaren blitt del av eventyret, og i staden for jenta og bestemora er det ulven som dør. 

Illustratøren Gustav Dore laga denne teikninga til eventyret om Rødhette og ulven i 1862.

Eventyr som inneheld ulven er det mange av. Nokre vil kanskje kjenne att slutten i Grimm sin versjon av Rødhette og ulven i andre eventyr. Ulven sov altså medan jegeren spretta opp magen hans og fylte den med stein som erstatning for Rødhette og bestemor. Steinen i magen gjorde ulven tørst, han gjekk for å drikke, og ramla uti og drukna. Liknar ikkje dette på slutten til eventyret om Skrubben og Geita?: 

Det var ein gong ei stor kvit geit med tolv killingar. Så skulle ho til skogs og finne mat til killingane sin. «No får de slett ikkje sleppe inn nokon annan enn meg.» sa ho til dei. Og så gjekk ho.  
Skrubben kom og sette foten i dørholet. «Lat opp, eg er mor dykkar,» sa han og var så grov i målet. «Å nei, du er nok for grov på labbane til det,» sa killingane med fint killingmål.  
Så gjekk han til møllaren og fekk mjøl på labbane sine. «Lat opp, eg er mor dykkar,» sa han og var grov i målet som før. «Å nei, du er nok for grov i målet til det,» sa killingane. 
Så gjekk han til skreddaren og åt krit. «Lat opp, eg er mor dykkar,» sa han og var grann i målet. Og så let dei opp for han. – –  
Den eine flaug til vedkråa, den andre gøymde seg i klokkekassen og ein eller fleire gøymde seg under senga. Dei andre tok han, og så la han seg til å sove. 
Så kom geita att. Ho sprette opp magen på ulven og tok att killingane sine, stappa stein nedi og sydde att. Då skrubben hadde sovi, skulle han bort til brønnen og drikke. Dermed trilla gråstein frami halsen på han, og så drukna han i brønnen. 

Denne versjonen er henta frå Norsk eventyrbibliotek, band 12, Eventyr frå Hedmark og Oppland. Forteljinga om geita og ulven finst i mange variantar, og den mest kjente versjonen er kanskje den rumensk-russiske filmen som på norsk har fått namnet Med Grimm og Gru som jamleg blir vist på NRK. 

I segn-databasen Segner på Vestlandet finst det fleire segn om ulven. Ei av desse handlar om eit møte med ulv om lag midt på 1800-talet i Sveio, fortald av Ingolf Kinn: 

Gjert Gjertsen kinn, fødd omkring 1830, kom ein dag frå Færåslia og skulle heim til Kinn. Då han kom søri Lauvås-vegen, kom ein ulv i full fart opp på sida av han, viste tenner og ville ta han. Gjert tok då trøya av seg og heiv i ulven. Ulven gav seg i kast med trøya så lenge at Gjert greidde å komma seg velberga heim i hus. (https://segner.no/?sid=222).

John Andreas Savio. Foto: Saviomuseet/Digitalt Museum

I Norsk Folkeminnesamling finst følgjande historie, frå samlaren Torkell Mauland. Dette skal ha funne stad i Vindafjord: 

I gamle dagar var det fullt av skrubb (=ulv) i Skjold og bygdene derikring. Han heldt seg helst i fjella; men rett som det var, gjorde han ferder ned på bøane. Det var til stor skade for folk. Så tenkte dei å gjera ein freistnad og jaga skrubben av. Folk samla seg i store flokkar og sette etter skrubben alt inn til Sandeid. Dei remja og skreik, gøydde og huja så det var fælt å høyra, og stygt måtte det vel låta når dei skulle skremma skrubben. alle var med, og dei fór i slik ein fart at dei nesten ikkje visste kvar dei var. Ein mann frå Vikadal kom rennande og såg seg så lite føre at han rende bort i eit tre og miste det eine auga. Ikkje rettare enn eg veit, fekk dei skremma skrubben, så han ikkje våga seg over Sandeid etter den dag. (https://segner.no/?sid=815 

Foto: Jan Ove Gjershaug.

