Av: Line Grønstad
Eit enkelt spørsmål, men ikkje alltid så lett å svare på! Stader, plassar, geografiske koordinatar, adresser, områder… Korleis skal vi knytte dokumenta vi skannar i SAMLA til relevante plassar, og kva er eigentleg ein relevant plass?
Spørsmålet om stad er viktig i SAMLA. Det er eigentleg snakk om ei rekke spørsmål. Eit av dei enklare spørsmåla handlar om kor dokumentet er fysisk i dag. Ofte er svaret Etno-folkloristisk arkiv på Høyden i Bergen, Norsk etnologisk gransking på Bygdøy i Oslo, eller Norsk Folkeminnesamling ved Blindern i Oslo. Nokre gonger er dokumentet kopi eller avskrift av dokument som også finst ved eit av dei andre institusjonane i SAMLA eller frå andre institusjonar som Instituttet for sammenlignende kulturforsking, som i dag finst ved Riksarkivet. I så fall er det gjerne unødvendig å digitalisere dette fleire gonger. Men nokre gonger kan originalen ha forsvunne, og då blir kopien viktig å ta vare på!
Eit anna spørsmål handlar om kva som kan og bør stadfestast. Det kan ofte skilje seg ut mellom ulike dokumenttypar. Eit fotografi er tatt ein stad, framkalla ein annan plass, kanskje gitt ut i ei bok som er publisert ein tredje stad. Det har høyrt til nokon si samling som har budd ein eller fleire plassar, og dersom det er personar avbilda har desse individa gjerne tilknyting til fleire plassar.
Eit segn, eventyr, eller ein ballade er nedteikna ein plass, tatt vare på ein eller helst fleire andre stader, og kan handle om eit konkret område. Brev har avsendarar og mottakarar, og er sendt frå ein plass til ein annan, og avsendaren kan omtale hendingar som ikkje har med avsendar- eller mottakarstaden å gjere. Meddelarar/informantar har svara på spørjelister der dei viser til kommune og fylket dei bur i, lenge til og med gards- og bruksnummeret. Men forteljingane dei deler og erfaringane dei har fått gjennom livet, kan vere frå heilt andre kommunar, fylker og gards- og bruksnummer, for ikkje å snakke om andre land, og same person kan godt fortelje om hendingar som kan knytast til fleire stader i same spørjelistesvar. Og slik kan vi gå gjennom alle dokumenttypane i samlingane.
For å legge til enno eit nivå av kompleksitet så kan stadnamna variere. Det kan handle om ulike måtar å skrive same namnet på, både formelle og uformelle skrivemåtar kan vere representert, og namna kan endrast over tid. Det kan handle om at same stad heilt endrar namn – dømer på dette er kommunenamn og fylkesnamn som endrast (og nokre gonger endrast tilbake). Vidare kan stadnamn vere knytt til små geografiske områder som ei bygd eller ein enkelt bygning som ei kyrkje, eller større område som ein region eller eit fjellområde.
Nokre av namna kan plasserast på eit kart, medan andre ikkje kan stadfestast (bokstaveleg tala) på same måten. Wittenbergskolen som nokre gonger blir referert til, høyrer til byen Wittenberg i Tyskland, men viser gjerne til at nokon skal ha lært seg svartekunster.
Kanskje innhaldet i forteljinga føregjekk «langt vekke» eller «inni skogen». Espen Oskeladd gjekk gjerne «langt og lenger enn langt». Det er ikkje alltid slike plassar er dei viktigaste å inkludere når vi registrerer metadata for dei digitaliserte filene. Men bortsett frå det, prøver vi å få med det meste.