Monthly Archives: desember 2021

Eldre, svartkvit bilde med liggande tretønne og trebøtte.

Øl til jul

Av Lars Smaaberg, Angun Sønnesyn Olsen og Mari Ringnes Gløtberget

“’Tomas mæ bytto’. 21de December. Daa skulde bryggjevatnet krua” heiter det frå Hålandsdalen. (EFA Hannaas 63.13). 21. desember er frå katolsk tid kalla Tomasmesse, til minne om apostelen Tomas som leid martyrdøden i år 68 eller 69. Men, dagen har blitt knytt til bryggjing til jol, og har fått namn som Tomas Brygger, Tomas med bytto og Tomas fulltønne rundt om i landet. I Christen Jenssöns samling av ord frå Sunnfjord frå 1669, bearbeidd og utgitt av Torleiv Hannaas i 1915, finn ein ei skisse av ein primstav. Her er dagen markert med ei tønne, og ber teksten: «Den 9 dag der effter [St. Luci] kommer Tommis med bøtten oc gifver malt vatn til Juel» (Jenssøn 1915). 

Joleølet har vore ein viktig del av feiringa av og førebuingane til jol på dei norske gardane, og det er mange tradisjonar knytt til korleis det skulle bryggjast og kva ein måtte gjere for å sikre at ølet vart godt. At ein bryggja godt øl var og viktig fordi ein skulle dele med familie og naboar.   

Å sikre at ølet blir godt 

Mange truer var til rundt om i landet for å sikre dette. Til dømes måtte kvinnene somme stader halda seg vekke:  

«Kvinnene maa ikkje koma inn i bryggjeromet før ein har fengje rósten paa lós. Ólet skal verta mykje betre om det ikkje kjem kvinnfolk inn fyrr dei for smaka «sódt» (Sótól). Kjem dei inn fyrr er det eit daarleg merkje». 

Eller ein måtte stå opp tidleg, samt sage av tappane frå øltønna: 

«Naar ein bryggjar skal ein vera tidleg uppe, so ein for kjelane paa kok fyrr ein smakar mat. Ólet skal verta best daa».   

«Til jol skulde dei alltid saga tapparne or i dei óltunnor som dei ikkje tok av, fordi at ikkje noko slags “utyskje” skulde faa hóve til aa renna ólet ned».  

Desse tre sitata er frå Lavik i Sogn, ved Sørestrand (EFA Hannaas 61 s. 23). Ein måte å gjera ølet godt på i Vestre Slidre i Valdres, var å ause riktig: «Ølet vart surt um ein auste ølet «aggelhendis» (bakhendis)».  

Vern mot vonde vetter og anna far 

I tillegg til å ha ei tønne, hadde primstaven gjerne ein kross som merkje på denne dagen også, eit symbol som er sterkt knytt til overtru også i jola. Her frå Vestre Slidre i Valdres: 

«Vonde vetter kunne gjera skade ved ølbryggjing. Ved jól var dei vonde makter mest i farten og jóleølet var soleis mykje utsatt. Paa øltynna var det skore krøss. I bryggjehølk og røstebytte la dei øldertrøn i krøss. Naar dei «maiska paa» var det bra og røre med glodraude jarnstengar». 

«Naar ein meskar skal det helst ikkje vera nokon aa sjaa paa» sa ein i Lavik.  

Noko liknande heiter det frå Jølster i Sunnfjord, å sette stål. Der la dei også med Bibelen for å verne om ølet: 

«I gamle dagar når dei bryggja laut dei jamt setja stål i røstene. Då sette dei 2 kniva i røstene og so laut dei leggje bok med Guss-ord i attmed. Dei måtte inkje blåse i varmen elde svie seg i håret. Då vart det ovenskap av øle i lagja. Hellest va da no ikkje godt øl tykte dei, darso dar inke va nokon so slost i lagje. Når nokon kom heim frå lag va da (is at dei so sat heime sa: “Velkomen atte el go dagå! Var der mange so slost?” Svarte dei nei, so var da altid: “Dårleg øl då”». (NFS Sandnes 2) 

Liknande heiter det frå Lavik «Når ein fær smaka ‘sódt’ skal ein ikkje laate vel og ikkje takka, fordi at daa vil ólet verta kraftlaust» (EFA Hannaas 61). 