Ulven kunne vere farleg for folk og fe, men nokre gonger kunne skilnaden mellom ulv og menneske forsvinne. Då oppsto varulven. I dette segnet frå Tresfjord samla inn av Olav Rekdal, som finst ved Norsk Folkeminnesamling, handlar det om å balansere det vonde og det gode i mennesket gjennom å gjere minst mogleg skade: 

Han Gråbein-Arne tente mange år i Tresfjorden hos Ola Hoem. Sidan skulle han flytte til Fræna. Dei visste ikkje kvar han var ifrå. Men det gjekk fullt og fast det ordet at han var ein varulv – at det hadde vore trolla på han slik at han til sine tider blei omskapt til ulv. Og då kunne han vere farleg både for folk og krøter. 
Ein dag han Arne og tenesttausa var i lag på slåtte-teigen, kjende han at trollskapen heldt på kome over seg. Og så varskudde han tausa at ho måtte røme opp i eit tre. Og ho var ikkje før komen opp i treet, før han Arne kasta ljåen og kleda og smatt inn i ein ulveham, og tok til å yle som ein ulv og strauk til skogs. Om ikkje så lenge kom han att, i menneskeskapnad, tok på seg kleda og gav seg til å slå att. Men det var på høg tid ho kom seg opp i treet, sa han til tausa – for når han fekk ulvetimane sine, kunne han ikkje berge seg for å rive sundt alt levande han kunne nå i, sa han. Etter slike ulvetimar var han bleik og slapp, så det tok nok hardt på han. Men elles var han medgjerleg og snill. (https://segner.no/?sid=1936 og https://frigg.isof.se/static/js-apps/sagenkarta-norsk/#/record/nfs335/search/ulv/search_field/record)    

Andre segn om såkalla hamløping (varulvar) finst her frå Hallingdal og her frå Sør-Trøndelag. Som folkloristen Stein R. Mathisen (1992) har peika på, kan førestillingane om varulvar seie noko om at ulven har blitt tillagt menneskelege eigenskapar, og så seint som på 1800-talet kunne ulvar bli hengt i galgen, ei skjebne elles gitt tjuvar og mordarar av menneskeart. 

Som også Mathisen har gjort, har litteraturvitaren og økofilosofen Endre Harvold Kvangraven  (2021) lagt vekt på nett ulven si tyding som symbol på noko farleg, som skremsel og som noko ein må passe seg for, utan at dette nødvendigvis har hatt samband med den aktuelle trusselen som ulven utgjer til ein kvar tid. Vidare har også ulven fått symbolverdi som nøkkelart som seier noko om naturen og det som er i ferd med å forsvinne. Slik har konfliktar rundt og haldningar til ulven, utspring mellom anna i idear om by og land, om trugslar utanfrå, forhold for visse næringar og naturmangfald. 

Det er lite bananar å spore i dei internasjonale og dei nasjonale eventyra og segna om ulvar, og i kva grad ulvar hadde hatt godt av å ete meir frukt, vel – sannsynlegvis ikkje. Ei tydeleg haldning til korvidt Noreg skal ha ulvar i naturen eller ikkje, kjem heller ikkje fram frå dei to mennene med svarte dressar og gule, ulveaktige masker. Men melodien til Subwoolfer klistrar seg til øyrene, og eit og anna dansesteg er det mange som har lært seg i forkant av den internasjonale Eurovision-finalen i mai 2022. Ofte følgjer det med ein moral med eventyra og segnene. Moralen her kan vere: Spis banan, syng ein sang, og ver snille med kvarandre! 

Sjå meir: 

Artsdatabanken. https://www.artsdatabanken.no/Pages/180935/Ulv.   

Olav Bø (1981). Guten som snudde på halvskillingen. Eventyr frå Hedmark og Oppland. Oslo: Det Norske Samlaget. 

Det norsk sagnkartet. https://frigg.isof.se/static/js-apps/sagenkarta-norsk/#/places  

Kvangraven, Endre Harvold (2021). Ulv i det norske kulturlandskapet. Oslo: Res Publica. 

Stein R. Mathisen (1992). Natur og ulv på Finnskogen. Miljø-diskurs og tolkning av kulturelle symboler. Nord Nytt (46). s. 15-23.  

NRK. https://tv.nrk.no/program/fbua61001682/med-grimm-og-gru 

Segner på Vestlandet. https://segner.no/ 

Subwoolfer. https://www.facebook.com/Subwoolfer  

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.