Svartkvit foto av utstyr til brygging av øl merka med tal skriven med blott, 1-4.
Tekst: «1. Vørterkar 2. Øltunne 3. Øltreft. Den brukre dei når ølet skulle på Tønna 4. Lagga brendevinsdunke.» Fra N. Søberg i Heradsbygda. Nå på Glåmdalsmuseet. 

Å sette ut ølet 

«Når man hadde brygget øl på en gard, måtte det settes ut en bolle øl til huldrene. Innholdet forsvandt bestandig. På en gård hendte det en gang at det lå sølvknapper som vederlag i bollen. Under ølbryggingen var det heldig å kaste en del av det beste vørteret til alle fire hjørner. Det blev ofte praktisert. Av skummet over ølet kunde en få vite adskillig. Men det var en vanskelig kunst å se rett, meget vanskeligere enn t. d. å spå i kaffegrud, noe som mange befattet sig med». 

Å brygge øl til jol har tradisjonar heilt tilbake til førkristen tid i Noreg. Skikkane som er skildra over er eit utdrag frå “Folkeminne frå Ryfylke; Aardal”, samla av Tor Skiftun. Å sette ut ølet til huldra, vetter, nisser eller goebonden m.fl. har også vore ein ganske vanleg skikk rundt om i landet. Frå Vestre Slidre i Valdres vert det til dømes fortald at ein gjerne slo ut litt av jóleølet til ‘tøltebonda’. Tøltebonden forestiller her ein attergangar av den fyrste bonden som dreiv garden. I dette tilfellet slo dei det ut i veggen: 

«Joleølet maatte bryggjast slik at det kunne «skakast» Imbereftan siste laurdagen før jól. Det er ikkje meir enn umlag 75 aar sidan Jørend Egge ofra øl til tøltebonden. Det heitte um han: 

Gjere du tøltebonda imot:
so faar du snart ein klene fot,
men gjere du tøltebonda te lags,
so faar du lykke te alleslags». 

Vintersolkvervdagen og Mongsmesse (13. desember) 

Dagane mellom 9. og 21. desember har mange stader vorte kalla ‘bryggjardøgra’, dei dagane ein brygga til jol. Det var likevel ein særskild dag av desse ein ikkje skulle bryggje: «Vintersolkvervdagen maatte ingen gjera arbeid som gjekk rundt, og heller lkkje bryggje. Gjorde ein det vart ølet skjemt og tynnejulid’n sprang av øltynna» heitte det i Valdres. 

Likeins, i eit brev frå Olav Midtbø til Magnus Olsen i Norsk Folkeminnesamling, referer Midtbø til Henri Delgobe som i 1919 skriv i Maal og Minne om “Tallak med lagabøtto”. Vidare skriv Midtbø; “Dette staar sikkert nok i forbindelse med ølbryggingen til jul. “Lagelog” kaldte man den log man man slog over maltet i rosten og laget vyrkje av. (…) “Mongsmess” 13 Dec (Luciemesse) maatte ingen brygge, for da matte ingen ting gaa rundt”. (NFS Varia 23 nr. 142) 

Joledagsmorgon 

«Før lenge sidan var det mykje truer og skikkar med malt og øl. – Jóledagsmorgon fekk husdyre paaskesalt blanda med malt og lite øl vart blanda 1 drykken. Alt som var av «grøn» (korn) var raad mot usynlege og vonde makter. Det heitte: «Jólemalt og paaskesalt var godt for alt’». 

«Jolemorgonen naar dei gjekk aat fjøset og skulde ambætta, maatte dei ha eit staup med ól aat storúksen (…) Storúksen skulde staa seg mot granen (?) og bjørnen, dersom han fekk ól jolemorgonen». 

Og heil til sist, eit «Vers om øl frå hestemarknaden på Lindsheim i Skjaak: 

Stryningen bryggja so godt eit øl,
for ned over magen som eit merraføl,
upp i hovudet som ein humledott,
ut att um røve som eit børseskot». 

Kjelder: 

EFA Hannaas 61 s. 22- 23, Etno-Folkloristisk Arkiv, Universitetet i Bergen
EFA Hannaas 63. s. 13, Etno-Folkloristisk Arkiv, Universitetet i Bergen
NEG 7738 (Materiale frå Vestre Slidre) Norsk etnologisk gransking, Norsk Folkemuseum
NFS Sandnes 2. Norsk Folkeminnesamling, Universitetet i Oslo
NFS Skiftun 5, s. 51. Norsk Folkeminnesamling, Universitetet i Oslo
NFS Varia 23 nr. 142. Norsk Folkeminnesamling, Universitetet i Oslo